Bildegalleri
Blåstjerna bustadfelt på Søre Gjørøy.
Søre Gjørøy, 6987 BulandetEff. rente 12.73%. Eksempel: 130 000 kr over 5 år. Kostnad 43 382 kr. Totalt 173 382 kr.
Nøkkelinfo
Om eiendommen
Om prosjektet
Blåstjerna bustadfelt på Søre Gjørøy har store, vestvendte, solrike tomter som ligg fint til i vakre Bulandet.
Det følgjer rett til nausttomt med kvar tomt, frådeling av nausttomt er kostnad som evt. kjem i tillegg. I følgje reguleringsplane er det rett til å legge ut flytebrygge ved to av naustområda.
Gangavstand til butikk, kafé, barnehage, 10 årig skule og idrettsbane. Bulandet fiskeindustri ligg også i gangavstand frå tomtefeltet.
Feltet er regulert for bustad, og blir opparbeidd med gruslagd tilkomstveg, vatn, avløp og fiber til kvar tomtegrense. Det er ikkje buplikt i Askvoll kommune.
Beliggenhet
Blåstjerna bustadområde på Søre Gjørøy er regulert til bustadtomter, friområde og område for naust/sjøbuer.
Det er opparbeidd veg i feltet og framlagt vatn, kloakk,straum og fiber til tomtegrense.
Det er totalt 15 tomter i feltet, der 12 av dei er til sals no.
Saman med tomta får ein rett til nausttomt og rett til å legge felles flytebrygge på to plassar i området.
Oppmåling og frådeling av denne må kostast av kjøpar.
Området er vestvendt, ligg solrikt og fint til med gangavstand til nærbutikk, barnehage, 10 årig skule og idrettsbane.
Bulandet og Værlandet har eit nettverk av merka turstiar i heile øygruppa.
Øysamfunnet har eit aktivt nærmiljø med mange fritidstilbod, og mange unge familiar har til no etablert seg der.
Generell orientering
Eierform: Eigd tomt
Tomtene er store, areal oppgitt under:
Tomt nr. 4: 1700 m2
Tomt nr. 5: 1600 m2
Tomt nr. 6: 2100 m2
Tomt nr. 7: 2100 m2
Tomt nr. 8: 1800 m2
Tomt nr. 9: 1800 m2
Tomt nr. 10: 2100 m2
Tomt nr. 11: 2000 m2
Tomt nr. 12: 2000 m2
Tomt nr. 13: 2000 m2
Tomt nr. 14: 1900 m2
Tomt nr. 15: 1600 m2
Oppgitt areal er ut frå berekning gjort av konsulent, avvik/justering kan førekomme ved oppmåling i terreng.
Eigar pliktar om det er naudsynt, å gje Askvoll kommune og SFE rett til å leggje kablar og ledningar over tomta, samt føreta vedlikehald av desse.
Tomtene ligg vestvendt og flott til på Søre Gjørøy. Dei er kuperte med naturleg vegetasjon, berg og knausar.
Tomtane blir frådelt ved sal, dei er no merka med merkepinnar i terrenget.
I reguleringsplan er det gitt løyve til å etablere småbåthamn/flyte kai, område merka SAL1 og SAL 2 i reguleringsplan.
Kostnad med eventuell kai/hamn må dekkast av eigarane av nausttomtene/sjøbodtomtene.
Det blir etablert veg ned til området.
Garasje/parkering
Ein må opparbeide parkering på eiga tomt.
Tomt
Eigar pliktar om det er naudsynt, å gje Askvoll kommune og SFE rett til å leggje kablar og ledningar over tomta, samt føreta vedlikehald av desse.
Tomtene ligg vestvendt og flott til på Søre Gjørøy. Dei er kuperte med naturleg vegetasjon, berg og knausar.
Tomtane blir frådelt ved sal, dei er no merka med merkepinnar i terrenget.
I reguleringsplan er det gitt løyve til å etablere småbåthamn/flyte kai, område merka SAL1 og SAL 2 i reguleringsplan.
Kostnad med eventuell kai/hamn må dekkast av eigarane av nausttomtene/sjøbodtomtene.
Det blir etablert veg ned til området.
Overtakelse
Så snart tomt er frådelt og det er opparbeidd tilkomstveg fram til tomtegrense.
Hvitvaskingsregelverk
Meklarføretaket er underlagt lov og forskrift om kvitvasking der det går fram at meklar er forplikta til å gjennomføre kundekontroll av begge partar i avtalen. Dette inneber at både kjøpar og seljar pliktar å leggje fram gyldig legitimasjon slik at identitet kan stadfestast før handelen vert gjennomført etter innhaldet i avtalen. Partane er også pålagt å svare på nærare beskrivne spørsmål om transaksjonen. Desse kan vere teke inn i sjølve kontrakten eller andre dokument i samband med transaksjonen.
Dersom slik kundekontroll ikkje kan gjennomførast er meklar pålagt å avstå frå å gjennomføre transaksjonen. Ansvaret for at kundetiltak ikkje kan gjennomførast ligg på partane sjølve og meklarføretaket kan ikkje haldast ansvarleg for eventuell stopp i transaksjonen. Partane er sjølve ansvarlege for eventuelle kostnader og ansvar dette kan medføre.
Budgivning
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.
Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.
Ansvarlig megler
Randi Vigdal
Regulering
Nyttige lenker
EiendomsMegler 1 Sogn og Fjordane
Beliggenhet
Annonseinformasjon
FINN-kode | 378886864 |
---|---|
Sist endret | 04. nov. 2024 09:57 |
Referanse | 2000245007 |
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.