Bildegalleri
Bustadeigedom Eikremstranda, Syvde
Eikremstranda 82, 6140 SyvdePris på lån: fra 5 670 kr/mnd
Lånekalkulator fra 5 670 kr/mndEff.rente 6,69 %. 840 000 o/25 år. Kostnad: 861 000 kr. Totalt 1 701 000 kr.
LånekalkulatorEff. rente 12.73%. Eksempel: 130 000 kr over 5 år. Kostnad 43 382 kr. Totalt 173 382 kr.
Nøkkelinfo
- Boligtype
- Enebolig
- Eieform
- Eier (Selveier)
- Soverom
- 6
- Bruksareal
- 225 m²
- Etasje
- 3
- Byggeår
- 1958
- Energimerking
- G - Oransje
- Tomteareal
- 528 m² (eiet)
Visning
Beliggenhet
Eigedommen ligg på Indre Eikrem i Syvde, adresse Eikremstranda 82, 6140 Syvde. Det er ca.1,5 km til Syvde sentrum med barnehage, barne- og ungdomsskule. Det er ca. 12 km til kommunesenteret Fiskå og ca. 30 min til Lauvstad og ferje til Volda.
Beskrivelse
Eigedommen ligg fint til med utsikt utover Syvdefjorden, mot Blåfelden og Syvde sentrum. Huset er bygd i 1958 og har eit bruksareak på 225m2 over tre etasjar med tillegg av eit uinnreda loft. Hovedetasjen har eit bruksareal på 82m² og inneheld bad, hall m/trapp, gang, soverom, kjøkken og 2 stover. 2. etg. har eit bruksareal på 72m² og inneheld trapperom, hall m/trapp og 5 soverom. Kjelleretg. har eit bruttoareal på 71m² og inneheld 3 uinnreda kjellarrom.
Utvendig standard: Taktekking er av steinbelagte Decra stålplater og takrennesystem av lakkert aluminium/stål. Det er montert snøfangarar på taket. Utvendige veggar har bindingsverkskonstruksjon frå byggjeår. Fasade/kledning har liggande bordkledning som vart montert i 2011. Takkonstruksjonen har sperrekonstruksjon. Måla trevindauge med 2-lags glas montert i 2011 til 2013. Måla hovuddør og kjellerdør i tre. Utvendig trapp av betong.
Innvendig standard: På golv inne er det lagt tepper, laminat og belegg. Veggane har trepanel og tapet. I taket er det måla plater og himlingsplater. Etasjeskiller av trebjelkelag. Bustaden har mursteinspipe, vedomn og sotluke/feieluke. Betonggolv i kjellar og veggar av betong/mur. Trappa frå kjellar til 1. etg. er lakkert tretrapp. Trapp til loft er lakkert tretrapp, med belegg av asbest. Innvendige dører er av finer, nokre dører er nyare, måla fyllingsdører.
Bad: Veggar av Aqua-tile plater. Himlingsplater i taket. Vinylbelegg på golv. Rommet har eldre elektriske varmekabler. Innreiing med heildekkande servant, toalett og dusjkabinett. Det er naturlig ventilering.
Kjøkken: Laminat benkeplate, kjøkkeninnreiing med glatte fronter. Det er kjøl/fryseskap og komfyr og kjøkkenventilator med avtrekk ut.
VVS-installasjonar: Innvendige vassleidningar er av kopar og plast (røyr i røyr). Avløpsrøyr av plast og støypejern. 200 ltr. varmtvasstank montert i 2009.
Oppvarming: Det vart installert varmepumpe i 2016. Elles er det oppvarming med elektrisk og vedfyring. Varmekablar på bad.
Elektrisk anlegg: Ordinært el. anlegg, tidstypisk for byggjeår. Sikringsskap med automatsikringar var nytt i 2005 . Automatisk straummålar vart montert i 2018.
Branntekniske forhold: Det er montert brannslukningsapparat og røykvarsler som er mindre 10 år.
Tilstandsrapport av 04.07.2024 følgjer vedlagt. Jf. takstmann er dette ein einebustad som er oppført og etter dåtidas byggjeskikk i 1958 og som er tidstypisk for byggjeåret. Jf. takstmann kan ikkje huset forventast å tilfredsstille tekniske eller funksjonelle krav iflg. dagens byggjeskikk, men det er gjort ei rekke oppgraderingar. Ein må likevel rekne med å pusse opp/renovere huset og ein må forvente at skjulte feil og skader vil kunne dukke opp.
Boligselgerforsikring: Eigedommen vert seld med boligselgerforsikring.
Adkomst
Eigedommen har tilkomst via offentleg veg. Det er begrensa/bratt parkeringsplass.
Utfyllende informasjon om fellesgjeld og felleskostnader
Annen info 1
Annen info 2
Annen info 3
Annen info 4
Annen info 5
Beskaffenhet
Ta kontakt med megler for komplett informasjon
Nyttige lenker
Beliggenhet
Lignende boliger til salgs
Konsesjonsfritt småbruk med familievennleg bustadhus, dobbel garasje og eldre låve - Jakt-, fiske- og beiterett
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.