Bildegalleri
Inaktiv
Grøn og landleg idyll – store tomter rett ved alpinbakke og sykkelstigar – få eit aktivt liv på bygda!
3570 ÅlPrisantydning185 360 kr
- Totalpris
- 207 064 kr
- Omkostninger
- 21 704 kr
Nøkkelinfo
Fasiliteter
Bilvei frem
Offentlig vann/kloakk
Utsikt
Fiskemulighet
Turterreng
Visning
Ta kontakt for å avtale visning.Adkomst
I Votndalen bustadfelt i Ål kommune er det ledig fire flotte bustadtomter.
Sjå området i kommunekart her: https://kommunekart.com/klient/hallingdal?urlid=51cfb909-ce9f-4223-ab0f-b1400b9cac8a

Beliggenhet
Ål kommune har fire ledige tomter i Votndalen bustadfelt til sals. Tomtene passar perfekt for deg som søker eit aktivt liv i den norske fjellheimen. Her har du gangavstand til Ål skisenter - ein av Noregs beste alpinbakkar - med svært sikre snøforhold.
I sommarhalvåret er det flotte forhold for sykling på fjellet. Frå bustadfeltet kan du også ta beina fatt og gå rett frå døra til flotte fjelltoppar på Votndalsåsen.
Tomtene ligg nydeleg til i eit vakkert kulturlandskap med jorder og beitemarker, og mange velholdte gårdsbruk. Votndalen er ei levande jordbruksbygd, og det er både sauer og alpakkaer på beite like ved bustadfeltet. Her kjem du tett på naturen og dyreliv!
I Votndalen er det trygt og godt å vekse opp. Bustadfeltet ligg i rolege omgjevnader, fritt for støy og forureining. Bustadfeltet har ein leikeplass tett på tomtene, og det er svært trafikksikkert (kun køyring til og frå bustadene).
Skule og barnehage:
Ål kommune har god barnehagedekning og opptak 1. mars kvart år. Votndalen soknar til flotte Nordbygdene skule og barnehage, som er ein barnehage for 1-5 år og skule for 1.-7. trinn.
Skulen og barnehagen deler eit flott og rommeleg uteområde. Takka vere gode naboar i bygda kan elevar og ungar boltre seg mykje ute; på jordene rundt og i skogen. Skulen er opplevd som trygg og god, og med tett kontakt mellom foreldre og lærarar. Skulen legg stor vekt på å bruke kunst- og kulturbygda Leveld aktivt i undervisninga, mellom anna med besøk på Leveld Kunstnartun.
Skuleelevar i Votndalen bustadfelt vil få trygg og god kommunal skuleskyss til Nordbygdene skule, som ligg ca 5 min køyring unna.
Dagleghandel
Like ved bustadfeltet finn du den døgnopne matbutikken Samhald. Her er alt du treng innan rekkevidde, når som helst på døgnet. Butikken er også ein sosial møteplass i bygda, og her finn du i tillegg ein butikk med barneklede, grafikkverkstad og eit tradisjonsrikt lefsebakeri. Samhald er i ei rivande utvikling og fleire tilbod og aktivitetar kjem snart.
Avstandar og offentleg kommunikasjon:
Frå Votndalen er det kun 10 minutt med bil (eller 25 minutt med sykkel) til butikkar, ungdomsskule og offentleg kommunikasjon i Ål sentrum. Med tog frå Ål stasjon er du i Oslo eller Bergen på tre timar. Vy Bergensbanen har fleire daglege avgangar.
Handel og kultur:
Ål er landets beste kulturkommune og kan by på kulturopplevingar i verdensklasse heile året. I Ål sentrum (Sundre) finn du Ål Kulturhus med konsertsalar, kino, bibliotek og kunstgalleri. Votndalen har også ein stor festival kvar sommar: Huck Bike Fest. Då kjem verdenseliten innan terreng- og downhillsykling til Ål, og festivalgjengarar i alle aldrar samlast i festivalområdet i Ål skisenter.
Fritid:
Ål er kjent for å ha eit svært godt oppvekstmiljø prega av inkludering og deltaking. Svært mange av kommunens barn og unge deltek i organisert aktivitet, enten i idrett, på kulturskule eller i friluftslivet. Mange av aktivitetane foregår i nærmiljøet. Fjellet Idrettslag har allidrett vår og haust, og langrenn- og skiskyting om vinteren. Dei har også trening for vaksne og organiserer open svømmehall på skulen. Leveld Teaterlag samlar folk i heile bygda på tvers av alder, til store teaterproduksjonar.
Livet i Ål kommune og Votndalen er, kort sagt, aldri kjedeleg! Kunst, kultur, teater, idrett, ski og fjell er ingrediensane for ein rik og variert kvardag, i ei heilt spesiell bygd oppunder fjella. Og her er det god plass til fleire. Velkomen til oss!
Helsetilbod:
Sentralt plassert i Sundre sentrum finn du lokalsjukehuset Hallingdal sjukestugu, Ål Luftambulanseteneste og Ål legekontor. Ål har med andre ord ein svært god helseteneste og eit stort fagmiljø innan helse og medisin.

Beskaffenhet
Du kan reservere ei tomt med ein frist på 2-4 veker til å bestemme deg om du vil kjøpe eller ikkje. Er det andre som har reservert tomta du er mest interessert i kan du sette deg på venteliste så vil du få melding når den som står før deg på lista har takka ja eller nei til tilbod om kjøp.
For å melde di interesse:
Skriv opp tomtene du ynskjer i prioritert rekkefølgje og send det inn pr e-post eller post til Reidun Aaker - reidun.aaker@aal.kommune.no - eller pr post til
Ål kommune,
Torget 1, 3570 Ål
v/Reidun Aaker.
Når du har kjøpt ei tomt, har du 2 års frist til å bygge bustadhus på tomta.
Reguleringsføresegner for Votndalen bustadfelt:
7.2 BUSETNADEN. (JFR. § 26 NR. 1B OG 1C).
E. Bebyggelsen skal utformast som frittliggande bygningar.
F. Bygningane skal ha saltak med takvinkel mellom 18 til 35 grader. Taktekkje skal ha avdempa farge.
G. Bygningsrådet skal ved handsaming av byggemeldingar sjå til at bebyggelsen får ei utforming og materialhandsaming som høver inn i byggeskikk og bygdekultur i området. Det skal leggast stor vekt på at plassering av bygningar og eksteriør gir ein god intern harmoni innafor feltet. Utvendige farger skal godkjennast av bygningsrådet.
H. Bygningar kan oppførast i ein etasjar, men loft kan utnyttast til rom vor varig opphald. Det same gjeld rom i sokkeletasje/kjellar når det ligg til rette for det.
I. Gesimshøgde skal ikkje overstige 5,0 m. Høgde frå terreng til møne skal ikkje overstige 8,0 m.
J. Plassering av bygningar på tomten skal fastsetjast av b.rådet.
K. Garasjar og uthus kan oppførast i ein etasje med grunnflate ikkje over 50 m², og skal vera tilpassa bustadhuset med omsyn til form, farge og materialval. Frittliggjande garasjer og uthus kan plasserast med ein vegg inntil 1,0 m frå nabogrense. Dersom terrengtilhøva eller andre særlege grunnar tilseier det, kan garasje/uthus plasserast inntil 4 m frå regulert vegkant når utkøyring frå garasje skjer på eigen gardsplass.
L. Plassering av garasje/uthus skal vera vist på situasjonsplan som fylgjer byggemeldinga for bustadhuset, sjølv om dei ikkje skal oppførast samstundes.
M. I tillegg til garasje skal det på kvar tomt vera oppstillingsplass for minst ein personbil.
7.3 UTNYTTING AV TOMTENE. (JFR. § 26 NR. 1D) Grunnflata av alle bygningar på bustadtomtene kal ikkje overstige 25 % av tomta sitt nettoareal.
7.4 FELLES AREAL. (JFR. § 26 NR. 1F)
Som åtkomst for enkelte tomter er det avsett felles trafikkareal som vist på planen.
7.5 UBEBYGD AREAL. (JFR. § 26 NR. 1I)
N. Ubebygd areal skal gjevast ei tiltalande behandling. Eksisterande vegetasjon må så langt råd er takast vare på.
O. Inga tomt på plantast til med tre eller busker som etter bygningsrådet sitt skjønn verkar skjenerande for offentleg ferdsel eller naboeigedommar.
P. Materialbruk, utforming og farge på gjerder, forstøtningsmurar, skilt, utelys m.v. må godkjennast av bygningsrådet.
Q. Tørkestativ, oljefat, søppelstativ o.l, skal plasserast slik at dei skjenerar minst mogleg.
R. Ubebygd del av tomta skal haldast i orden og god stand. Eventuell utandørs lagring må ordnast på ein tiltalande måte og om naudsynt skjermast mot innsikt.
S. Areal for kommunaltekniske anlegg som ikkje er bebygd, skal såast og plantast til, slik at det fell godt inn i naturmiljøet.

Regulering
Bustadbygging
NB: Knappen for å vise hele beskrivelsen har kun en visuell effekt.
NB: Knappen for å vise hele beskrivelsen har kun en visuell effekt.
Beliggenhet
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.