Overlege palliasjon
- Arbeidsgiver
- KLINIKK FOR KREFTBEHANDLING OG REHABILITERING, Helse Møre og Romsdal HF
- Stillingstittel
- Overlege palliasjon
- Frist
- 14.04.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Har du eit brennande engasjement for palliasjon, eller kanskje ønskjer du å byggje kompetanse innan faget? Då kan denne stillinga vere noko for deg!
Palliativt team i Volda har ledig 30 % fast stilling som overlege. Stillinga kan fint tilretteleggast med annan arbeidsplass. Arbeidstid er primært dagtid måndag til fredag. Stillinga er ledig frå snarast og startdato kan avtalast.
Palliativt team er ei gruppe som gir råd og rettleiing til pasientar som har ein sjukdom ein ikkje kan bli frisk av. Vi samarbeider med fleire yrkesgrupper og har ein spesiell kompetanse innan palliasjon. Teamet består av spesialsjukepleiarar, lege og fysioterapeut. Tilbodet vårt gjeld pasientar med alle diagnosar, men det er ei hovudtyngd innan kreft og ALS.
Vi arbeider tett med andre avdelingar i sjukehuset, kommunehelsetenesta og fastlegar, og vi har ei særskilt oppgåve med å spreie kompetanse og rettleie i palliasjon. Vi har poliklinisk og ambulerande verksemd, og har to dedikerte senger i medisinsk sengepost. Palliativt team er godkjent utdanningsinstitusjon for palliasjon. Vi søkjer etter ein overlege med relevant spesialitet og med eit engasjement for palliasjon.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Arbeidsoppgåver
Som lege i palliativt team har du ansvar for å yte avansert medisinsk behandling til pasientar i palliativ fase av sin sjukdom. Vi jobbar heilheitleg og tverrfagleg i forhold til behandling og symptomlindring.
- Kliniske arbeidsoppgåver vil mellom anna omfatte polikliniske konsultasjonar, heimebesøk, vurdering av tilvisingar, tilsyn av pasientar ved ulike sjukehusavdelingar og visitt og anna arbeid knytt til pasientar i palliativ seng
- Rådgjeving til helsepersonell og rettleiing av kollegaer
- Delta i kliniske studiar
- Undervisning
- Nettverkssamarbeid
- Delta i vidareutvikling og nyskaping av tilbodet i seksjonen vår
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- God kjennskap til både kommune- og spesialisthelsetenesta. Det kan vere ein fordel om du har lang erfaring som lege
- Spesialisering innan palliasjon eller andre relevante fagområder vil vere ein fordel
- Vi legg vekt på at du er god i det kliniske arbeidet
- Du likar å undervise og veilede, du deler kunnskap med andre
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du er pasientorientert og framtidsretta
- Du har engasjement for samhandling på tvers av tenestenivå
- Du viser fagleg engasjement for arbeidet ditt
- Du er fleksibel, initiativrik og endringsvillig
- Du medverkar til godt tverrfagleg samarbeid
- Du er innovativ og nyskapande
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane som byr på alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her.
Kontaktinformasjon
Janne-Marie Håskjold, Sekjsonsleiar, Janne-Marie.W.Haskjold@helse-mr.noSiri Beate Talseth-Frilund, Klinikksjef, +47 95023070
Arbeidssted
Kløvertunvegen 16103 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4944009206
Stillingsprosent: 30%
Fast
Søknadsfrist: 14.04.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Kløvertunvegen 1, 6103 Volda
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Lege, Sykepleier
- FINN-kode
- 400641298
- Sist endret
- 31. mars 2025 01:39