Bildegalleri

Fasade, illustrasjon

Pinndalen

Moderne tomannsbustad med 4 soverom

Kart med kartnålStorelia, 6813 Førde

Prisantydning fra

5 250 000 kr

Prisantydning til

5 350 000 kr

Totalpris fra

5 268 000 kr

Totalpris til

5 368 000 kr

Kort om prosjektet

Vi utvidar no med ein ny tomannsbustad i Pinndalen, og det blir den femte i rekkja. Pinndalen er eit vekstområde som passar for både førstegongs kjøparar, nyetablerte par, barnefamiliar og eldre som ser etter eit triveleg og trygt nabolag.

  • Planlegging

    Utarbeider salsprospekt

  • Salgsstart

    Høst 2024

  • Byggestart

    Etter 50% salg

  • Overtakelse

    Avhengig av salg

Nøkkelinfo

Boligtype
Tomannsbolig
Soverom
4
Antall etasjer
2
Primærrom
114 m²
Bruksareal
124 m²
Eieform
Eier (Selveier)

Les mer om bruksareal her

Fasiliteter

Gjesteparkering
Garasje/P-plass
Hage
Peis/ildsted
Balkong/terrasse
Turterreng
Bredbåndstilknytning
Utsikt
Sentralt
Balansert ventilasjon
Lademulighet

Enheter i prosjektet

Sorter etter

Nedoverpil

Visning

Ta kontakt for å avtale visning.

Beskrivelse

Pinndalen

Pinndalen er et attraktivt og familievennleg område som passer både for nyetablerte, barnefamiliar og eldre. Med denne utvidinga, held vi fram med å skape eit levande og inkluderande bumiljø der alle kan finne sinn plass. Her er det lagt vekt på både fellesskap og privatliv. I nærområdet har vi bygd ein leikeplass med apparat for barn i alle aldersgrupper, samt avsett plass for å etablere ein ballbinge.

Er du glad i friluftsliv, ligg området idyllisk til ved foten av Hafstadfjellet, og du har kort veg til naturopplevingar som turløyper og friluftsområde. Pinndalen er godt plassert nært det meste du treng i kvardagen – med kort avstand til daglegvarebutikk, skule og barnehage. Her er det også trygt å sende barna til Sunde skule, som ligg i nærområdet. På den nye gang og sykkelvegen kan du vera trygg på at dei kjem seg til og frå skulen på ein enkel og trygg måte.

Med andre ord får du det beste av begge verdener i Pinndalen – eit romsleg bustadområde med god plass i fredelege omgjevnader, samtidig som du er tett på byen med alle fasilitetane som gjer kvardagen enklare.

Arkitekten har vektlagt tidsriktig, funksjonell design og smarte rom løysningar. For å skape eit miljø som er ideelt både for førstegongskjøpar og nyetablerte, så vel som for barnefamiliar og eldre. Tomannsbustadane er perfekte for deg som treng litt meir av alt.

Bustadane våre er utforma for å gi romlege og funksjonelle løysingar, med god plass til både kvardagsliv og sosialt samvær. Planløysingane er både praktisk og gjennomtenkt. Med stor takhøgd og store vindauge slepp du inn rikeleg med sollys, og du får kjensla av store, luftige rom. Her får du eit moderne bumiljø med reine linjer og eit kubistisk formspråk.

Uteområdet er omkransa av naturvennlege uteområder som sikrar privatliv i vakre, naturskjønne omgjevne. Vi har lagt vekt på at du skal få mest mogleg ut av uteområdet – ikkje minst den sørvendte hagen, som gir rom for privatliv tett på naturen.

Fire soverom eller to stover – valet er ditt. Her får du heile 123 m², med blant anna to bad, eget vaskerom, fire soverom, og ei open stove/kjøkkenløysing som gir deg moglegheit til å vere sosial, sjølv når du briljerer på kjøkkenet. Dette er ein gjennomtenkt heim med praktiske løysingar som er tilpassa det gode liv. Eininga har ei bod for oppbevaring innvendig. I tilegg følgjer det med ei sportsbod utvendig. Sportsboda vil ligge ved inngangsdøra, der vi held fram med den praktiske byggeskikken med eit overbygd inngangsparti som er tilpassa det Vestlandske klimaet.

Parkering. Det føljer også med to stykk utvendige parkeringsplassar per bueining, her er det sjølvsagt moglegheit til å sette opp carport eller garasje med el-billading om ønskeleg.

Fleksibilitet og personleg tilpassing, sjølv om vi har ein god standardleveranse på bustadane våre, så har vi alle vår eigen stil. Vi veit kor viktig det er å føle seg heime, og å kunne sette sitt eigne preg på omgivnadane. Derfor tilbyr vi alle våre kundar eit møte der vi går gjennom tilvalsmoglegheitene for bustaden. Her får du moglegheita til å påverke utforminga og tilpassa detaljer som gjer bustaden akkurat slik du ønskjer, enten det gjeld fargar, materialval eller spesielle funksjonar. Vi ønsker at du skal føle deg trygg og inspirert i heimen din, og er her for å støtte deg i prosessen. Ta kontakt med oss for å avtale eit møte, og saman skapar vi den perfekte bustaden for deg.

Tryggheit og garantiar Når du kjøper hus med Byggmester Stølsvik, får du meir enn berre ein ny bustad – du får tryggheit og kvalitet du kan stole på. Vi veit kor viktig det er å kjenne seg sikker i eit nytt heim, og derfor har vi strenge kvalitetskrav i alle ledd av byggjeprosessen. Med byggegarantiar og solid kunnskap i botn, sikrar vi at du kan føle deg trygg på at bustaden din er bygd for å vare. Våre garantiar dekkjer det meste, frå materialkvalitet til utføring, slik at du slepp bekymringar.

Byggmester Stølsvik har mange års erfaring, og vi er stolte av å kunne levere bustadar med høg standard og moderne løysingar. Vårt mål er å gi deg ein heim som både funksjonell og komfortabel, der kvaliteten er tydeleg i kvart rom. Vi ønskjer at du skal kjenne deg trygg på investeringa di, med ein bustad bygd med solid handverk og høg kvalitet av Byggmester Stølsvik.

NØKKEL FERDIG

INNVENDIGE VEGGAR
Innvendige veggar utførast i isolert bindingsverk. Alle tørre rom blir utført med ferdigmalte plater av typen huntonitt mikrofuge. Sjå eige romskjema for farger.
Bad og vaskerom blir utførast med gips m/strie og våtroms maling. I dusjsone blir det levert flis i størrelsen 30x30cm. Sjå eige romskjema for farger.

INNVENDIGE GOLV
På tørre rom blir det levert parkett og klikk vinyl frå Kährs. Sjå eige romskjema for farger.
På våtrom blir det levert keramisk flis i 30x30cm størrelse. Sjå eige romskjema for farger.

INNVENDIGE TAK
Alle innvendige tak blir levert med Huntonit Antikk ferdigmalte takplater. Sjå eige romskjema for farger.

LISTVERK OG FORINGAR
Alle lister og foringar blir levert ferdig fabrikkmalt frå leverandør i fargen NCS S 0502-Y. Det blir levert slette karmlister i 12x058mm, taklister av typen dobbel skygge 21x034mm, slette golvlister i størrelsen 12x058mm. Innvendige, utvendige og overgangs lister for veggplater, leverast ferdig fabrikkmalt frå leverandør fargen NCS S 0502-Y. Alt av listverk blir levert med synlege spikarhol.

VINDU
Vindauge leverast med energiglas med U-verdi ihht energiberekning med utvendig alu-kledning. Vindaugsramme og karmar kjem ferdig fabrikkmålt i Antrasitt grå (RAL 7016)

DØRER
Innvendige dører blir levert fra BYGG1 typen Sletten kompakt. Farge kvit NCS S 0502-Y. Dempepakning i dørkarm er standard for alle innerdører.
Ytterdører er isolerte dører av tre levert av BYGG1 typen Hovdeby-med frosta glass. Farge mørk grå NCS S7500-N på begge sider.
Balkongdører leverast med energiglas med U-verdi ihht energiberegning med utvendig alu-kledning. Vindusramme og karmar kjem ferdig fabrikkmålt i Antrasitt grå (RAL 7016)
Sportsbod dør av tre levert av BYGG1 typen Moss. Farge mørk grå NCS S7500-N på begge sider.

YTTERVEGGAR
Ytterveggar vil bli oppført med 200mm isolert bindingsverk +50mm påforing innvendig, med utvendige vindavstivning, vindsperre, deretter utlekting og forblending med kledning.

UTVENDIG MATERIALE
Utvendig er det valt dobbelfalsa Moelven Værbitt 19x148 tre kledning, med ein kombinasjon av fargen skifer grå og svart. Som krev lite vedlikehald.
All utvendig tre kledning vil bli levert med Cu-impregnering som er inn farga med transparent beis, som gev den beste råtebeskyttelsen, med en teknisk levetid på 60 år.

YTTERTAK
Yttertak vil bestå av 40cm isolasjon utvendig tekka med protanfolie.

TERRASSAR/BALKONGAR
Til kvar bustad er det utvendige balkong og terrasse. Desse vil bli av trykkimpregnert materiale med 28x120mm trykkimpregnerte terrassebord. Terrasse over sportsbod og inngangsparti har tett dekke med 28x120mm trykkimpregnerte terrassebord opp på. Alle andre balkongar og terrassar er opne. Det bli montert glasrekkverk på balkong og terrasse over inngangsparti og sportsbod. Terrasse på bakside av bustaden vil ikkje ha rekkverk.

SPORTSBOD
Alle leilegheiter blir levert med sportsbod på minimum 5m2. Veggar og tak leverast u-innreda, medan golvet er av ubehandla betong.

BRANN
Kvar bustad er ei eiga branncelle. Leilegheitene har røykvarslar i soverom og stove/kjøkken, og leverast med 1 stk brannslokkingsapparat.

Beliggenhet

Kart med kartnålStorelia, 6813 Førde

Annonseinformasjon

FINN-kode235037713
Sist endret17. des. 2024 14:41

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.