Tilkallingsvikar

Arbeidsgiver
Kirurgisk sengepost Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Tilkallingsvikar
Frist
28.04.2025

Beskrivelse

Kirurgisk og Ortopedisk sengepost har behov for fleire dyktige tilkallingsvikarar.

Er du på jakt etter ein spennande og utfordrande arbeidsplass? Då er kirurgisk og ortopedisk sengepost noko for deg! Her får du jobbe i eit solid fagmiljø saman med hyggelege og engasjerte kollega, der vi alle har eit tydeleg fokus på å gi pasientane den beste moglege behandlinga.

Vi har hovudsakleg kirurgiske og ortopediske pasientar, men også gynekologiske pasientar. Samarbeid er nøkkelen for at pasientane skal få ei god oppleving under opphaldet på sjukehuset, og her vil du spele ei viktig rolle. Sengeposten er prega av eit høgt tempo, og her får du møte mange varierte og spennande utfordringar.
Med mange ulike diagnosetypar gir denne arbeidsplassen høve til å utvikle kompetansen din på fleire område. I tillegg kan vi tilby eit trygt og sosialt arbeidsmiljø, der samhald og humor er viktige verdiar.

Bli ein del av vårt engasjerte team, og ta del i eit arbeidsmiljø der du både kan utvikle deg fagleg og trivast som kollega.

Tilsetjing vil skje fortløpande.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane som byr på alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her. - Og her.


Arbeidsoppgåver

  • Pre- og postoperativ sjukepleie til planlagde og akutte operasjonar
  • Planlegge og utføre ulike sjukepleieprosedyrer
  • Sjukepleie til akutt og kronisk sjuke
  • Sjukepleie til palliative pasientar
  • Samhandling med kommunane

Kvalifikasjonar

  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg
  • Helsefagelig bakgrunn

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Personlege eigenskapar

  • Du er ansvarsbevisst
  • Du har fleksibel haldning til nye oppgåver eller arbeidsmåtar i ulike miljø
  • Du har evne til å halde overblikk og forstå heilheita i seksjonen
  • Du har interesse for å utvikle eigen og andre sin kompetanse
  • Du må trivast med høg aktivitet i arbeidet
  • Du har vilje, interesse og evne til samarbeid med ulike yrkesgrupper
  • Du medverkar til å oppretthalde eit godt psykososialt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Amanda Faleide, Kont. seksjonsleder, +47 45833029, amanda.faleide@helse-mr.no

Arbeidssted

Kløvertunvegen 1

6100 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF


Referansenr.: 4945962266

Stillingsprosent: 0%

Tilkalling/Timebasis

Søknadsfrist: 28.04.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Kløvertunvegen 1, 6100 Volda
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
400628612
Sist endret
31. mars 2025 01:10