Pedagog mellombels 100%

Arbeidsgiver
Modalen kommune
Stillingstittel
Pedagog mellombels 100%
Frist
22.04.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Om stillinga og arbeidsstaden

Mo skule søkjer pedagog i 100% mellombels stilling frå 01.08.2025 - 31.12.2025.
Eventuelt andre stillingar som vil verta ledige i løpet av våren.

Mo skule ligg i naturflotte område like ved Mo sentrum. Mo skule er ein 1.-10.-skule med ca 50 elevar.


Arbeidsoppgåver og ansvar
  • Undervisning av elevar i grunnskulen
  • Mogleg kontaktlærar 
  • Bidra til å utvikle borna sin trivsel, tryggleik, læring og meistring
  • Vere ein aktiv bidragsytar i skulen sitt faglege miljø.
  • Ynskje om undervisningskompetanse på ungdomssteg i faga matematikk og naturfag. Andre fag kan verta vurdert.

Kvalifikasjonskrav
  • Du må ha fullført pedagogisk utdanning
  • Du må ha grunnleggjande kompetanse og interesse for digitale hjelpemiddel
  • Du må kunne bidra aktivt i arbeidet med å planleggje, gjennomføre og evaluere arbeidet ditt i tråd med krav/forventningar for tilsette i Modalen kommune.

Det må leverast tilfredsstillande politiattest innan du tiltrer stillinga.


Våre ynskje om deg
  • Du ser på skule som ein læringsarena der elevane er i fokus
  • Du trivst i eit hektisk miljø der mykje skjer samstundes. Det inneber at du har evne til å handtere press gjennom å utvise tolmod, vere strukturert, framsynt og initiativrik
  • Du liker å vere i utvikling. Det inneber at du aktivt søkjer forståing for arbeidet du skal utføre og at du evner å reflektere over eigen praksis
  • Du set grenser og er ein tydeleg vaksen. Det inneber at du baserer din veremåte på fagleg grunnlag og er tydeleg
  • Du er kreativ, løysingsorientert og fleksibel. Det tyder at du aktivt nyttar handlingsrommet som skulen skal operere innanfor
  • Du er leiken og byr på deg sjølv. Det tyder at du på eige initiativ engasjerer deg i arbeidet med barna

Me tilbyr
  • Opplæring/gode kompetansehevingstilbod
  • Tilsetting og løn etter gjeldande avtaleverk
  • Motiverte og engasjerte kollegaer som er opptekne av fag og utvikling
  • God pensjonsordning.

Sektor
Offentlig
Sted
Mo 50, 5729 Modalen
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
400094221
Sist endret
31. mars 2025 05:51