

Pro Performance, 1st, 77kWH, 204hk.
2021
15 380 km
Automat
El
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innForsikre bilen din
Sammenlign og se tilbud på forsikring
Her kan du sikre deg ein fin, praktisk, velutstyrt og romsleg ID 4 1st med svært låg kilometerstand. Eg er pensjonist, så eg køyrer ikkje så mykje som før. Bilen står ofte i ro i garasjen, og der ladar eg han når det trengst. Det er enkelt og rimeleg å køyre elbil. Eg har ingen god grunn til å selje denne, men eg vurderer likevel å gjere det. Bilen skal snart på EU-kontroll og service. Eg bestiller time, så fristen ikkje blir overskriden.
Ditec Ultra lakkbehandling og ekstra Tectyl antirustbehandling vart utført på verkstad før overtaking hos merkeforhandlar. Bilen har vore vaska regelmessig, aldri maskinvask.
ID 4 er ein svært praktisk og lettkøyrd bil med romsleg bagasjerom, god bakseteplass og mykje utstyr. Innfelt, svingbart tilhengarfeste, 19 toms sommarhjul - og vinterhjul på originale lettmetallfelgar. Bridgestone sommardekk. Vinterdekka er Continental piggfrie. Alle er mindre enn halvslitne.
Ladekablar, ubrukte stoffmatter og adapter til eldre tilhengarar følgjer med. Bilen har fått nytt og kraftigare startbatteri montert på merkeverkstad, og nokre kablar er skifta på garantien.
Nybilgarantien er gyldig frem til 21.04.2026/100.000 km - det som først inntreffer. Garanti på batteripakken til 21.04.2029/160.000 km. Dette gir deg det beste utgangspunktet for eit trygt bilhald.
ID.4 er ein stor og fleksibel SUV med romsleg interiør og bagasjeromsvolum på heile 543 liter med bakseteryggen i oppreist stilling. Seteryggen har skiluke og kan slåast ned 1/3 eller 2/3. Lang rekkevidde på inntil 500 km. ISOFIX feste for barnesete både bak og i passasjersetet framme. Hengarfeste (skjult/ innfellbart), Med takstativ kan du ha inntil 75 kg last på taket. ID.4 er ein fullelektrisk familiebil som skapt for norske forhold.
ID.4 vart kåra til årets bil i verda i 2021 av World Car Awards (WCA). ID.4 fekk spesielt høg score for sikkerheit, miljø og innovasjon.
Bilen har mykje standardutstyr. Verdt å nemne er:
*INNFELLBART TILHENGARFESTE - Maksvekt tilhengar inntil 1000 kg.
*TRAFIKKSKILTGJENKJENNING - Bilen har kamera som les farten og og viser skilta i konsollet.
*FJERNLYSASSISTENT - Fjernlysassistenten registrerer (innenfor systemets begrensningar) lyset fra møtande trafikk, baklykter fra andre trafikantar og bylys. Avhengig av trafikksituasjonen bli fjernlyset automatisk slått av eller på. Systemet gir betre sikt for føraren, og køyringa blir meir behageleg. Ambientebelysning i valfri farge innvendig og utvendig.
*VARMEPUMPE - Med aktiv batterivarme- og kjølesystem er det med på å gje betre rekkevidde når kulden set inn.
*APP CONNECT SMARTTELEFONINTEGRASJON - Spegling av smarttelefon til infontainmentsystem.
*LYS- OG REGNSENSOR - Lyssensoren gir automatiske køyrelys. Med regnsensoren blir farten på vindusviskarane styrt automatisk etter kor mykje regn det er.
*ADAPTIV CRUISE CONTROL - Dette assistentsystemt har i tillegg til den grunnleggande cruise-kontrollfunksjonen ein radar i fronten som gjer at ID4 held trygg avstand til bilen framfor. Flott ved køkøyring!
*OPPVARMA MULTIFUNKSJONSRATT - Multifunksjonsratt i skinn ligg godt i hendene og er lett å bruke. Du kan t.d. styre radioen, mobiltelefonen eller cruisekontrollen ved hjelp av knappane.
*PARKERINGSSYSTEM FRAMME OG BAK, i tillegg til RYGGEKAMERA - Parkering kan skje trygt og sikkert. Lydsignal gir deg beskjed når du er nærare enn 1 meter og lyden blir sterkare jo nærare du kjem. Ryggekameraet gir deg god oversikt over området bak bilen ved manøvrering og parkering.
*TRØTTHEITSVARSLAR - Reduserer faren for farlege situasjonar. Systemet held auge med køyrestilen og kan gje føraren melding om å ta ein pause viss nødvendig.
*CLIMATRONIC KLIMAANLEGG - Regulerer temperaturen ved hjelp av ein sensor i kupeen og samanliknar kontinuerleg den faktiske temperaturen med den innstilte verdien.
*BLUETOOTH - Telefonen din blir automatisk kopla opp mot bilens blåtannsystem når du set deg inn i bilen.
*FRONT ASSIST - Avstandskontrollsystem med City-naudbremsfunksjon registrerer ved hjelp av eit radarsystem om avstanden blir for kort, og reduserer bremselengda (opp til 30 km/t) ved behov. I farlige trafikksituasjonar blir føraren varsla med lyd- og lyssignal og eit rykk i bremsene.
LANE ASSIST - Når køyrefeltassistenten Lane Assist er aktiv, kan den registrere om bilen utilsikta er i ferd med å forlate den oppmerkte køyrebana. Assistenten brukar korrigerande styreinngrep til å gjere føraren merksam på det som skjer i trafikken.
WLTP er et måltall fra bilen var ny og reell rekkevidde må sees i sammenheng med alder, km, kjøremønster og værforhold
Denne bilen selges med Nybilgaranti (13 md. / 84 620 km).
Kjøretøyets serviceprogram er fulgt. Det er tatt servicer på kjøretøyet i henhold til fabrikkens retningslinjer.
Kjente feil, mangler eller synlige skader?
Nei
Er det gjort større reparasjoner?
Nei
Er eller har motoren vært trimmet?
Nei
Har bilen heftelser/gjeld?
Nei
Normalt gjelder 2 års reklamasjonsfrist mot skjulte feil og mangler. Reklamasjonsretten brukes hvis produktet er i dårligere stand enn det du hadde grunn til å forvente, basert på informasjon du har fått fra selger. Vær oppmerksom på at begge parter kan fraskrive seg reklamasjonsretten dersom dette er tydelig spesifisert i en kjøpekontrakt.
6963 Dale i SunnfjordLogg innLogg inn for å se hele adressen
Annonsen kan være mangelfull. Fullstendig salgsinformasjon og opplysninger iht. opplysningsplikt kan fås direkte fra selger.