Bildegalleri

Gode Solforhold

Ungdomshus med potensiale – gis bort for 1 kr

Kart med kartnålBøfjordvegen 23, 6953 Leirvik i Sogn
Prisantydning1 kr

Nøkkelinfo

Etasje
2.
Areal
350 m²
P-plasser
15
Overtakelse
03.05.2025

Type lokale

Andre

Fasiliteter

Garasje/P-plass

Visning

Invitasjon sendes til dei som viser interesse

Om eiendommen

Vi har arva dette huset etter mor og ønsker å gi det vidare til nokon som vil ta vare på det.
🏠 Huset gis bort for 1 kr, men avtalen inneber at du byr på inventaret, og som ein del av kjøpet får du huset med på lasset. Inventaret består av eit stort dødsbu, rigga for sal, med ei mengd gjenstandar som kan vidareseljast. Dei nye eigarane får i praksis ein ferdig oppsett butikk med inventar til sin disposisjon. Vi hadde opprinneleg planar om å rydde og selje unna, men tida strekk ikkje til. Verdi er ikkje sett, og vi har ikkje full oversikt over alt innhaldet.
📸 Bilder av mykje av inventaret er vedlagt, men det finst meir enn det som er avbilda. Rundt om i huset er det også veggmaleri og andre dekorelement.

🛑 Viktig: Her byr du på inventaret, og som ein del av avtalen får du huset med på kjøpet for 1 kr. Huset kan ikkje overtakast utan at inventaret blir med.
________________________________________
Husets innhald og tilstand
1. etasje
✅ Stort industrikjøkken med potensiale for catering eller anna firmaverksemd. Godt eigna for å lage store måltid til større forsamlingar. Koppar og servise følgjer med.

✅ Opphaldsrom (~150 m²), som har vore jamleg utleigd til konfirmasjonar og sosiale samlingar. Rommet er godt vedlikehalde og framstår i god stand.

✅ Toalett (to separate rom):
• Eitt i god bruksstand
• Eitt som fungerer, men treng oppussing

✅ Lagerrom, per i dag fylt med diverse innhald som følgjer med i overtakelsen.

2. etasje

✅ Salrom og scene (~150 m²) i brukbar stand.

⛔ Backstage-/sminkerom treng tiltak og oppgradering.

⛔ Taket over sminkerommet har lekkasje og må utbetrast.

⛔ To toalett i to små rom som bør pussast opp før bruk.

VVS og elektro
🔌 Eldre standard – koparrør og gammalt sikringsskap. Fungerer, men bør oppgraderast over tid.

Utvendig tilstand:
🏚️ Kledning rundt heile huset bør skiftast, utvendige dører er også gamle.
🏠 Hovudtaket er i ok stand, men skråtaket på baksida må skiftast.
💧 Dreneringsproblem: Ei steinrøys på oppsida av huset fører vatn inn på betongplata på baksida, noko som igjen trekk inn i bygget. Det kan vere naudsynt å sikre steinmassane for å unngå vidare sig.

Leigeavtale på uteområde
Ungdomshuset har tidlegare hatt ei leigeavtale for delar av påbygd eigendom (gnr. 86/4, tilhøyrande gnr. 86/7). Denne må fornyast, og nye eigarar må ta kontakt med dagens eigarar for vidare avtale. Kontaktinfo vil bli gitt.
________________________________________

Overtakelse og vilkår

📌 Huset overtakast i eksisterande stand, utan garantiar eller forpliktingar frå tidlegare eigarar.
Huset vert overteke "som det er", utan garantiar eller reklamasjonsrett, jf. avhendingslova § 3-9. Kjøpar har sjølv ansvar for å undersøke eigedomen og aksepterer at seljar ikkje har noko ansvar for skjulte eller opne feil og manglar, inkludert men ikkje avgrensa til tekniske, konstruksjonsmessige eller miljømessige forhold. Seljar fråskriv seg alle framtidige krav knytt til eigedomen, inkludert eventuelle manglar som blir oppdaga etter overtakelse.
Vidare er det ikkje høve til å rette krav mot seljar knytt til drift, vedlikehald eller eventuelle krav frå offentlege styresmakter. Kjøpar er fullt ansvarleg for alle kostnader og tiltak som må gjennomførast etter overtakelse.
Det er kjøpar sitt ansvar å sette seg inn i eigedomen sin tilstand før bod blir gitt.

📆 Det er ein reservert konfirmasjon 3. mai – overtakelse kan skje kort tid etter.
📩 Interessert? Send uforpliktande bod / Kontaktinfo til kontaktperson på annonse.
🔍 Visning vert annonsert til dei som melder interesse på e-post. Dette skjer anten tett på eller etter konfirmasjonen.

Nærområdet

Kart med kartnålBøfjordvegen 23, 6953 Leirvik i Sogn

Profilinfo

Du må være logget inn for å se profilen

Annonseinformasjon

FINN-kode398655870
Sist endret19. mars 2025 18:19

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.