Førstekonsulent
- Arbeidsgiver
- Felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie, Møre og Romsdal po
- Stillingstittel
- Førstekonsulent
- Frist
- 20.04.2025
- Ansettelsesform
- Prosjekt
Beskrivelse
Vil du bidra i politiets viktige arbeid innan utlendingsforvaltning?
Vi har no ledig eit vikariat som førstekonsulent i Kristiansund. Vikariatet varar i 6 mnd, med moglegheit for forlenging.
Det er ønskelig med snarlig tiltreding.
Vi søkjer deg som har gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar, høg servicegrad og likar å jobbe i førstelinja med publikum. Trivast du også med å jobbe sjølvstendig, er nøyaktig og ønskjer å bidra inn i det viktige samfunnsoppdraget til politiet, vil vi gjerne høyre fra deg!
Hovedarbeidsoppgåvene vil vere publikumsbetjening og service i publikumsmottaket til utlendingsforvaltninga.
Seksjon for utlendingsforvalting er organisert som ein av fire seksjonar under Felles eining for utlending,
forvalting og sivil rettspleie (FUFSR). I seksjonen er der pr. i dag 17 tilsatte med variert bakgrunn, utdanning, erfaring og alder. Seksjonen er organisert med to oppmøtestadar – Ålesund og Kristiansund.
Den ledige stillinga har Kristiansund som oppmøtestad.
Arbeidsoppgåver
- Publikumsbetjening og service knytt til seksjon for utlendingsforvaltning
- Førstelinje ID-kontroll, person- og dokumentkontroll
- Mottak og registrering av søknader fra nettportal, og skanning av dokument
- Biometriopptak ved utstedelse av reisedokument og oppholdskort
- Kan påleggast andre oppgåver
Kvalifikasjonar
Nødvendig:
- Relevant høgare utdanning, minimum bachelorgrad. Utdanning frå utlandet må vere godkjent av Nasjonalt organ for kvalitet i
utdanning (NOKUT) eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Søknadar som ikkje har vedlagt slik godkjenning vil ikkje bli vurdert. - Relevant praksis og realkompetanse kan erstatte kravet om utdanning
- Kjennskap til offentlig forvaltning og saksbehandling
- God skriftleg og munnleg utrykk- og formidlingsevne på norsk og engelsk
- God digital kompetanse
Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.
Ønskeleg:
- Erfaring fra arbeid i publikumsmottak
- Kjennskap til fagområdet
- Kunnskap i flere språk
- Kjennskap til politiets IKT-verktøy
Personlege eigenskapar
- Serviceinnstilt
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsegenskaper
- Nøyaktig
- Sjølvstendig og ansvarsbevisst
- Motivert for arbeidsoppgåvene
Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Som medarbeidar i politiet har du høgt etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjer våre og medarbeidarplattform her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med og forme politiet for framtida
- Stillinga blir lønna som førstekonsulent, stillingskode 1408, frå kr. 495 200 til kr. 570 000 brutto per år
- For særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering bli vurdert
- Du vil bli medlem i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon. Les meir om tilsettingsgoda dine på spk.no/medlemskap-i-spk.
- Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse.
- Mogelegheit for trening i arbeidstida
- Fleksibel arbeidstid
- Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste
- Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Kontaktinformasjon
Lisbeth Fylling, Seksjonsleiar, 95930213
Arbeidsstad
Politimester Bendixens gate 90
6508 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal politidistrikt
Referansenr.: 4939516712
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 20.04.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Politimester Bendixens gate 90, 6508 Kristiansund N
- Stillingsfunksjon
- Saksbehandler, Kontor og administrasjon, Annet
- FINN-kode
- 400599608
- Sist endret
- 31. mars 2025 08:25