Flott familievogn til utleige i vår, sommar og haust!
Dette er ei stor familievogn med totalt 7 moglege soveplassar. Ei romsleg vogn med gode romløysingar.
Heilt fremst har ein stue med god plass og egen TV krok (kan omgjerast til dobbeltseng). Panoramataket strekker seg frå sofaen til taket. Kan enkelt dekkes til for skjerming. Vogna har montert TV med soundar, samt 4G internett inkludert. Logg deg på og strøm dine favorittar med god kvalitet og lite ventetid.
Kjøkken med alt du treng av utstyr, kaffetrakter, samt 3 kokebluss, oppvaskkumme (varmtvatn), steikeomn, kjøleskap med frys og mikro. Kjøleskapet kan gå på 12v (fint under kjøring!), 230v nettstrøm eller gass. Godt med oppbevaringsplassar.
På motsett side av kjøkkenet, har du en koseleg sitteplass for 4 personar. (kan omgjerast til ei større enkeltseng)
Lengre bak i vogna finn du ei romsleg dobbeltseng og ei nedfell bar barneseng (max 50kg). Gode lagringsplass under seng og med masse skap plass.
Bakarst i vogna finn du eit flott bad med vask, toalett og dusj. Toalett med egen tank, omgjerast til praktisk trillekoffert på et par sekunder og gjer tømming enklare.
Vogna har City vann, eller bruk vann frå egen vanntank med EL-kolbe for rask oppvarming av varmtvatn. Stor grå vasstank fastmontert under vogn, med ventil (under dobbeltsenga) for enkel tømming. Vogna har vannbåren glovarme. Rask og behageleg oppvarming. Holdt stabilt 21 varmegrader med -20 i vinter.
På varme sommardagar, kan du kjøle ned vogna med air condition. (noko støy, har blitt brukt til å kjøle ned vogna før leggetid og avslått igjennom natta.) Lys kan dimmes og kontrollerast frå alle sengeplassar, samt over hovuddøra. Alt lys fungerer på batteri (12v) og 230v nettstrøm.
Vogna har markise som er enkel å sette opp og pakke saman. Gir praktisk beskyttelse for både sol og regn. (Bør ikkje nyttast ved kraftige vind).
Følger med 4 stoler og bord, samt teppe til å ha utvending.
Av utstyr, kan nemnast- Soveplass til 7 personer
- Vannbåren varme.
- Kople til City vann, eller bruk stor vanntank med EL-kolbe for rask oppvarming.
- Kjøkken med alle fasilitetar.
- Eige dusjkabinett med rikeleg varmtvann.
- Toalett med trillekoffert, for enkel tømming.
- Gråvannnstank, 150 liter fastmontert under vogn.
- Air condition.
- TV med soundbar
- 4G internett kostnadsfritt!
- Bord og stoler følger med
- Markise
- 1 stk. kompositt gassflaske følger med. (Leigetakar må skifte ved tom flaske.)
Periode (Juni, Juli og August)Veke 25 - Ledig!
Veke 26 - Opptatt!
Veke 27 - Ledig!
Veke 28 - Ledig!
Veke 29 - Opptatt!
Veke 30 - Opptatt!
Veke 31 - Ledig!
Veke 32 - Ledig! (mandag - søndag) 5 000, -
Veke 33 - Ledig! (mandag - søndag) 5000, -
Veke 34 - Ledig! (mandag - søndag) 5000, -
Veke 35 - Ledig! (mandag - søndag) 5000, -
-Leige vogn i perioden før juni og etter august er mogleg!
1 veke Kr 6 500,-
2 veke Kr 11 500,-
3 veke eller meir, pris etter avtale.
Depositum / ForsikringLeigeprisen inkluderer Kasko forsikring i Gjensidige på vogn. Eigenandel ved kaskoskade: kr 6 000,- i dei tilfelle kor det viser seg å være leigetakars skyld. Alle skader som ikkje dekkast av forsikringa, må betalast av leigetakar i sin heilheit. Dette kan gjelde mindre skader som blir erstatta med nye deler og reparert på verkstad hjå Tellus i Stryn. -Depositum skal være betalt ved henting/levering av vogn. Beløpet blir tilbakebetalt i sin heilheit ved tilbakelevering av vogna, forutsett at den leverast tilbake i same tilstand som da den blei leigd ut.
Vilkår- Leigast kun ut til familie/vaksne ansvarsbevisste personar over 25 år, med førarkort kl. BE. Totalvekt på 2 500kg!
- Det er ikkje tillat med framleige.
- Det følger med 1 stk. kompositt propanflaske på 10kg. Leigetakar må skifte flaske for eigen kostnad når denne er tom. Ny flaske skal være kompositt grunna vekt.
- Det er tillat med hund i vogn (ikkje i sitteplassar/senger). Røyking er ikkje tillat.
- Vogn leverast tilbake i same tilstand, nyvaska innvending og med tomme tankar (vann, gråvann, toalett)
- Manglande reingjering trekkast frå depositum på kr 2 000,- og manglande tømming av toalett på kr 1 000,
- Ved bestilling av vogn, betalast det forskotsleige på kr 2 500,- per veke. Resterande leigebeløp og depositum på kr 6 500,- betalast inn ved henting av vogna. Forskots innbetaling blir ikkje refundert vist leigeforholdet avlysast utan nye leigetakara, og inngår i leigebeløpet når leigeforholdet avviklast som avtalt.
- Utleigar fråskriv seg erstatningsansvar med utleigeforholdet.
- Vogna leigast ut, utan personleg utstyr som dyner, puter, sengeklede og handkle. Kjøkkenutstyr inkl. kaffitraktar følger med.
- Nødvending kablar for straum og speglar for montering på bil, følger med.
NB! Vi har hund, anbefaler dessverre ikkje denne vogna om du har allergi. Hund kan sjølvsagt tas med etter avtale.