Tannhelsesekretær

Arbeidsgiver
IDI - Vest Tannhelseområde, Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Tannhelsesekretær
Frist
11.04.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Vest Tannhelseområde har ledig eit vikariat i 100% stilling som tannhelsesekretær frå 01.06.2025 tom. 05.02.2026. Stillinga er delt med 60% stilling ved Åsane tannklinikk og 40% ved Hesthaugen tannklinikk.

Åsane tannklinikk har til saman 15 tilsette: 5 tannlegar, 3 tannpleiarar og 7 tannhelsesekretærar. Klinikken er lokalisert på Åsane vidaregåande skule, som ligg sentralt i bydelen (mellom Åsane senter og Horisont).    
Hesthaugen tannklinikk har til saman 17 tilsette: 7 tannlegar, 3 tannpleiarar og  7 tannhelsesekretærar. Hesthaugen tannklinikk har adresse Åsamyrane 88A og er lokalisert i 2. etg. over Specsavers ikke langt fra Åsane terminal.


Arbeidsoppgåver

-          Klinisk assistanse ved tannbehandling
-          Røntgentaking
-          Oppdekking, etterfylling av instrument og materialer
-          Reinhald, sterilisering, vedlikehald av utstyr
-          Kjenne til og etterleve gjeldande rutinar i smittevern i klinisk odontologisk praksis
-          Ulike administrative oppgåver knytta til pasientbehandling og drift på klinikken
-          Bidra i arbeidet med å innfri tannhelsetenesta sitt samfunnsoppdrag og nå målsetnadane til Vestland tannhelseteneste
-          Delta i HMS-arbeid og kvalitetsutvikling samt andre felles oppgåver for drift av klinikken
 
Andre oppgåver kan leggast til stillinga

Kvalifikasjonar

-          Søkjar må ha norsk autorisasjon som tannhelsesekretær
-          Søkjar må beherske norsk skriftleg og munnleg
-          Den som skal tilsetjast i tannhelsetenesta må leggje fram politiattest
-          Det er ønskjeleg med tidligare klinisk erfaring, gjerne frå offentleg tannhelseteneste
-          Det er ønskjeleg med erfaring i bruk av Opus

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som:
-          Har evne til å jobbe sjølvstendig og til å ta initiativ
-          Er samvitsfull og har god gjennomføringsevne
-          Er positiv og serviceinnstilt
-          Har gode kommunikasjonsevner
-          Har gode samarbeidsevner
-          Jobbar systematisk og strukturert
-          Bidreg til eit godt arbeidsmiljø på klinikken
-          Ynskjer å være med på å utvikle Vestland tannhelseteneste
 
Det vert vektlagt at søkar er personleg eigna til stillinga.

Vi tilbyr

-          Ei spanande og variert stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
-          Løn etter gjeldande tariff
-          Fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode offentlege forsikrings- og pensjonsordningar

Kontaktinformasjon

Brit Helvik Roll, klinikkleiar Hesthaugen tannklinikk, 99102064

Martine Aksnes-Aarlie, klinikkleiar Åsane tannklinikk, 93605917

Agnete Norheim Kaldestad, områdeleiar tannhelse, 41644936

Arbeidsstad

Åsamyrane 88A

5116 Ulset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune


Referansenr.: 4945432506

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Søknadsfrist: 11.04.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Åsamyrane 88A, 5116 Ulset
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Tannhelse, Annet
FINN-kode
400095228
Sist endret
31. mars 2025 05:52