Tilkallingsvikarar

Arbeidsgiver
Brattvåg barneskule, Haram kommune
Stillingstittel
Tilkallingsvikarar
Frist
20.06.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Vi søker tilkallingsvikarar både som lærar og assistent i skule og SFO skuleåret 2024/2025. Gjeld både fulltid og delar av veke. Skriv i søknaden kva som er aktuelt.

Brattvåg barneskule er ein 1-7 skule som ligg sentralt plassert i Brattvåg med fjell og sjø i nærleiken. Vi har 214 elevar frå mange ulike nasjonalitetar.
Skulen har innført leik og læring for dei minste trinna for å auke den sosiale tryggleiken samt gjere overgangen mellom barnehage og skule mindre. Vi har også uteskule for alle trinna ein dag i veka for å gjennomføre ei annleis undervisning. Skulen har eit godt og tverrfagleg samarbeid med ulike instansar i kommunen.

Skulen er sertifisert som dysleksivennleg skule sidan 2017 og vi brukar nynorsk i opplæringa. Vi har eit særleg fokus på begrepsopplæring på trinna.

I kommunalområde barnehage og skule har vi fleire kommunale barnehagar og skular. Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønsker å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Bli med i teamet vårt og ver med å forme framtida.

I Haram kommune er gode, og heilskapelege tenester i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenestene, for å saman skape robuste tilbod for innbyggarar og næringsliv."

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning (lærarstilling).
  • Gje omsorg og vere ein trygg vaksenperson for kvart enkelt barn.
  • Gje barn positiv oppfølging og støtte.
  • Bidra i daglege aktivitetar og vere til stades for barna i kvardagen.
  • Bidra til tett og godt samarbeid mellom skule og heim.
  • Følge opp enkeltelevar etter behov, både fagleg og sosialt.

Kvalifikasjonar

  • Undervisningskompetanse og/eller relevant fagkompetanse for lærarstilling.
  • Erfaring med arbeid med barn i skule, SFO og barnehage er positivt.
  • Søkar må beherske norsk både skriftleg og munnleg.
  • God digital kompetanse.
  • Tilfredsstillande politi- og tuberkulinattest.

Personlege eigenskapar

  • Du må vere ein god rollemodell med gode omsorgsevner og med fokus på det enkelte barn.
  • Ha god relasjonskompetanse.
  • Kunne arbeide både sjølvstendig og saman med andre.
  • Vi søker deg som er oppteken av gode løysingar, har gode samarbeidsevner, og som trivst i ein aktiv kvardag med både inne- og uteaktivitetar.

Vi tilbyr

  • Ein variert arbeidskvardag som du kan vere med å forme.
  • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar som er opptatt av å saman skape eit trygt og godt skulemiljø.
  • Løn i samsvar med gjeldande tariffavtalar.
  • God pensjonsordning

Kontaktinformasjon

Unni N Krogsæter, Verksemdsleiar/Rektor, 97560016, Unni.Neras.Krogsaeter@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Skulesvingen 4

6270 Brattvåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune


Referansenr.: 4942241312

Stillingsprosent: 0%

Vikar

Startdato: 24.03.2025

Sluttdato: 03.07.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Skulesvingen 4, 6270 Brattvåg
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
400050643
Sist endret
28. mars 2025 09:20