Sjukepleiar
- Arbeidsgiver
- Helse- og omsorgsetaten, Eining 3 Alvehaugen bu og rehabilitering - korttid
- Stillingstittel
- Sjukepleiar
- Frist
- 22.04.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Vi har ledig 100% fast stilling for sjukepleiar i Ulstein kommune, for tida på korttidsavdelinga ved Alvehaugen bu- og rehabiliteringssenter (avdeling G).
Turnusen er todelt med arbeid på dag og kveld. Har du langvakter på helg jobbar du 4. kvar helg, med ordinær vaktlengde jobbar du 3.kvar helg.
Som sjukepleiar på korttidsavdelinga får du jobbe med ulike pasientgrupper med ulike diagnosar, aldrar og hjelpebehov. I 2024 tok avdelinga imot 170 pasientar frå heimebasert omsorg og sjukehus for både KAD-opphald, langtids- og korttidsopphald. Vi ser etter deg som trivast med ein variert arbeidskvardag med mange ulike arbeidsoppgåver.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiefaglege oppgåver og andre oppgåver som høyrer til på avdelinga
- Delta i kvalitetsarbeidet til avdelinga
- Samarbeid med pårørande, verge, interne og eksterne instansar og fagområde
I avdelinga vil du jobbe i eit team saman med 8 andre sjukepleiarar, 12 helsefagarbeidarar, lærling og assistentar. Vi samarbeidar også og med dei andre avdelingane på Alvehaugen, heimebasert omsorg, koordinerande eining, lege, fysio- og ergoterapeut og Dagsenter for eldre.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- God munnleg og skriftleg norskkunnskap
- Gyldig politiattest må leggast fram ved tilsetting
Personlege eigenskapar
- Du ønsker å jobbe i helse- og omsorgstenesta i kommunen.
- Du er ansvarleg, kan jobbe sjølvstendig og taklar ein hektisk og variert arbeidskvardag.
- Du har godt humør, er løysingsfokusert og har gode samarbeidsevner.
- Du er fagleg orientert og bidreg til fagleg utvikling i avdelinga.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Godt arbeidsmiljø
- Lønn etter tariff
- Forsikring- og pensjonsordningar
- Digitale e-læringskurs
Kontaktinformasjon
Gunn Sætre, Einingsleiar 3, +47 98230617Arbeidsstad
Alvehaugen bu- og rehabiliteringssenter6065 ULSTEINVIK
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse- og omsorgsetatenReferansenr.: 4945349233
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.04.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Alvehaugen bu- og rehabiliteringssenter, 6065 Ulsteinvik
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell
- FINN-kode
- 400648566
- Sist endret
- 01. apr. 2025 06:55
Mer som dette

