Undervisningsstilling Elektrofag - fast

Arbeidsgiver
STO - STORD VGS, Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Undervisningsstilling Elektrofag - fast
Frist
25.04.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Stord vgs. er ein framtidsretta og mangfaldig regionskule med breitt fagtilbod. Me tilbyr ei rekkje yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram, opplæring for vaksne, innføringstilbod, og me er i tillegg knutepunktskule for individuelt tilrettelagt opplæring. Stord vidaregåande skule ligg flott plassert midt i sentrum av Leirvik, med eitt skulebygg på Saghaugen og eit heilt nytt og moderne skulebygg på Vabakkjen. Skulen har lange tradisjonar for tett og godt samarbeid med næringslivet og bidreg med dette til å utvikla regionen.

Stord vgs. er skulen som førebur deg for framtida – FRAMTIDA LIGG OPEN

Skulen har ledig inntil to 100 % faste stillingar innan Elektro og datateknologi. Me søkjer deg som har relevant kompetanse innan elektro eller automasjonsfag og som er nyfiken på ny teknologi.


Arbeidsoppgåver

  • Planleggja, gjennomføra og evaluera undervisning
  • Oppfølging, rettleiing og vurdering av elevar i praksis
  • Samarbeida med andre på skulen
  • Samarbeid med næringsliv og opplæringskontor om formidling av læreplass til elevane
  • Halde seg orientert om utvikling i bransjen og i fag- og yrkesopplæringa

Kvalifikasjonar

  • Me søkjer deg som har bakgrunn frå elektrofag og eventuelt automasjonsfag, gjerne erfaring med opplæring av andre
  • Fagbrev/sveinebrev i det aktuelle faget, samt 4 års yrkespraksis etter fullført utdanning 

Alle undervisningsstillingar krev relevant fagleg og praktisk utdanning. Fylkeskommunen legg til rette for å ta yrkesteori og pedagogikk i stillinga. Søkjarar som ikkje oppfyller krava, kan tilsetjast på vilkår. Den som vert tilsett i Vestland fylkeskommune må leggja fram godkjent politiattest. 

Personlege eigenskapar

  • Har gode evner til å kommunisera, rettleia og motivera
  • Kan arbeida både sjølvstendig og saman med andre
  • Likar å omgåast ungdom
  • Er systematisk og nøyaktig

Vi tilbyr

  • Lønn og lønnsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønnspolitikk
  • Gode pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Engasjert fag- og arbeidsmiljø
  • Spennande arbeid i samspel med elevar, føresatte og kollegaer

Kontaktinformasjon

Per Inge Stensletten, avdelingsleiar, 99453450

Arbeidsstad

Saghaugen 3

5411 Stord

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune


Referansenr.: 4944760181

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 01.08.2025

Søknadsfrist: 25.04.2025

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Saghaugen 3, 5411 Stord
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
400592950
Sist endret
31. mars 2025 07:18