Konsulent/sakshandsamar
- Arbeidsgiver
- Eid vidaregåande skule, Vestland fylkeskommune
- Stillingstittel
- Konsulent/sakshandsamar
- Frist
- 15.04.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Eid vidaregåande skule har ca. 330 elevar fordelt på fem utdanningsprogram, og ca. 70 tilsette og er ein framtidsretta skule som ligg idyllisk til midt i Nordfjord-regionen, omkransa av vakker natur. Skulen tilbyr eit variert spekter av utdanningstilbod:
- Studiespesialiserande
- Påbygg til generell studiekompetanse
- Helsefag med studiekompetanse
- Elektro og datateknologi
- Teknologi og industrifag
- Frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign
- Nettbasert tilbod - påbygg til generell studeikompetanse for vaksne
Har du utdanning og erfaring frå merkantilt arbeid innan administrasjon og økonomi og lyst til å arbeide i eit spanande og utviklingsorientert arbeidsmiljø? Då er kanskje 100 % fast stilling i administrasjonen ved Eid vidaregåande skule staden for deg.
Arbeidsoppgåver
- Arbeid i skuleadministrativt datasystem:
- skuleårsplanlegging
- løn
- Arbeid med budsjett, rekneskap- og fakturakontroll
- Arbeid med kvalitetssikring, redigering og oppretting av rutiner i rutinehandbok
- Tilretteleggar i administrative prosessar for leiinga ved skulen
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som har:
- Utdanning på bachelornivå innan økonomi og administrasjon, eller realkompetanse innan fagfeltet
- Erfaring frå arbeid med økonomi og administrasjon
- Erfaring frå arbeid med offentlege sakshandsaming er ønskeleg
- Erfaring med, og gode kunnskapar om, bruk av digitale arbeidsverktøy
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Systematisk, nøyaktig og løysningsorientert
- Utviklingsorientert med god gjennomføringsevne
- Du trivast med å planlegge og organisere ulike oppgåver
- Evne til å arbeide sjølvstendig
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter gjeldane tariff i Vestland fylkeskommune
- Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd
- Stillingsnemning konsulent/spesialkonsulent/rådgjevar etter kvalifikasjonar og erfaring.
Vilkår
Godkjend politiattest av nyare dato er eit vilkår for å verte tilsett i vidaregåande skule.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Kontaktinformasjon
Peter Smørdal, avdelingsleiarAlf Reidar Myrstad, rektor , 90962632
Arbeidsstad
Sophus Lie-vegen 36771 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4944144945
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.04.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Sophus Lie-vegen 3, 6771 Nordfjordeid
- Stillingsfunksjon
- Kontor og administrasjon, Konsulent, Økonomi og regnskap
- FINN-kode
- 400758004
- Sist endret
- 01. apr. 2025 08:37
Mer som dette
