Bildegalleri
Sjøholtreitane - solrik utsiktstomt
6240 ØrskogPrisantydning490 000 kr
- Totalpris
- 502 750 kr
- Omkostninger
- 12 750 kr
Eff. rente 12.73%. Eksempel: 130 000 kr over 5 år. Kostnad 43 382 kr. Totalt 173 382 kr.
Nøkkelinfo
Fasiliteter
Bilvei frem
Offentlig vann/kloakk
Utsikt
Turterreng
Visning
Ta kontakt for å avtale visning.Adkomst
Køyr E136 til Sjøholt sentrum. Ta av ved rundkøyringa, og køyr vidare på Solnørdalsvegen. Ta av på Reitevegen.
Beliggenhet
Bustadtomta ligg på Sjøholtreitane som er eit godt etablert bustadfelt ovanfor Sjøholt sentrum. Tomta ligg i øvre del av feltet, og her kan kjøpar enten velge hus frå våre huskatalogar, eller vi kan spesialteikne huset akkurat slik du ønskjer det. Tomta er svært solrik, og ligg usjenert til i eit allereie etablert og roleg bustadområde. Det er gangavstand til Sjøholt sentrum som har eit svært breitt og variert servicetilbod. Kulturhus, kafè, treningssenter, lege, tannlege, bank og fleire daglegvarebutikkar med meir. Her er også småbåthavn, populære badestrender og mange turstiar i nærområdet. Ørskogfjellet er berre 10 minutt unna, og byr på fjellturar for ein kvar smak, og med fantastiske skiforhold om vinteren. Sjøholt er ei naturperle, og sentrum ligg omkransa av spektakulære fjell og med ei mektig utsikt utover Storfjorden. Heile året byr området rundt Sjøholt på rekreasjon og opplevingar i storslått og variert natur.
Beskaffenhet
Tomta ligg innanfor reguleringsplanen for Sjøholtreitane gnr. 697 bnr. 431. Arealformålet er frittliggande småhus. Tomta blir seld med to års byggeplikt. Det vil seie at kjøpar må ha starta trearbeidet på bustaden innan to år frå dato for tinglyst skøyte. Dersom dette ikkje er oppfylt har Møre Hus Bustad AS rett til å kjøpe tilbake tomta til den pris ho vart seld for (gjenkjøpsrett).
NB: Knappen for å vise hele beskrivelsen har kun en visuell effekt.
NB: Knappen for å vise hele beskrivelsen har kun en visuell effekt.
Systemhus - Møre Hus Bustad AS
Beliggenhet
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.