Bildegalleri
KAMPANJE!! Innflytningsklar hytte i Rindabotn Fjelltun. Eigen carport
Rindabakkane 56, 6856 Sogndal- Felleskost/mnd.
- 750 kr
Pris på lån: fra 21 788 kr/mnd
Lånekalkulator fra 21 788 kr/mndEff.rente 6,37 %. 2 994 000 o/20 år. Kostnad: 2 235 120 kr. Totalt 5 229 120 kr.
LånekalkulatorNøkkelinfo
- Beliggenhet
- På fjellet
- Boligtype
- Hytte
- Eieform
- Eier (Selveier)
- P-plasser
- 1
- Bruksareal
- 73 m²
- Tomt
- Eiet
- Byggeår
- 2024
- Soverom
- 3
- Sengeplasser
- 7
- Meter over havet
- 664
Fasiliteter
Visning
Ta kontakt for å avtale visning.Om eiendommen
Beliggenhet
Rindabotn Fjelltun ligg sentralt i skråande terreng like aust for hovudnedfarten i Rindabotn i Sogndal Skisenter - Hodlekve.
Skisenteret er idag det største i gamle Sogn og Fjordane, og er i ferd med å bli ein ettertrakta skidestinasjon for tilreisande frå heile norden.
Det er kort veg til Sogndal sentrum, der ein finn alt ein treng innan handel og aktivitetar.
Generelt
Velkommen til Rindabotn Fjelltun.
Hytte nr 5 er ferdig bygd og klar til innflytting med ein gong.
Rindabotn Fjelltun ligg so sentralt ved bakkane, at du er garantert ski inn - ski ut.
Alle hyttene er heilt like, og felles for alle er den høge standarden. Her får du innflytningsklare hytter med lune fargar og tidsrette materialar, med moglegheit for eigne tilpassingar om ein er tidleg ute.
Med hytte i Hodlekve har du tilgang til det meste ein kan drøyma om av skiaktivitetar, og ikkje minst den velkjende laussnøen som kun finst i området. Høge fjell omringa av isbrear gjer det til eit snøsikkert område år etter år.
Om sommaren er det eit stort utvalg av fjellturar, der ein kan både sykle, gå og fiske. I botn av Rindabotn ligg Dalalåven, som tilbyr både mat og forfriskningar heile året.
Hytta er ein del av Sameiget Rindabotn Fjelltun
Det er lett å nyta livet i Hodlekve, både sommar og vinter.
Sogndal skisenter - Hodlekve er kjend for å vera svært attraktivt for deg som vil finansiera delar av utgiftene med utleige. Faktisk er utleigemarkedet so bra at du nesten kan fullfinansiera heile lånet med utleige.
Adkomst/Tomteforhold
Frå Sogndal føl ein riksveg 5 og tek av til venstre like ved Hodlekve bru. Følg vegen forbi det nye anlegget og Dalalåven i Rindabotn, og hold mot venstre til du kjem opp til Fjelltunet. Området vil vera godt skilta.
Innhold
Om hyttene
Uavhengig av plassering i Rindabotn Fjelltun, får du hytter med høg kvalitet og god utforming. Når du kjem inn ytterdøra og inn gjennom entrèen, får du oppleva at naturen kjem inn i hytta gjennom dei store vindaugsflatene i front. Den opne takløysinga i stova gir ei kjensle av friheit og ro. Det er fokusert på lune materialfargar og gjennomført hyttestil, akkurat slik me veit kundane våre likar.
På veggar og i tak finn du beisa panel i lik dimensjon, for eit heilheitleg utrykk. Listverk og foringar blir levert i same farge. Golv i entrè og på bad blir flisa, og i alle andre rom er det laminat av god kvalitet.
Kjøkenløysing i ein lun gråfarge, og peisovn for å oppnå den maksimale hyttekosen.
Be om detaljert leveransebeskrivelse ved interresse.
NB!! Møblar og inventar som står på hytta er ikkje inkludert i kjøpesummen!
Standard
Hyttene er utført i høg standard med solide Norske leverandørar.
På vegg og i tak er det 14x145 ferdigbeisa slettpanel i fargen Myk Eleganse. Alt av listverk og foringar i same farge som panel.
Innvendige golv blir levert med laminat av høg kvalitet, med unntak av bad og entrè, der det er flislagt med fliser sv høg kvalitet.
Kjøken er levert i glatt utførelse, oppgradert med fleire skåp og skuffer, micro og benkeplate med underlimt vask.
På badet er det vegghengt toalett, oppgradert baderomsinnredning, dusjdørar og garnityr av god kvalitet i svart utførelse. Veggane er behandla med mikrosement frå Zenzorama.
Moglegheit for montering av peis og pipe.
Hytta blir levert med utvendig skistall
Utvendig kledning er malmfuru behandla med jernvitrol, topsafe på tak og glasrekverk på veranda.
Eigen parkering i carport, med moglegheit for billadar.
Ta kontakt med megler for komplett informasjon
Beliggenhet
BoligPartner - Sognehus AS
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.