Kundekonsulent
- Arbeidsgiver
- Drift/teknisk divisjon/ Drift/teknisk kundesenter, Helse Bergen HF
- Stillingstittel
- Kundekonsulent
- Frist
- 27.04.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Drift/teknisk kundesenter er eit internt kundesenter i Helse Bergen. Via ei web-side, eit telefonnummer og ei e-postadresse skal det vere enkelt for tilsette å henvende seg til Drift/teknisk divisjon. Drift/teknisk divisjon yter eit breitt spekter av ikkje-medisinske tenester til avdelingane i Helse Bergen. Divisjonen har som visjon å gjere kvardagen enklare for avdelingane ved sjukehuset.
Vi er på jakt etter dyktig kundekonsulent i fast stilling. Oppstart september/oktober 2025
5021 Bergen
Referansenr.: 4947824620
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.04.2025
Vi er på jakt etter dyktig kundekonsulent i fast stilling. Oppstart september/oktober 2025
Arbeidsoppgåver
- Ta imot, behandle og følge opp alle typar kundehenvendingar til Drift/teknisk divisjon på telefon, e-post, elektronisk bestillingssystem og personleg oppmøte
- Kundeservice innan fleire område. Til dømes bestilling av tekniske tenester, tildeling av garderobe, utskriving av id-kort og hjelp til nytilsette
- Betene Kundesenterets resepsjon og ID-kontor
- Rettleiing og informasjon til kundar om divisjonen sine tenester og bestillingssystem
- Koordinere tenester mellom fleire einingar i divisjonen
- Delta i forbetring-/utviklingsarbeid
Kvalifikasjonar
- Utdanning på høgskule/universitet, minimum 1 årig
- Erfaring med kundeservice
- Erfaring frå kundesenter er ønskeleg men ikkje eit krav
- Må ha grunnleggande datakompetanse og meistre Microsoft 365 på brukarnivå
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Høg grad av serviceinnstilling
- Det vil bli lagt vekt på å vere personleg eigna
- Kommunisere godt med ulike typar menneske
- Trivast med ein travel dag full av aktivitet og varierte oppgåver
- Kunne handtere fleire oppgåver samstundes
- Påliteleg, imøtekomande og fleksibel
- Strukturert og nøyaktig
- Sjølvstendig og initiativrik
Vi tilbyr deg
- Varierte arbeidsoppgåver
- Ein meingsfull kvardag til det beste for pasientane
- Gode pensjons- og forsikringsvilkår
- Godt arbeidsmiljø
- Dagtid frå måndag til fredag
- God opplæring
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Pål Eidsheim, Avdelingssjef, 93230463Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 4947824620
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.04.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Stillingsfunksjon
- Kundeservice, Konsulent, IT drift og vedlikehold / IT-support
- FINN-kode
- 400787543
- Sist endret
- 01. apr. 2025 01:15
Mer som dette
