Sjukepleiar/spesialsjukepleiar

Arbeidsgiver
Medisinsk poliklinikk, fysioterapi og kontor, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Sjukepleiar/spesialsjukepleiar
Frist
15.04.2025
Ansettelsesform
Prosjekt

Beskrivelse

Vil du vere med på å utvikle eit betre og meir heilskapleg helsetenestetilbod for eldre med samansette behov på Søre Sunnmøre? 

Vi har ledig 100% prosjektstilling for sjukepleiar i pasientsentrert helsetenesteteam Volda (PSHT Volda) Volda frå 04.08.25 til og med 31.12.2025, med moglegheit for forlenging ut 2026. Vi ønsker kompetanse innan Akutt klinisk allmennsjukepleie (AKS) eller geriatri.

PSHT er tverrfaglege team som arbeider proaktivt og styrkar helsetilbodet til pasientar gjennom tverrfagleg og tett samarbeid mellom sjukehus og kommune. PSHT sitt arbeid gjerast i ein kombinasjon av fysisk og digital tenesteyting. Målgruppa er eldre skrøpelege med samansette sjukdomar og funksjonsfall. Vi ønskjer å bidra aktivt til betre samanheng i helsetenestene, med utgangspunkt i kva som er viktig for pasienten.  

Pasienten kjem i kontakt med PSHT teamet gjennom tilvising frå sjukehus eller kommune. Graden av oppfølging vil variere frå pasient til pasient. PSHT team Volda har som mål å sikre betre samhandling mellom sjukehus og kommunar, auke kvalitet i tenestene, sikre samanheng i tenestene, redusere kostnadar og spare pasienten for belastningar gjennom å levere tenester der pasienten er. 

Prosjektet er ein del av PSHT Møre og Romsdal. Volda sjukehus og kommunane Ulstein, Vanylven og Volda er med i prosjektet. Lokal prosjektleiar er med i prosjektgruppe for Møre og Romsdal. Kvar deltakande kommune har delprosjektkoordinator. Til stillinga ligg rolla som delprosjektkoordinator for Volda sjukehus.  

PSHT Volda består av sjukepleiar og farmasøyt som samarbeider med geriater, ortoped, ergoterapeut, fysioterepeut og klinisk ernæringsfysiolog ved behov. Det vil vere vekentlege møter med felles gjennomgang av status på kvar einskild pasient.  

Samhandling mellom kommune og sjukehus gjennom: 

  • Pasientkontakt på sengepost og ambulerande verksemd 
  • Forsterka utskriving gjennom kontakt med kommunen digitalt 
  • Faste møtedagar i kommunane i prosjektet 
  • Kontakt ved fare for reinnlegging

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknanden.


Arbeidsoppgåver

  • Koordinere PSHT Volda og tverrfagleg samarbeid og samhandling mellom primærhelsetenesta og spesialisthelsetenesta rundt pasientane i prosjektet 
  • Informere om prosjektet og kartleggingsverktøy til deltakarar i prosjektet
  • Kartlegge pasienten sine behov og koordinere tiltak og tenester tilpassa pasienten si helse, sin funksjon og heimesituasjon. Legge særleg vekt på informasjon og samhandling, ernæringssvikt, medisinering, forsterka utskriving og kontakt ved klinisk forverring

Kvalifikasjonar

  • Sjukepleiar med norsk autorisasjon 
  • Personleg eigning vert vektlagt 
  • Vidareutdanning innan AKS og/eller geriatri er ein fordel 
  • Erfaring frå samhandling mellom kommune og sjukehus 
  • God kjennskap til dataverktøy og digitale løysingar  
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg 
  • Førarkort klasse B og disponerer eigen bil 

Personlege eigenskapar

  • Du likar å koordinere og planlegge pasientforløp  
  • Du er open for kva som er viktig for pasienten 
  • Du likar å arbeide både sjølvstendig og i team 
  • Du er strukturert, fleksibel og til å lite på
  • Du likar arbeid med komplekse problemstillingar 
  • Du er interessert i bruk av nye teknologiske løysingar  
  • Du bidreg aktivt til innovasjon og utviklingsarbeid 

Vi tilbyr

  • Felleskap i PSHT- prosjektet Møre og Romsdal  
  • Eit godt og positivt arbeidsmiljø 
  • Spanande og varierte arbeidsoppgåver 
  • Faglege utfordringar og tverrfagleg samarbeid  
  • Fagutvikling og kompetanseheving 
  • Ein inkluderande arbeidsplass 
  • Løn etter gjeldande tariffavtale  
  • Medlemskap i offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår  

Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane som byr på alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her. 

Kontaktinformasjon

Suzanne Aschehoug, Seksjonsleiar, +47 70058297, Suzanne.Kathrine.Saunes.Aschehoug@helse-mr.no

Arbeidsstad

Kløvertunvegen

6100 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF


Referansenr.: 4944285589

Stillingsprosent: 100%

Engasjement

Startdato: 04.08.2025

Sluttdato: 31.12.2025

Søknadsfrist: 15.04.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Kløvertunvegen, 6100 Volda
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell, Ledelse
FINN-kode
400761903
Sist endret
01. apr. 2025 08:50