Bildegalleri
Dragsundråsa
Nytt bustadfelt i Dragsundråsa med 6 tomannsbustader
Dragsundråsa, 6080 GurskøyPrisantydning
4 590 000 kr
Kort om prosjektet
Dette er eit nytt bustadfelt i Dragsund. Her kjem det tomannsbustader og fleire einebustader. Tomannsbustadane er store og moderne med to opphaldssoner med stove og TV-stove, fire soverom, kjøken, terrasse med glasrekkverk, bad, bod, carport og bod.
Prosjektets status
Planlegging
Grunnarbeider pågår
Salgsstart
Salget er i gang.
Byggestart
Tømrerarbeidet startar ved eit salg.
Overtakelse
2022
Nøkkelinfo
- Boligtype
- Tomannsbolig
- Soverom
- 4
- Antall etasjer
- 2
- Primærrom
- 118 m²
- Bruksareal
- 131 m²
- Eieform
- Eier (Selveier)
- Energimerking
- B - Oransje
Fasiliteter
Enheter i prosjektet
Sorter etter
Visning
Ta kontakt for å avtale visning.Beskrivelse
Ferdigstilling:
Bustaden vert levert i tråd med Teknisk Forskrift av 2017, og etter vårt nøkkelferdige konsept. Dusjveggar, møblar, kvitevarer og belysning er ikkje inkludert.
Utvendig overflate:
Bordkledninga vert levert med to strøk beis (eitt strøk grunningsfarge og eitt mellomstrøk). Her må ein rekne med å male det siste strøket som eigeninnsats. På taket vert det levert takpapp. Berande konstruksjonar og dekke på balkong/terrasse består av trykkimpregnerte materiale og glasrekkverk.
Innreiing/måling:
Innvendige veggar leverast med kvitmalte tak- og veggplater frå Huntonit. Dører, vindauge, listverk og fôringar til vindauga er kvitmalte. Veggar og golv på bad er flislagde. På vaskerom vert veggane Huntonit veggplater, og på golvet er der flis. På golvet i alle andre tørre rom vert det levert Berry Alloc høgtrykkslaminat. Det er bod bak garasjen, og det vil vere tilkomst opp til bustaden. I boda vert plassering av V.V.T. og balansert ventilasjon. Veggane i boda er kledde med Huntonit, og på golvet er det flis.
Kjøken, bad- og garderobeinnreiing:
Kjøken- og baderomsinnreiing er av type Nordsjø, Riga serien, levert av Hygge Design AS. Her kan du velje mellom fleire standardfargar. Kjøken- og baderomsinnreiing vert leverte i h.h.t. arkitektteikning. Spegelen på bad har integrerte lys. Det vert levert 1m garderobeskap til kvar sengeplass, og desse vert plasserte i h.h.t teikning.
Røyrleggjararbeid:
Anlegget vert levert komplett, og omfattar blant anna varmtvasstank (200L), avløp og uttak for vaskemaskin og oppvaskmaskin. Dusjbatteri med garnityr til badet er i h.h.t teikning. Det som er stipla er ikkje med i leveransen frå Mesterhus, men er stipla inn for å vise mogleg plassering. Til kvar bustad er det med utvendig vasskrane.
Ventilasjon og oppvarming:
God ventilasjon er avgjerande for eit godt innemiljø, og for å halde oppvarmings-utgiftene så lave som mogeleg. Difor vert bustadane leverte med balansert ventilasjon med varmegjenvinnar. I tillegg har bustadane vedomn og stålpipe.
Elektriske installasjonar:
Elektrisk anlegg er utført etter gjeldande forskrifter. De skal ha eige møte med elektrikar, og der går de gjennom punktplassering i din bustad.
Uteplass:
Leilegheitene har terrasse mot sør. Plenen leverast planert med stedlige masser. Ein må rekne med å plukke stein i molda før tilsåing. Interne vegar vert levert med grus.
Nøkkelferdig
Bustadane vert leverte nøkkelferdige. Dersom du skal ha ein standard leveranse, så slepp du å gjere nokon form for eigeninnsats. Husværet er så ferdig at du kan flytte rett inn. De treng berre å vaske ned før du flytter inn.
I vår standardleveranse leverer vi ikkje kvitevarer til kjøkenet, vaskemaskin, frysar, lampar, spottar, møblar, dusjkabinett eller dusjveggar. Kjem du inn tidleg i prosessen, så vil vi lose deg gjennom slik at du kan få huset slik du ynskjer det.
Endringar og betaling
Kjem du tidleg inn i byggeprosessen, så kan du også sjølvsagt gjere dei endringane du ynskjer slik at bustaden vert tilpassa ditt ynskje. Vi har ein god standardleveranse til ein fordelaktig pris.
Du får fast pris hos oss. Då er du trygg på at kontraktssummen er fast fram til du skal ta over og flytte inn. I tillegg så betaler du kontraktssummen først når du skal ta over bustaden. Gjer du endringar med nokon av våre underleverandørar, så kan det vere at du må betale for dei endringane når leverandøren har levert varene i din bustad.
Beliggenhet
Mesterhus - Tømrer Prosjekt AS
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.