Tannhelsesekretær ved Kristiansund kompetanseklinikk
- Arbeidsgiver
- Kristiansund kompetanseregion, Møre og Romsdal fylkeskommune
- Stillingstittel
- Tannhelsesekretær ved Kristiansund kompetanseklinikk
- Frist
- 14.04.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Den offentlege tannhelsetenesta har fått tilført nye pasientgrupper, og det er behov for fleire tannhelsesekretærar ved Kristiansund kompetanseklinikk. Vi har ledig 3 faste 100% stillingar frå juli/august 2025.
Nye Kristiansund kompetanseklinikk vart sett i drift hausten 2024. Kompetanseklinikken er ein av fylkets største offentlege tannklinikkar med topp utstyrte og moderne behandlingsfasilitetar på Campus Kristiansund i bysentrum.
Arbeidsoppgåver
- Varierte kliniske arbeidsoppgåver med alle pasientgrupper, også vaksne betalande pasientar.
- Hygieneansvar og smittevernoppgåver.
- Administrative oppgåver knytte til timebestillingar, journalsystem og pasientkontakt.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som tannhelsesekretær.
- Søkarar utan autorisasjon kan bli vurdert for tilsetting i stilling som assistent (st.kode 6572) dersom vi ikkje har kvalifiserte kandidatar med gyldig autorisasjon som tannhelsesekretær.
- God kommunikasjonsevne på norsk/skandinavisk, både munnleg og skriftleg.
- Den som blir tilsett må levere politiattest.
- Forståing for det helsefaglege samfunnsoppdraget, kvalitetssikring og pasientsikkerheit.
Personlege eigenskapar
- Trivst med å jobbe med og for mennesker.
- Jobbar effektivt og sjølvstendig.
- God samarbeidsevne, er serviceinnstilt og løysingsorientert.
- Ønsker å bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
- Ein god jobb der du kan utvikle deg.
- Lønn etter tariffavtale.
- Eit fagleg nettverk med påfyll av kompetanse.
- Trivelege medarbeidarar og godt miljø.
- Introduksjonsprogram for alle våre nye kollegaer.
- Ein stor og solid organisasjon i ryggen og leiarar som heier på deg.
- Trygge pensjons- og forsikringsordningar (gjennom KLP).
Anna
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
Den som vil bli tilsett må levere politiattest
Kontaktinformasjon
Ingri Nilsson Valle, Klinikkleder, 45416614Sara Rutley, Overtannlege Kristiansund kompetanseregion, 93050553
Arbeidsstad
Fosnagata 126509 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommuneReferansenr.: 4943391261
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.04.2025
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 3
- Sted
- Fosnagata 12, 6509 Kristiansund N
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Tannhelse, Helsepersonell / Helsesekretær
- FINN-kode
- 400744570
- Sist endret
- 01. apr. 2025 07:53