Ungdomsarbeidar/ ansvarleg for BUA i Vestre Slidre
- Arbeidsgiver
- Vestre Slidre kommune
- Stillingstittel
- Ungdomsarbeidar/ ansvarleg for BUA i Vestre Slidre
- Frist
- 22.04.2025
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Blir vår kollega! Vi er eit lite team som treng deg!
Vestre Slidre kommune har ledig eit 40% vikariat i avdeling Kultur, frivilligheit og inkludering frå 01.06.25 - 31.05.26.
Stillinga er fordelt med 30% barne og -ungdomsarbeid og 10 % i BUA. Du er og velkomen til å søke på éin av oppgåvene, om det passar deg betre.
2966 Slidre
Referansenr.: 4947021557
Stillingsprosent: 40%
Vikar
Startdato: 01.06.2025
Sluttdato: 31.05.2026
Søknadsfrist: 22.04.2025
Vestre Slidre kommune har ledig eit 40% vikariat i avdeling Kultur, frivilligheit og inkludering frå 01.06.25 - 31.05.26.
Stillinga er fordelt med 30% barne og -ungdomsarbeid og 10 % i BUA. Du er og velkomen til å søke på éin av oppgåvene, om det passar deg betre.
Arbeidsoppgåver
Barne- og ungdomsarbeid:
- Organisere og følgje opp aktivitetar og prosjekt i regi av ungdomsklubben vår «Løfte».
- Igangsetjar og pådrivar for aktivitetar for dei som ikkje vert famna av dei tilboda vi har, og står i fare for utanforskap.
- Vår regionale kontakt til UKM.
- Organiseringa av 4. dagsfest for unge vaksne.
- Informere om tiltak og vår nye fritidskasse, samt oppdatere i foreningsportalen.
BUA Vestre Slidre:
I BUA kan alle låne utstyr til fysisk aktivitet som sport, leik og friluftsliv. Lånet er gratis. Oppgåvene passar for deg som er driftig og engasjert, har gode datakunnskapar og kunnskap om utstyret vi har å tilby.
- Du vil bli systemansvarleg og ha ansvar for BUAs utlånssystem.
- Sørge for godt vedlikehald og god opplæring slik at alle får ei god brukaroppleving.
- Vera tilstades ved opningstid tysdagar kl 14-16 og torsdagar kl 15-17, samt ved organisering og planlegging med teamet.
Kvalifikasjonar
Du må :
- Vera ein trygg og varm omsorgsperson og god rollemodell for barn og unge, samt vise stort engasjement og glede over å arbeide med unge.
- Bidra til eit godt samarbeid med barn og unge sine føresette, samt dine kollegaer i teamet.
- Vera med å ta ansvar for kommunens heilskaplege arbeid med barn og unge sine oppvekstvilkår.
- Ha er erfaring med arbeid med barn og unge.
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Ein interessant og lærerik jobb.
- Eit godt og triveleg arbeidsmiljø.
- Løn etter tariff og elles arbeidsvilkår etter dei reglar som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
For meir informasjon; ta kontakt med tenesteleiar Torill Trøen 915 20 590.
Kontaktinformasjon
Torill Trøen, Leiar for kultur, frivilligheit og inkludering, 915 20 590Arbeidsstad
Slidrevegen 162966 Slidre
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommuneReferansenr.: 4947021557
Stillingsprosent: 40%
Vikar
Startdato: 01.06.2025
Sluttdato: 31.05.2026
Søknadsfrist: 22.04.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Slidrevegen 16, 2966 Slidre
- Stillingsfunksjon
- Annet, Undervisning og pedagogikk, Koordinering
- FINN-kode
- 400593289
- Sist endret
- 31. mars 2025 07:29
Mer som dette
