Undervisningsstilling bygg- og anleggsteknikk
- Arbeidsgiver
- STO - STORD VGS, Vestland fylkeskommune
- Stillingstittel
- Undervisningsstilling bygg- og anleggsteknikk
- Frist
- 25.04.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Stord vgs. er ein framtidsretta og mangfaldig regionskule med breitt fagtilbod. Me tilbyr ei rekkje yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram, opplæring for vaksne, innføringstilbod, og me er i tillegg knutepunktskule for individuelt tilrettelagt opplæring. Stord vidaregåande skule ligg flott plassert midt i sentrum av Leirvik, med eitt skulebygg på Saghaugen og eit heilt nytt og moderne skulebygg på Vabakkjen. Skulen har lange tradisjonar for tett og godt samarbeid med næringslivet og bidreg med dette til å utvikla regionen.
Stord vgs. er skulen som førebur deg for framtida – FRAMTIDA LIGG OPEN
Skulen har ledig ei 100 % fast stilling innan bygg- og anleggsteknikk. Me søkjer deg som har interesse for fagområdet, gjerne med bakgrunn frå opplæring av andre. Me ser etter deg som kan vera ein tydeleg vaksen og god rollemodell for ungdom.
Arbeidsoppgåver
- Planleggja, gjennomføra og evaluera undervisning
- Samarbeida med andre på skulen
- Kontakt og samarbeid med næringsliv i regionen
Kvalifikasjonar
- Me søkjer deg som har bakgrunn frå bygg- og anleggsteknikk, gjerne erfaring med opplæring av andre.
- Fagbrev/sveinebrev i det aktuelle faget, samt 4 års yrkespraksis etter fullført utdanning
- Alle undervisningsstillingar krev relevant fagleg og praktisk utdanning. Fylkeskommunen legg til rette for å ta yrkesteori og pedagogikk i stillinga. Søkjarar som ikkje oppfyller krava, kan tilsetjast på vilkår.
- Den som vert tilsett i Vestland fylkeskommune må leggja fram godkjent politiattest.
- Alle nytilsette i Vestland fylkeskommune får ei prøvetid på 6 månader
Personlege eigenskapar
- Har gode evner til å kommunisera, rettleia og motivera
- Kan arbeida både sjølvstendig og saman med andre
- Likar å omgåast ungdom
- Er systematisk og nøyaktig
Vi tilbyr
- Lønn og lønnsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønnspolitikk
- Gode pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Engasjert fag- og arbeidsmiljø
- Spennande arbeid i samspel med elevar, føresatte og kollegaer
Kontaktinformasjon
Dan Harald Torbjørnsen, avdelingsleiar, 47010239Arbeidsstad
Saghaugen 35411 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4942092894
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2025
Søknadsfrist: 25.04.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Saghaugen 3, 5411 Stord
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk
- FINN-kode
- 400592743
- Sist endret
- 31. mars 2025 08:07