Bildegalleri
Ras- og flaumsikra tomter med nydeleg utsikt og sentral plassering
Gjeisarjordet, 2686 Lom- Totalpris
- 415 125 kr
- Omkostninger
- 10 125 kr
Eff. rente 12.73%. Eksempel: 130 000 kr over 5 år. Kostnad 43 382 kr. Totalt 173 382 kr.
Nøkkelinfo
Fasiliteter
Visning
Ta kontakt for å avtale visning.Beliggenhet
Ras- og flaumsikra tomter med nydeleg utsikt og sentral plassering
Vi har totalt 9 ledige einebustadtomter på Gjeisarjordet i Lom. Eit bu- og oppveksteldorado med gangavstand til det meste. Det er god solgang på sommarhalvåret, med herleg kveldssol og lange sommarkveldar. Alle tomtene er sikra for flaum og ras, noko som kan vere godt å kjenne på når uveret herjar som verst.
Tomtene ligg rett ved inngangen av Lom sentrum - her er det eit yrande folkeliv på sommarstid med kafear og restaurantar av beste kvalitet. I tillegg er det kort veg til skule og barnehage - alt ligg eit "steinkast" unna.
På Gjeisarjordet har du flotte turmoglegheitar rett frå dørhella: gode stigar frå heime til Kusletta, Nonshaug, Skutlan, Læshø og Ausa. Ellers er Tronoberget, Skimhytta, Staurustberget og sjølvsagt sjølvaste Lomsdronninga - Lomseggen lett tilgjengelege turmål frå her. Ein halvtimes/trekvarters kjøretur og du har Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen, Solell, Tesse og Liafjellet. Jakt, fiske, tur, sykle, ski, kajakk. Rett og slett verdas finaste leikeplass for den friluftsglade rett i "bakgarden". Her er det enkelt å halde seg i form og ha ein sunn livsstil.
Det er 6 tomter på rundt 500 m2. Her er utnyttelsesgraden heile 40 % til bygningsmasse samt parkering - så her kan ein bygge hus med grunnflate på inntil 164 m2. Sjå bilete for plassering av desse
3 tomter er mellom 984 og 1158 m2. Her er utnyttelsesgrande på 25 %, så total grunnflate gå opp i 210 m2 om du ynskjer. På båe felta er det lov med 2 etasjer i fylgje reguleringsplanen.
Pris pr 1/9-21: kr 405.000 for dei minste til kr 520.000 for dei største. Vi reknar sats ut frå kvadratmeter.
Prisane blir indeksregulert ved nyttår.
Vi har og tomteområde for utvikling av to- og firemannsbustader, ta kontakt for tilbod om dette er av interesse.
BoligPartner - Jotunheimen Bygg AS
Beliggenhet
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.