Bildegalleri

Stor ubygd eigedom på Hjellestad blir vurdert selt

Kart med kartnålFlyen 30, 5259 Hjellestad
Prisantydning50 000 000 kr
Verditakst
18 000 000 kr

Nøkkelinfo

Tomteareal
78 421 m² (eiet)

Visning

Visning etter avtale

Beskrivelse

TOMTEAREAL OG EIGARFORM
Eigd tomt på 78 421 m² som er i offentleg eige. Eigedomen er i dag ein ubygd
naturtomt der det tidlegare har vore bygd ut med institusjonsbygg. Tomta er
stort sett dekt med skog.

TILKOMST
Følg RV556 mot Hjellestad, deretter 174 Mildevegen. Flyen er ein sideveg frå
Mildeveien.

TILKØYRINGSVEG
Eigedomen har tilkomst via den private vegen Flyen som ligg på eigedomen.

TILKNYTING TIL VATN
Tomta er ikkje tilknytt offentleg nett.

TILKNYTING TIL AVLØP
Tomta er ikkje tilknytt offentleg eller privat nett. For nærare informasjon om kvar VA-leidningar går over eigedomen søk opp i Bergen vatn sitt VA-kart: https://www.bergenskart.no/portal/apps/sites/#/bergenskart

BYGGJEMÅTE
Eigedomen er ubygd.

ENERGIMERKING
Det er ikkje krav om energimerking ved sal av tomt.

FORMUESVERDI
Formuesverdien er ikkje berekna.
Verdien av tomt blir fastsett ut frå marknadsverdi. Likningsverdien på ubygd tomt
skal ikkje overstiga 80 prosent av marknadsverdien til eigedomen. Kontakt skatteetaten for meir informasjon.

KOMMUNALE AVGIFTER
Det er ikkje kommunale avgifter på ubygd eigedom. Etter at tomta er utbygd
med bustad blir det betalt kommunale avgifter for vatn, avløp.

OFFENTLEGE PLANAR
Eigedomen ligg i eit uregulert område i KPA 2018 (Kommuneplanens arealdel) og i arealformål anna byggjesone.

• plan.id nr. 65270000 (2019): BERGEN. KOMMUNEPLANENS AREALDEL 2018 - 2030. Eigedomen ligg i sone ØB (Annan byggjesone). Delar av eigedomen ligg i gult område (bygg og anlegg). Gult område utgjer ca. 48 daa, berekna omtrentleg på kart. Ein større del av byggjeområdet ligg i gul flystøysone (Flystøy gul sone i samsvar med T1442: 2028 og 2060 prognose). Ca.8 daa ligg utanfor gul flystøysone. Utnyttinga i KPA er sett til %BRA=45%.

• plan.id nr. 62010000 (2017): YTREBYGDA. GNR 102 BNR 2 Mfl., MILDEVEGEN, Gang- OG SYKKELVEG. Denne gjeld eigedomen i aust (LNF-område).

• plan.id nr. 61220000 (igangsett planlegging): YTREBYGDA. HJELLESTAD - MILDE - ESPELAND, OMRÅDEREGULERING FOR FASTLANDSSAMBAND FOR LERØY OG BJELKARØY. Områderegulering. Gjeld eigedomen i aust.

OVERTAKING
Overtaking av tomta etter nærare avtale mellom partane.

DOKUMENTASJON
Meir informasjon om eigedomen kan sendast over etter førespurnad.

Beliggenhet

Hjellestad-/Mildeområdet er eit populært bustadområde sør for Flyplassvegen. Det er
ca. 20 min. køyring frå Bergen sentrum og ca. 10 min. frå Lagunen storsenter.
Området ligg på Milde-halvøya og grenser mot m.a. Fanafjorden. Småkupert
terreng som i det mest vesentlege er bygd ut med småhus, frittliggjande einebustader
og rekkjehus. Området har kort veg til sjø og turterreng ved Arboretet. Mildevegen
går gjennom området og Flyen er ein sideveg frå Mildevegen. Flyen er ein tilkommeveg
for fleire andre eigedomar.

Busstopp i Mildevegen, butikk på Hjellestad kai. Gangavstand til barneskule og
idrettsplass.

Beliggenhet

Kart med kartnålFlyen 30, 5259 Hjellestad

Annonseinformasjon

FINN-kode370187745
Sist endret11. sep. 2024 08:01

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.