Barnevernkurator/kontaktperson 2 x 100% fast

Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune Barn og familie
Frist
21.04.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Eining Barn og familie er ei av 21 einingar i sektor oppvekst. Eininga er delt opp i seks avdelingar; Barnevern, PPT, Helsestasjon, avdeling for Familiestøtte, Villatoppen avlastningsbustad og Butiltak barn og unge. Eininga held til på Husnes tenestesenter. 

Omtale av stillingane 

Barneverntenesta i Kvinnherad har ledig 2 x 100% fast stilling som barnevernkurator /kontaktperson. Ei stilling er ledig for snarleg tilsetting, medan den andre stillinga er ledig frå 01.08.25. 

Barnevernstenesta er organisert i eining Barn og familie. Barnevernstenesta er i dag inndelt i fire team; undersøking, oppfølging, omsorg og tiltak. Vi har 18 tilsette og barnevernleiar. Kommunen har barnevernvaktordning, der tilsette går inn i vaktordninga. Barneverntenesta er stadig i utvikling og endring, og dersom du blir tilsett hos oss kan vi love deg ein spennande arbeidskvardag med gode moglegheiter for fagleg utvikling. Vi er ei teneste med et godt arbeidsmiljø og brei fagleg kompetanse. Barneverntenesta er utviklingsorientert og har dei siste åra starta fleire faglege prosjekt. Desse bidreg til fokus på å levere gode, faglege tenester og hjelpetiltak. Tilsette får opplæring i samtalar med barn.  

Hovudarbeidsoppgåver for stillingane:

  • Sakshandsaming etter barnevernlova  
  • Undersøking av bekymringsmeldingar  
  • Oppfølging av barn og unge og deira familiar   
  • Samarbeid med andre hjelpeinstansar  
  • Utarbeide og følgje opp planar og tiltak 
  • Journalføre og dokumentere via fagsystem  
  • Møte som partsrepresentant i barneverns- og helsenemnda, samt andre rettsinstansar  
  • Delta i barnevernvaktordning  
  • Det må påreknast noko reiseverksemd samt ettermiddag- og kveldsarbeid.  

Kvalifikasjonar 

  • 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning, men andre med 3-årig relevant høgskuleutdanning kan og søkja.
  • Ynskjeleg med erfaring frå kommunal barnevernsteneste  
  • Relevant vidareutdanning innan barnevern vert vektlagt. Dersom ein ikkje har relevant vidareutdanning må ein pårekne å ta vidareutdanning dei næraste åra, jamfør nye lovkrav. 
  • Kjennskap til verktøy og metodar i barnevernfagleg arbeid 
  • Erfaring frå arbeid med barn, unge og familiar vert vektlagt 
  • Gode norskkunnskapar 
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne 
  • God digital kompetanse 

Personlege eigenskapar 

  • Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing 
  • God samarbeidsevne, god kommunikasjon og evne å vere ein relasjonsbyggjar 
  • Trivast å arbeide med foreldre, barn og ungdom 
  • Kan handtera arbeidspress og stor arbeidsmengde 
  • Evne til å arbeide effektivt, sjølvstendig, målretta og strukturert 
  • Evne til fleksibilitet og endring 
  • Vere opptatt av å bidra til eit godt arbeidsmiljø 

Den som vert tilsett må ha sertifikat og disponere bil. Eininga har i tillegg bilar til disposisjon. 

Vi tilbyr 

  • Spennande, utfordrande arbeidsdagar der ingen dag er lik.  
  • Fagleg rettleiing individuelt og i gruppe, samt ekstern rettleiing.  
  • Eit fagmiljø med fokus på kompetanseheving og personleg utvikling.  
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.  
  • Flotte, nyoppussa lokale midt i Husnes sentrum.  
  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.  
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.  
  • Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.  
  • Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.  
  • Fleksibel arbeidstid.  

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 12-11, opplæringslova § 17-11, lov om barnehagar § 30, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4. 

 


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Sentrumsvegen 29, 5460 Husnes
Stillingsfunksjon
Omsorg og sosialt arbeid, Barnevernspedagog, Helsepersonell
FINN-kode
400613009
Sist endret
31. mars 2025 09:35