Psykisk helseteam vaksne - terapeut                  

Arbeidsgiver
 Stranda kommune
Stillingstittel
Psykisk helseteam - terapeutar
Frist
16.04.2025

Beskrivelse

Her har du ein unik sjanse til å kombinere ei aktiv fritid med ein spennande arbeidskvardag i eit at Noregs flottaste naturområde!

Har du lyst til å vere med å vidareutvikle Psykisk helseteam i vår kommune?  To av våre terapeutar i Psykisk helseteam er på flyttefot og vi lyser difor ut to 100% stillingar - ei fast 100%  stilling og ei 100% stilling vikariat som mogleg vert fast om eit år. Teamet vårt er på tilsaman 5 personar med 100% stillingar, der tre stillingar er retta inn mot vaksne og to stillingar er retta inn mot barn og unge.

Stillingane vert lagt til eining for Barn, familie og meistring som er under oppretting. I eininga ligg også helsestasjon, PPT Stranda og Fjord ,  barnevern Stranda og Fjord, psykiatri/rusomsorg, innvandrar og flyktningtenesta og Frivilligsentral. Psykisk helseteam har tett samarbeid med andre kommunale tenester som Helsetenesta og eining for Rehabilitering/Habilitering som har ansvar for ROP bustadar. 

Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot.  
Vitnemål og attestar skal leggast inn som vedlegg til søknaden. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort.  Jf. offentleglova § 25.

 

 


Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging av menneske med psykiatri/ rus/ roplidingar.
  • Tverrfagleg samarbeid innad i kommunen og opp mot helseforetak.
  • Vidareutvikle tilbodet innan rus/ psykiatri og det førebyggjande
    terapeutiske tenestetilbodet i kommunen.
  • Gruppetilbod.
  • Innandørs og utandørs aktivitetar med målgruppene. 
  • Ein må pårekne noko ukurant arbeidstid.
  • Rettleiie andre tilsette og tenester i kommunen ved behov.

Kvalifikasjonar

  • Minimum 3. årig helse-  og/ eller sosialfagleg høgskuleutdanning, psykologi eventuelt kan andre relevante utdanningar vurderast. 
  • Erfaring frå arbeid innan psykiatri/rus og anna relevant erfaring.
  • Vidareutdanning innan psykiatri og/eller rusomsorg vil verte vektlagt.
  • Aktuelle terapeutiske metodar som f.eks. kognitiv terpapi, EFT, familieterapi, gestaltterapi.
  • God datakunnskap - avdelinga nyttar systema profil og sampro.
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
  • Søkjar må beherske muntlig og skriftleg norsk.
  • Førarkort for personbil. 
     

Personlege eigenskapar

  • Du må vere påliteleg, initativrik, fleksibel, vere ein pådrivar, like å arbeide sjølvstendig og i gruppe, du er strukturert og har eit ynskje om stendig å tileigne deg ny kunnskap
  • Du har eit ynskje om å hjelpe våre brukarar til ein betre kvardag. Du er positiv , har godt humør og snur deg om på femøringen ved behov!

Vi tilbyr

  • Eit tverrfagleg fagmiljø.
  • Utfordrande og varierete arbeidsoppgåver.
  • Vidareutdanning og opplæring i ulike metodar til bruk i arbeidet.
  • Gode kollegar og samarbeidspartnerar.
  • Veiledning.
  • Konkuransedyktig lønn.

I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste
tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg
tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide
og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko
uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige
betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter

Offentleg tenestepensjon for nytilsette

 

Kontaktinformasjon

Aina Holmberg, Einingsleiar, +47 46411065

Arbeidsstad

Øyna 13

6200 Stranda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stranda kommune


Referansenr.: 4936325631

Stillingsprosent: 100%

Vikar, Fast

Startdato: 22.05.2025

Søknadsfrist: 16.04.2025

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Øyna 13, 6200 Stranda
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Sosionom
FINN-kode
400626508
Sist endret
31. mars 2025 01:07