Vernepleiar/sjukepleiar

Arbeidsgiver
Solbakken omsorgsboliger
Stillingstittel
Vernepleier/sykepleier - vikariat.
Frist
14.04.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Vi gir tenester til personar med svært ulike hjelpebehov og alder. Solbakken består av ein bustaddel for menneske med heldøgnsomsorgsbehov, utebuande tenestemottakarar med ulike bistandsbehov og avlastningsdel for barn hovudsakleg på kveld og helg.
Er du på jakt etter ein variert, lærerik og engasjerande arbeidsplass? Ønsker du å jobbe eit staden der du får ansvar og samarbeider med fleire aktørar? Er du på utkikk etter ein jobb der du får brukt faget ditt? Då er du den vi ser etter. Vi er ein dynamisk og progressiv arbeidsplass. Vi kan tilby eit romsleg arbeidsmiljø med gode kollegaer i alle aldrar, kvinner og menn.

Stillinga er med ordinære vakter, langvakter og kvar fjerde helg.
Vikariatet er med moglegheit for forlenging.


Arbeidsoppgåver

Fag- og koordinatoransvar med påfølgjande oppgåver:
  • Igangsetting, oppfølging og evaluering av vedtak etter HOL kap. 9, tiltaksplanar og individuelle planar
  • Medisinske oppgåver
  • Samarbeid med vergar, føresette, skule og andre aktuelle instansar
  • Direkte bistand til buande, tenestemottakarar og barna på avlasting
  • Utarbeiding av ulike prosedyrar og rutinar på huset
  • Intern kursing av andre tilsette.

Kvalifikasjonar

Krav til kvalifikasjonar 

  • Autorisasjon som vernepleiar/sjukepleiar
  • Dersom det ikkje er kvalifiserte søkjarar jf. krav til kvalifikasjonar, kan vi vurdere relevant 3-årig helse- og sosialfagleg utdanning
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar

Ønska kompetanse

  • Erfaring med arbeid frå bofellesskap med døgnkontinuerlege tenester
  • Du bør ha erfaring knytt til HOL kap. 9, utforming av vedtak, veiledning av tilsette i HOL kap. 9 og kunnskap om behovet for etiske refleksjonar knytt til dette arbeidet

Særskilde krav

  • Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.
  • Førarkort kl. B

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg

  • som arbeider etter mål og er resultatorientert
  • som i tøffe og utfordrande situasjonar har evne til å behalde roa
  • som har gode samarbeidsevner, da vi samarbeider mykje tverrfagleg
  • som er beslutningsdyktig, arbeider sjølvstendig og tek ansvar
  • som har evne til å bruke humor i ein hektisk kvardag
  • som er ein raus kollega som er ein støtte for andre
  • som kan gi og motta konstruktive tilbakemeldingar

Personlige eigenskapar vektleggast.

Vi tilbyr

  • E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
  • Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.

Kontaktinformasjon

Inger Marie Dahl, Avdelingsleder, +47 93477382

Arbeidsstad

Gamleveg 112

3802 Bø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune


Referansenr.: 4944123390

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Startdato: 01.05.2025

Sluttdato: 30.09.2026

Søknadsfrist: 14.04.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Gamleveg 112, 3802 Bø i Telemark
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
400738764
Sist endret
01. apr. 2025 05:49