
Fagutvikling søker
- Arbeidsgiver
- Sunnfjord kommune Fagutvikling
- Stillingstittel
- Barnekoordinator
- Frist
- 13.04.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Ivrar du for at barn og unge med samansette behov skal oppleve å få heilskaplege og koordinerte tenester? Då er dette stillinga for deg!
Sunnfjord kommune har ledig fast 100 % stilling frå snarast som barnekoordinator.
I denne jobben skal du bidra til å sikre naudsynt oppfølging og samordning av tenestetilbodet til familiar med barn med alvorleg sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne.
Stillinga er lagt til stabseining for Fagutvikling, og vil vere ein del av eit tverrfagleg team i eininga som jobbar med heilskaplege tenester mot born og unge.
Arbeidsoppgåver:- Koordinere det samla tenestetilbodet for enkeltfamiliar.
- Gje informasjon og rettleiing til familiar med barn med behov for langvarig og koordinerte tenester.
- Arbeid på systemnivå med rettleiing og opplæring av koordinatorar, delta i og følgje opp saker i koordinerande team og tverrfaglege møtefora.
- Systemansvarleg for Visma Flyt Samspel.
- Bidra til at kommunen greier å gje gode og tilpassa heilskaplege tenester til born og unge.
- Bachelor i sosialt arbeid (sosionom) eller barnevernpedagog
- Søkarar med anna relevant høgskuleutdanning innan helse og sosial kan også bli vurdert.
- Tverrfagleg vidareutdanning innan born og unge vil vere ein føremon.
- God kjennskap til kommunale tenester og spesialisthelseteneste knytt til born og unge.
- Lang og brei erfaring i arbeid med born og unge.
- Erfaring frå koordinatorarbeid og individuell plan.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- Engasjement for å bidra til at born, unge og deira familiar får heilskaplege og koordinerte tenester.
- Heilskapleg tilnærming til arbeidet med born og unge og god vurderingsevne.
- God relasjons-, samarbeids- og kommunikasjonsdugleik.
- Evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert, samtidig som du må trivast med å jobbe i eit tverrfagleg miljø.
- Evne til å motivere, skape engasjement og tillit.
- Stor arbeidskapasitet.
- Varierte og utfordrande oppgåver i eit spanande og utviklande arbeidsmiljø
- Godt fagleg samarbeid
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter avtale
Velkomen som søkar!
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Hafstadvegen 42, 6800 Førde
- Stillingsfunksjon
- Omsorg og sosialt arbeid, Barnevernspedagog, Sosionom
- FINN-kode
- 400099571
- Sist endret
- 31. mars 2025 06:08
Mer som dette

