Ledig 100% fast stilling som miljøterapeut / familierettleiar ved Barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark

Arbeidsgiver
Barnevernssamarbeidet I Vest- Telemark
Stillingstittel
Miljøterapeut
Frist
21.04.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Ønsker du å hjelpe barn og familiar til ein betre kvardag?

Barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark søkjer etter engasjert miljøterapeut /familierettleiar som ønskjer å bidra til positiv endring i barn sine oppvekstvilkår.

Vi er ei innovativ og framtidsretta teneste med høg fagleg kompetanse, som legg stor vekt på samarbeid, openheit og løysingsorientert arbeid. Hos oss blir du ein del av eit sterkt fagmiljø der fleksibilitet, samhald og fagleg utvikling står sentralt.




Hva vi ser etter

Kvalifikasjonar

  • Utdanning som barnevernspedagog eller sosionom, gjerne med relevant tilleggsutdanning.

  • Anna relevant utdanning kan vurderast.

  • Erfaring frå arbeid med barn, unge og familiar er ein fordel.

  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

  • Evne til å bruke digitale verktøy effektivt.

  • Førarkort klasse B.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • Har gode relasjonsferdigheiter og evne til å bygge tillit.

  • Er trygg, raus og robust.

  • Jobbar sjølvstendig, men trivst med samarbeid.

  • Er strukturert og målretta i arbeidskvardagen.

  • Evnar å stå i krevjande situasjonar over tid.

  • Har engasjement for å hjelpe barn og familiar til eit betre liv.

  • Er fleksibel og løysingsorientert.




Arbeidsoppgaver

Arbeidsoppgåver

  • Miljøterapeutisk arbeid i familiar.

  • Leie og støtte endringsprosessar i familiar.

  • Samarbeid med familiens nettverk og andre hjelpetenester.

  • Aktiv deltaking i faglege drøftingar og kompetanseutvikling.

  • Dokumentasjon i tråd med lovverk og faglege retningsliner.




Vi tilbyr
  • Ei meiningsfull stilling der du kan utgjere ein forskjell.

  • Eit fagmiljø med høg kompetanse og gode utviklingsmoglegheiter.

  • Opplæring og rettleiing.

  • Eit støttande og inkluderande arbeidsmiljø.

  • Regelmessig oppfølging av teamleiar.

  • Sak- og prosessrettleiing i gruppe med psykolog.

Ved tilsetjing må politiattest leggjast fram (ikkje eldre enn 3 månader).

Løn og vilkår

Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtalar.

Sektor
Offentlig
Sted
KVITESEIDGATA 13, 3850 Kviteseid
Stillingsfunksjon
Barnevernspedagog, Omsorg og sosialt arbeid, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
400884455
Sist endret
01. apr. 2025 08:05