Bildegalleri

Koseleg møblert leiligheit med flott hage ledig i frå 1. feb.

Kart med kartnål6856 Sogndal
Månedsleie
10 500 kr
Depositum
31 500 kr
Inkluderer
Internett

Nøkkelinfo

Primærrom
65 m²
Boligtype
Leilighet
Soverom
2
Leieperiode
01.02.2025

Les mer om bruksareal her

Fasiliteter

Møblert
Aircondition
Bredbåndstilknytning
Garasje/P-plass
Utsikt
Turterreng

Beskrivelse

Høgdepunkt:
• Balansert ventilasjon med ~80% gjenvinning av varmen.
• Nydeleg hage som er varm og lun tidleg på våren og seint på hausten.
• Varmepumpe gir behageleg temperatur heile året.
• Delt raskt internett på 100mbps/100mbps er inkludert i leiga.

Område:
• Nabolaget er stille og roleg og utsikta er vakre fjell og fjord.
• Det er gangavstand til fine turområder. Hesteggi kan anbefalast som eit av fjella i nærområdet med best 360 graders utsikt.
• Det er kort veg til gang- og sykkelsti som går langs fjorden inn til Sogndal.
• Det er 10 til 15 minutt spasertur eller nokre minutt med sykkel på ein lite trafikkert veg til badestranda i Vikane. Her kan ein også fiske.


Rom i leilegheita:
Indre rom:
Entré, stor gang med plass til mykje oppbevaring, stove med open kjøkkenløysing, to soverom, stort bad og eit separat toalett. Innandørs bod.

Ytre rom:
Fin og grøn hage med gode soltilhøve, opparbeida blomsterbed. Utandørs parkering.


Standard:
Leiligheita har balansert ventilasjon, noko som betyr at ny luft som kjem inn blir varma opp av lufta som blir trekt ut frå bad og andre plassar. Det gjer at straumforbruket blir lågare og inneklima blir betre.
Det er laminatgolv i dei fleste rom, men vinyl i gang - fliser på bad.

Kjøkken med kvitevarer (komfyr, kjøleskåp, mikro og oppvaskemaskin) og kjøkkenøy.

Badet har fliser med golvvarme, dusjkabinett, servant og vaskemaskin med tørkefunksjon.


Inventar:
Bustaden leiges ut møblert. Kvitevarer er på plass på kjøkken og kombinert vaske-tørkemaskin på bad. To kommodar i gangen. Kjøkkenøy. Spisebord og stolar. Sofa og sofabord. To senger på kvar av soveromma som er slått sammen til stor dobbeltseng.


Fasilitetar:
Delt raskt fiber-nett er inkludert i leiga. Ca. 100mbps ned, 100mbps opp.

Leietakar teiknar eigen innbuforsikring og straumabonnement.


Eigendommen:
Bygningen består av to etasjar der leilegheita er i underetasjen. Det er mogleg å bruke hage på omlag 30 kvm med bord og sittegruppe.


Åtkomst:
Huset ligg fem minutt frå Sogndal sentrum med bil. Det er 15 min med sykkel eller 30-40 minutt å gå.


Parkering:
Utandørs parkering på stor parkeringsplass.


Utleigars krav til sikkerheit:
Som tryggleik i dette leigeforholdet opprettar me depositumskonto i ein lokal bank der leigetakar skyt inn beløp tilsvarande tre månadar husleige.

Depositum og husleige for første månad må vera betalt seinast dagen før overtaking.


Generell info:
Bileta kan ha blitt tatt på eit tidspunkt der leilegheita har vore heilt eller delvis møblert, og med møblar og utstyr som ikkje følgjer med eller med nyare innredning. Det er difor viktig at du kjem og ser leilegheita før kontraktsignering.


Visning
Visning blir satt opp ved forespørsel i frå 7. januar 2025.

Visning

Visning blir satt opp etter ynskje.

Profilinfo

Du må være logget inn for å se profilen

Trenger du en kontrakt?

  • Hakemerke
    Utfylt kontrakt med opplysninger fra annonsen
  • Hakemerke
    Digital signering
  • Hakemerke
    Gratis tjeneste
  • Hakemerke
    Godkjent av Forbrukerrådet

Beliggenhet

Kart med kartnål6856 Sogndal

Annonseinformasjon

FINN-kode332839069
Sist endret06. jan. 2025 16:18

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.