Undervisningsstilling yrkessjåfør

Arbeidsgiver
SOG - SOGNDAL VGS, Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Undervisningsstilling yrkessjåfør
Frist
22.04.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Sogndal vidaregåande skule er ein stor skule i Vestland med omlag 750 elevar og 130 tilsette. Skulen har for tida 38 klasser fordelt på utdanningsprogramma bygg- og anleggsteknikk, elektrofag, idrettsfag, helse- og oppvekstfag, studiespesialisering, sal, service- og reiseliv, restaurant- og matfag og teknologi- og industrifag. Vi har også landslinje for yrkessjåførar, vaksenopplæring og ansvar for fengselsundervisning. Lokala våre er nye og moderne og vi held til på Fosshaugane Campus. Vi har godt arbeidsmiljø for dei tilsette og vi legg vekt på å ha gode læringsmiljø for elevane.

Meir informasjon om skulen får du på heimesida www.sogndal.vgs.no

Frå 01.08.25 har skulen ledig 100 prosent fast stilling som trafikklærar for tunge køyretøy innan programområdet teknologi og industrifag. Hovuddelen av undervisninga vil vere på vg3 nivå ved nitten vekers kurset for yrkessjåfør. Det kan også vere aktuelt å undervise i andre programfag innan teknologi- og industrifag og bygg og anleggsteknikk.


Arbeidsoppgåver

 


Undervisning og elevoppfølging innan vg3 yrkessjåførutdanning og/eller vg2 transport og logistikk
Planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning
Delta og bidra i skulens pedagogiske utviklingsarbeid i samsvar med fagfornyinga     

Kvalifikasjonar

Godkjenning som trafikklærar eller yrkesfaglærer for tunge køyretøy klasse CE og DE
Relevant arbeidspraksis frå fagområdet
Gode ferdigheiter i bruk av digitale verktøy
Førarbevis og/eller instruktørkompetanse innan truck og/eller lastebilkran er ynskjeleg

 

Trafikklærar for klasse B med minimum 3 års erfaring frå tungbil er også velkomne til å søke. Ved tilsetting kan det då bli gitt stipend for å ta seks månadar med vidareutdanning som trafikklærar klasse CE og DE.

Personlege eigenskapar

Du må vere positiv og like å jobbe med ungdom
Du må vere strukturert, samtidig som du kan jobbe i eit hektisk og nyskapande miljø
Du må vere sjølvstendig, samtidig som du er god på relasjonar og samarbeid
Utviklings og løysingsorientert
Romsleg, raus og fleksibel
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing

Vi tilbyr

Eit aktivt og stimulerande fagmiljø
-          Nært samarbeid med kollegaer
-          Ordna lønns- og arbeidsforhold
-          Gode pensjonsvilkår i Statens pensjonskasse
-          Fylkeskommunale tilsetjingsvilkår

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren blir offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på den offentlege søkjarlista. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Nærare opplysningar om stillingane får du ved å kontakte assisterande rektor Henry Helle.

Kontaktinformasjon

Henry Arne Helle, ass. rektor, 90849591

Jorunn Felde, rektor                        , 95191964

Arbeidsstad

Lunnamyri 2

6856 Sogndal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune


Referansenr.: 4947038246

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 22.04.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Lunnamyri 2, 6856 Sogndal
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
400590085
Sist endret
31. mars 2025 07:07