Bildegalleri

Leilegheita som er ledig er snr. 9. Den ligg solrik til med sol frå både sør og vest. Her har du kveldssol lenge om sommaren. Leilegheita ligg på hjørne, første etg.

Rotset

Prestegata 19E

Stor leilegheit med tre soverom, stor stove, til sals på Rotset i Volda. Her er alt ferdig, klart til å flytte inn.

Kart med kartnålPrestegata 19E, 6100 Volda

Prisantydning

5 290 000 kr

Totalpris

5 290 000 kr

Kort om prosjektet

I Prestegata byggd vi eit bustadprosjekt med totalt 20 leilegheiter. Kvar bustad har carport med sportsbod. I tillegg er der god gjesteparkering, sykkelparkering og nedgravne søppelsorteringsanlegg. Her får du ein enklare kvardag. Seksjon 9 her direkte tilkomst frå bakkeplan.

  • Planlegging

    Leilegheita er innflytningsklar

  • Salgsstart

    Prosjektet vart påbegynt i november 2021

  • Byggestart

    November 2021

  • Overtakelse

    2024

Nøkkelinfo

Boligtype
Leilighet
Soverom
3
Antall etasjer
1
Primærrom
126 m²
Bruksareal
126 m²
Balkong/Terrasse
16 m² (TBA)
Eieform
Eier (Selveier)
Energimerking
B - Mørkegrønn

Les mer om bruksareal her

Fasiliteter

Heis
Gjesteparkering
Garasje/P-plass
Hage
Balkong/terrasse
Turterreng
Bredbåndstilknytning
Utsikt
Sentralt
Balansert ventilasjon
Lademulighet

Enhet i prosjektet

Sorter etter

Nedoverpil
EnhetEtasjeP-romSoveromTotalpris
091126 m²35 290 000 kr

Visning

Ta kontakt for å avtale visning.

Beskrivelse

Skildring om leveransen og kor den ligg i Volda

Prestegata 17 og 19 ligger på Rotset. Det er bygd to blokker med til saman 20 bustadar.
Litt om den ledige leilegheita, seksjon nr. 9;

  • Leilegheita som er ledig er 126 m² bruksareal inkl sportsbod i carporten.
  • Bustaden har tre soverom
  • Stort kjøken
  • Stor stove
  • Stor og solrik terrasse med glasrekkverk
  • Bad
  • Gjestetoalett
  • Vaskerom
  • Stor bod
  • Carport med sportsbod


Bustaden har moderne utforming med lyse malte overflater og god kvalitetar. Kjøken- og baderomsinnreiing er levert av Hygge Design.

Bustaden ligg med fasade mot vest med utsikt over Voldsfjorden og Volda sentrum. Bustaden har eigen carport med ei stor låsbar sportsbod på 5m². I tillegg er der godt med gjesteparkeringsplassar. Området har også eigen sykkelparkering, og nedgravde søppelkonteinarar.

I nærområdet finne du m.a.; OBS Bygg, bilverksted, daglegvarebutikk, Osdal Catering, bensinstasjon, skular, Volda Campus Sparebank 1 Arena, Høgskulen, berre for å nemne noko.
Vil du gå til sentrum så vil du bruker omlag 5 min.
Parkeringsplassar og tilkomstveg er asfalterte. Vi leverer ferdig tilsådd plen og nyplanta hekk.

Skildring av leilegheitene

Ferdigstilling:
Bustaden vert levert i tråd med Teknisk Forskrift av 2017, og etter vårt nøkkelferdige konsept med nokon endringar for snr. 9. Der har vi tatt med dør til dusjen og spottar med dimmar som innvendig belysning.

Utvendig overflate:
Utvendig bordkledning vert leverte med to strøk, eitt grunningsstrøk, og eitt mellomstrøk. På taket vert det levert takpapp. Berande konstruksjonar og dekke på balkong/terrasse består av trykkimpregnerte materiale.

Innreiing/måling:
Himling i leilegheita har malt gips. Veggane har huntonittplater som har slette malte overflater. Dører, vindauge, listverk og fôringar til vindauga er kvite. Veggar og golv på bad er flislagde. Innvendig bod med varmtvannstank har fliser på golvet.

Kjøken, bad- og garderobeinnreiing:
Kjøken og baderomsinnreiing er av type Nordsjø Riga serien.
Spegelen på bad har integrerte lys. Det vert levert med skyvedørsgarderobe på hovudsoveromet og vanlige kombi garderobeskap på dei to andre soveroma. På kjøkenet er der montert oppvaskmaskin, komfyr og platetopp samt kjøleskap med frysar som kombiskap. Alt er integrert i kjøkeninnreiinga.

Rørleggjararbeid:
Anlegget vert levert komplett, og omfattar blant anna varmtvasstank (200L), avløp og uttak for vaskemaskin og oppvaskmaskin. Dusjbatteri med garnityr til badet, i h.h.t teikning. Til kvart hus vert det levert utvendig vasskrane.

Ventilasjon og oppvarming:
God ventilasjon er avgjerande for eit godt innemiljø, og for å halde oppvarmingsutgiftene så lave som mogeleg. Difor vert bustadane leverte med balansert ventilasjon med varmegjenvinnar. Leilegheitene er levert med vannboren varme med el. kolbe i stove og kjøkkenet. Der er varmekabel på badgolvet

Elektriske installasjonar:
Elektrisk anlegg er utført etter gjeldande forskrifter. Alle rom har spottar i himlinga. Det vert levert rikeleg med stikkontakter i alle rom.

Uteplass:
Leilegheitene har terrasse/veranda. Plenen er lever tilsådd, og det er planta hekk. Felleshage har reiestativ, sandkasse og benkar på plenarealet. Intern tilkomstveg er asfaltert og grusa.

Nøkkelferdig

Vi leverer bustadane våra, nøkkelferdige i h.h.t. vår std. leveranseskildring. Når du vel vår standard så slepp du å gjere nokon form for eigeninnsats. Husværet er fiks ferdig, og leilegheita er ferdig vaska ned slik at du kan berre flytte rett inn i denne store og flotte bustaden på Rotset i Volda sentrum.

Betaling

Bustaden er ferdig, og klar til at du kan flytte rett inn. Betaling skjer når du skal ta over bustaden. Dokumentavgifta til staten er INKLUDERT i salsprisen. Prisen som er i prospektet er det du skal betale.

Beliggenhet

Kart med kartnålPrestegata 19E, 6100 Volda

Annonseinformasjon

FINN-kode232986040
Sist endret21. nov. 2024 08:49

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.