Bildegalleri

Inaktiv

Staseleg bygg i Skjåk. Marlo skule

Kart med kartnålSkjåk solside 395, 2690 Skjåk

Nøkkelinfo

Bruksareal
1 050 m²
Etasje
3.
Areal
1 200 m²
Byggeår
1924
Energimerking
- Rød
Renovert år
2000
Tomteareal
3 800 m²

Type lokale

Kontor
Kombinasjonslokaler

Visning

Etter avtale

Om eiendommen

Marlo skule stod ferdig og var teken i bruk som skule i 1924. Hovedbæresystem i tre. Ytterveggar og innvendige bæreveggar i lafta tømmer. Det har vore gjort fleire endringar og ombyggingar av bygget opp gjennom åra. Siste ombygging og renovering av den gamle delen var gjort rundt år 2000. I tillegg til heilrenovering av bygningen var det sett inn nytt ventilasjonsanlegg.

I 1997 var det oppført tilbygg til skulen på 455 m2 mot nord og vest. Formålet med tilbygget var rom for gjennomføring av 6-årsreformen, skulefritidsordning og betre arbeidsforholda for dei tilsette.

Tekniske installasjonar, fyrkjele for oppvarming og UV-anlegg for vassforsyning, er plassert i kjellaren i tilbygget. Ventilasjonsanlegg for tilbygget er plasssert i eige rom på hovudplan.

Vassforsyning frå brønn på oversida av eigedomen og grunnvassbrønn i bygget. Avløp til felles sandfilteranlegg.

Skjåk kommune legg til grunn pris og forretningside ved sal av bygget. Det blir gjort ei politisk vurdering av tilboda som kjem inn der både tilbodssum og kva bygget er tenkt brukt til blir vurdert. Bod skal leverast skriftleg på eige bodskjema og sendast som vedlegg til e-post til ove.john.plassen@skjaak.kommune.no innan 02.11.2020 kl. 12.00. Bodet er bindande.

Standard

Bygning frå 1924 med tilbygg i 1997 og renovering av gamle delen i 2000. Solid og godt vedlikehalde bygg. Flotte motiv på ein del dører i gamle delen. Utvendige overflater skulle vore måla.

Ny taktekking på den eldste delen i seinare år. Storparten av dei gamle vinduga var skifta ut i forbindelse med renovering av den gamle delen.

Oppvarming med vannbåren varme og radiatorar. Energikilde er elektrisitet og olje. Varmeanlegget var montert i forbindelse med tilbygg og renovering.

Enkelt SD-anlegg for styring av ventilasjon montert i 2012.

Brannvarslingsanlegg montert i 1997. Utvida i år 2000 for å dekke den gamle delen. Lokal varsling. Ikkje direktevarsling til 110.

For meir opplysning om eigedomen, vises det til vedlagt beskrivelse/salsoppgave.

Beliggenhet

kart

Profilinfo

Du må være logget inn for å se profilen

Annonseinformasjon

FINN-kode190166808
Sist endret15. okt. 2020 06:00

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.