Bildegalleri
Familievennleg og naturnært med kort veg til alt du treng | 5 einebustadtomter
6060 Hareid- Totalpris
- 878 000 kr
- Omkostninger
- 28 000 kr
Pris på lån: fra 4 040 kr/mnd
Lånekalkulator fra 4 040 kr/mndEff.rente 6,76 %. 595 000 o/25 år. Kostnad: 617 000 kr. Totalt 1 212 000 kr.
LånekalkulatorNøkkelinfo
Fasiliteter
Visning
Ta kontakt for å avtale visning.Beliggenhet
Vel eit kataloghus eller design din draumeheim saman med oss
No kan du sikre deg ei av dei fem einebustadtomtene som blir liggjande øvst på Brekkane Bustadfelt. Her kan du byggje bustad etter eige ynskje og budsjett saman med oss. Brekkane Bustadfelt består av opp til 48 bustadar. Feltet får eigne leikeplassar til barna og det kjem støyvoll langs riksvegen, til glede for nye og gamle bustadar på feltet.
Er du tidleg ute og melder interesse står du først i køen til å velje tomta som alle vil ha.
Sjekk ut vår bustadveljar på Brekkane.no
Familievennleg bustadfelt – i sentrum av 5 minuttsbygda
Brekkane Bustadfelt ligg i naturskjønne Hareid. Her har du kort veg til alt du treng i kvardagen og meir til.
Kanskje du har høyrt om 15-minnuts-byen, der alt skal være innan 15 min gangavstand? I Hareid får du oppleve vår eigen versjon: 5-minuttsbygda, rett nok ved hjelp av bil innimellom.
- Likar du å gå i fjellet? Stien opp er berre 5 minutt unna!
- Treng du å handle? Du kjem deg til butikken på 5 minutt!
- Er det du som leverer i barnehage? 5 minutt, så er du der!
- Går ungane på skule? Det held at dei kjem seg ut døra fem på skulestart!
- Skal du trene? Treningssenter, idrettsanlegg og symjehall er 5 minutt unna!
- Glad i kort veg til jobb? 5 minutt innan rekkevidde!
- Er du ein strandløve? 5 minutt, så kan du leggje på svøm frå det vi meiner er beste stranda på Sunnmøre!
Nesten like nært finn du:
- Butikkar, kafear, restaurant, helsehus, ferje- og hurtigbåtkai
Om Hareid vert det sagt at ligg i sentrum på Sunnmøre og det er vi heilt einige i! Plasseringa er ideell for pendling til Ålesund, anten via hurtigbåt eller ferje. Tek du bilen fatt kan du kome deg til alt mellom Ullstein og Volda på 15-45 min. Heilt overkomeleg tidsbruk til kvardags, og ikkje meir enn det mange Oslo-folk brukar for å kome seg til og frå jobb.
Om du vil besøke nemnde Oslo-folk, er det forresten under timen frå døra di på Hareid til gaten både på Ålesund lufthamn og Ørsta-Volda lufthamn.
Jobb og fritid i Hareid
Vi må særskilt nemne Hareid sine moglegheiter for fritids- og rekreasjonsaktivitetar. Hareidlandet har eit enormt tal på turstiar, både bratt og slakt, og etter ein tur på ein av desse, kan du ta deg eit sjøbad og ein tur i saunaen midt i sentrum.
Hareid opplev stadig vekst, og har fleire hjørnesteinsbedrifter som har eit enormt behov for teknisk kompetanse. Ta gjerne kontakt om du ynskjer å prøve noko nytt og lurer på moglegheitene for ei karriere i ei av desse bedriftene.
Beskaffenhet
Det er byggjeklausul med Blink Hus Søre Sunnmøre. Ta gjerne kontakt med oss for ein uforpliktande prat eller avtale visning.
Tomt
Eigd tomt. Areal vert målt opp før signering av kontrakt.
Tomt 1 (boenhet 28 på oversiktsbilete). Ca 900 m2. Pris 1.100.000,-
Tomt 2 (boenhet 29 på oversiktsbilete) Ca 900 m2. Pris 1.100.000,-
Tomt 3 (boenhet 30 på oversiktsbilete) Ca 700 m2. Pris 850.000,-
Tomt 4 (boenhet 31 på oversiktsbilete) Ca 900 m2. Pris 1.100.000,-
Tomt 5 (boenhet 32 på oversiktsbilete) Ca 900 m2. Pris 1.200.000,-
Om Blink Hus Søre Sunnmøre
Når vi skal hjelpe deg med å bygge husdraumen står dine behov i fokus. Våre tilsette stiller med brei kompetanse, lang erfaring, og ein tydeleg motivasjon for å levere kvalitet over tid. I ei utfordrande og turbulent tid for byggebransjen, står vi fjellstøtt takka vere berekraftig og framoverlent drift gjennom mange år. Vi er difor eit trygt val for våre kundar, både no og i framtida.
Ta kontakt eller meld interesse i dag så held me deg informert på vegen mot din nye bustad.
Nyttige lenker
Blink Hus Søre Sunnmøre
Beliggenhet
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.