Bildegalleri
Utbyggingsområde for hytter - / bustadfelt i flott område
Staurdalsvegen - Storehaug, 6953 Leirvik i Sogn- Totalpris
- 832 842 kr
- Omkostninger
- 32 842 kr
Pris på lån: fra 3 612 kr/mnd
Lånekalkulator fra 3 612 kr/mndEff.rente 6,82 %. 480 000 o/20 år. Kostnad: 386 880 kr. Totalt 866 880 kr.
LånekalkulatorEff. rente 12.73%. Eksempel: 130 000 kr over 5 år. Kostnad 43 382 kr. Totalt 173 382 kr.
Nøkkelinfo
Fasiliteter
Om eiendommen
Eigedom
Staurdalsvegen - Storehaug
6953 Leirvik i sogn
Om eiendommen
Eigedomen er eit utbyggingsområde for bustader / hytter . Det er avsett til 13 bustadtomter og 11 hyttetomter. Eigedomen ligg fint til i eit flott naturområde , med fin utsikt over Espelandsvatnet. Det er i tillegg ei smal landstripe på ca 500 m mellom Espelandsvatnet og fylkesvegen. Ca 7 km til nærbutikk bygdesenteret Leirvik og til kommunesenteret Hyllestad med barnehage, skule butikk, rådhus
og diverse andre kommunale og private sørvistilbod er det ca. 7 km.
Hefter/servituttar
Hefter, servitutter og grunndata som vil følgje eigedomen:
Heftelser:
1909/900029-1/54 Erklæring/avtale
05.07.1909 BESTEMMELSER OM AT DELER AV EIENDOMMEN / PÅSTÅENDE
BYGNINGER / TILBEHØR / RETTIGHETER, ER UNNTATT
Overført fra: 4637-58/2
Gjelder denne registerenheten med flere
1962/739-1/54 Håndgivelseserklæring
18.08.1962 RETTIGHETSHAVER: SVULTINGEN LL ELLER ORDRE
Overført fra: 4637-58/2
Gjelder denne registerenheten med flere
Grunndata
2016/766861-1/200 Registrering av grunn
25.08.2016 Denne matrikkelenhet opprettet fra:Knr:4637 Gnr:58 Bnr:2
Tomt
Areal: 191 526 kvm, Eigarform: Sjølveigartomt
Tomta er sett av til utbyggingsområde for bustader / hytter. Arealet er eit skog
og utmarksareal, og med ei smal landstripe mellom fylkesvegen og Espelandsvatnet.
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedomen er avsett til utbyggingsområde for bustader / hytter, avløpsanlegg og småbåtanlegg. Reguleringsplan: PlanID 2015002, denne ligg vedlagt i salsoppgåva.
Føresegnene til reguleringsplanen finn ein og i salsoppgåva, der kan spesielt nevnast.:
Historisk vegtrace
7.2 Rest av den tronhjemske postveg. Traceen kan nyttast som tur- og sykkelsti. Traceen
kan ikkje nyttast til motorisert ferdsel. Det må ikkje gjerast tiltak som kan skade,
øydelegge eller fjerne vegen.
Før tiltak i samband med attendeføring vert sett i verk, må det lagast kortfatta plan
for istandsetjing til tidlegare standard og for vedlikehald. Plan for tiltak må
godkjennast av kulturstyresmaktene før iverksetjing av tiltak.
Krav om omregulering for ei eventuell endra utbygging må påreknast.
Veg, vatn, avlaup
Det er ikkje opparbeidd tomtetekniske innstallasjonar for veg, vatn, avlaup og anna infrastruktur inn i området.
Tilkomst
Eigedomen ligg ved fylkesvegen.
Formueverdi
Blir fastsett når ny kjøpar overtek
Konsesjon
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig: Det må fyllast ut eigenærklæring om konsesjonsfrihet.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld utan bustadseljarforsikring. Interessentar pliktar å gjere seg kjend seljar si eigenerklæring før bodgjeving/kjøp. Erklæringa er vedlagt i salsoppgåva.
Finansiering
Ønskjer du rask avklaring på finansielle spørsmål kan du ta kontakt med meklar som kan sette deg i kontakt med kunderådgjevar i Sparebanken Sogn og Fjordane. Meklar mottek ikkje godtgjersle for dette.
Kvitvasking
Kjøpar og seljar pliktar å bidra til at eigedomsmeklar kan gjennomføre tilfredsstillande kundekontroll etter kvitvaskingsregelverket og må difor mellom anna legge fram gyldig legitimasjon, eigenerklæring på PEP, samt få stadfesta midlane kjem frå. Dersom eigedomsmeklar ikkje får utført slik kontroll kan ikkje eigedomsmeklar gjennomføre oppdraget/handelen. Eigedomsmeklingsføretaket skriv frå seg alt ansvar for eventuelle økonomiske krav som måtte følgje av ovannemnde høve.
Eigedomsmeklar har plikt til å gjennomføre kundekontroll. Dersom kjøpar ikkje bidreg til at eigedomsmeklar får gjennomført kundekontroll, kan ikkje eigedomsmeklar gjennomføre transaksjonen. I eit slikt tilfelle mislegheld kjøpar avtalen med seljar/oppdragsgjevar. Etter 30 dagar er misleghaldet til kjøpar vesentleg. Dette gir seljar/oppdragsgjevar rett til å heve og gjennomføre dekningssal for kjøpar si rekning.
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg og legitimert til meklar, som formidlar desse vidare til seljar. Dette gjer ein enkelt elektronisk ved å klikke på "gi bud" knappen på finn.no, via eigedomsmekling.no eller på bodskjema vedlagt salsoppgåva. Seinare bod kan gjevast per SMS eller via "gi bud" knappen på annonsa. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke og formidle det vidare til seljar.
Bod må ikkje ha kortare akseptfrist enn kl. 12.00 første virkedag etter siste annonserte vising. Bod med kortare frist enn dette kan ikkje formidlast av meklar.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama bør dei ikkje ha ein kortare akseptfrist enn 30 minutt frå bodet er gjeve.
Bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.
Meklar tek ikkje ansvar for forseinkingar på el-eller telenettet.
Under bodrunden kan akseptfristen kortast ned ved mottaking av nye bod. Akseptfristen frå kjøpar er absolutt. Det betyr at dersom seljar vel å akseptere bodet, må kjøpar meddelast aksepten innan akseptfristen går ut. Dersom du utset å gje inn bod til tett opp mot akseptfristen er det ei reell fare for at eigedomen kan bli seld før bodet ditt kjem fram til meklar.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som også er ein del av salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Nyttige lenker
EiendomsMegler 1 Sogn og Fjordane
Liv Stavøstrand
Medhjelpar
Beliggenhet
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.