Bildegalleri

Bilder frå leilegheit 2 bygg 10 som no er solgt

4-mannsb. Nihusbakken - Skodje

Nihusbakken Skodje - Flotte 3-roms leilegheiter med nydelig utsikt - Leilegheit 1-10 klar til innflytting

Kart med kartnålNihusbakken, 6260 Skodje

Prisantydning fra

3 480 000 kr

Prisantydning til

3 780 000 kr

Totalpris fra

3 491 300 kr

Totalpris til

3 791 300 kr

Kort om prosjektet

Kjempefine leilegheiter i 4-mannsbustad med ei sjeldan flott plassering i det nye bustadfeltet Nihusbakken. Lun og solrik plassering, og fantasktisk utsikt til fjord og fjell. Praktiske leilegheiter som inneheld stue/kjøkken, to soverom, entrè/gang, bod og bad/vaskerom.

  • Planlegging

    Bygget er ferdig oppført

  • Salgsstart

    Leil. 1 bygg 10 klar for innflytting

  • Byggestart

    Bygget er ferdig oppført

  • Overtakelse

    Etter avtale med kjøper

Nøkkelinfo

Boligtype
Leilighet
Soverom
2
Bruksareal
86 m²
Eieform
Eier (Selveier)
Energimerking
B

Les mer om bruksareal her

Fasiliteter

Balansert ventilasjon
Hage
Turterreng
Sentralt
Bredbåndstilknytning
Garasje/P-plass
Balkong/terrasse
Utsikt

Enheter i prosjektet

Sorter etter

Nedoverpil

Visning

Ta kontakt for å avtale visning.

Beskrivelse

Det nye bustadfeltet Nihusbakken ligg i hjartet av Skodje med kort veg til sentrumsfunksjonane. Dette er ein av dei lunaste og mest solrike plassane på Skodje, og kan i tillegg by på ei fantastisk utsikt mot både fjord og fjell. Området ligg under fjellfoten der stien til Nihusen startar, og her er vi godt i gang med ei etterlengta utbygging der vi ønsker å skape eit godt bumiljø for alle.

Dei to første 4-mannsbustadane (bygg 7 og bygg 11) er ferdige, og alle leilegheitene er selde. Dei tre neste 4-mannsbustadene, bygg 8, 9 og 10 har kome langt i byggeprosessen, og i bygg 10 har vi ei ferdigstilt leilegheit for salg. Dette er praktiske leilegheiter som inneheld stue/kjøkken, to soverom, entrè/gang, bod og bad/vaskerom. Sjå oversikt lengre nede som viser kva for leilegheiter som er ledige.

Kvar leilegheit har ein parkeringsplass i carport, og separat sportsbod i carport. Nokre av leilegheitene i underetasjen har også ei ekstra utebod på nedsida av carporten. Leilegheitene har utgang frå stue til terrasse. Terrassane til leilegheitene i 1. etasje vert bygd med tredekke og rekkverk. Terrassedekket er tett, slik at leilegheitene i underetasjen får overbygg/tak over sin terrassedel. Delar av hage er eksklusivt areal for leilegheiter i underetasjen.

Plassering

Sentral plassering i det nye bustadfeltet Nihusbakken bak Skodje omsorgssenter. Gangavstand til sentrumsfasilitetar som butikkar, barnehage, barne- og ungdomsskule, idrettsanlegg, kulturhus, omsorgssenter, legekontor, treningssenter, busstopp m.m. Flott turterreng, skiløyper, golfbane m.m. i nærområdet.

Skodje har eit flott fjordlandskap med gode vilkår for friluftsliv. Nihusbakken bustadfelt ligg svært landleg til, samtidig som det er sentralt og kort veg til det meste. Digerneset næringspark er berre nokre minutt unna med bil, og her er mange aktørar etablert, og stadig fleire kjem til. Køyretid til Moa 15 minutt, og til Ålesund sentrum 25 minutt.

Beskriving av leveransen

Leilegheitene vert levert klar til følgjande eigeninnsats:

  • Sparkling/maling/tapetsering av gispveggar og evt. gipshimlingar
  • Membran, flis og flislegging av våtrom
  • Golv og golvlegging i tørre rom


Leilegheitene kan leverast heilt eller delvis klar for innflytting mot avtalt tillegg. Ta kontakt for informasjon om prisar. Kjøpar vil sjølv kunne velje standard på veggar og golv, og om ønskjeleg velje anna kjøkken- og baderomsinnreiing frå Kvik enn den som er med i leveransen.

Bygg 10
Leil. 1 u. etg. BRA 85,9m² 3 780 000,- (klar til innflytting)
Leil. 2 u. etg. BRA 85,9m² SOLGT
Leil. 3 1. etg. BRA 88,1m² SOLGT
Leil. 4 1. etg. BRA 88,1m² SOLGT

Bygg 9
Leil. 1 u. etg. BRA 85,9m² 3 480 000,- (klar til eigeninnsats)
Leil. 2 u. etg. BRA 85,9m² 3 480 000,- (klar til eigeninnsats)
Leil. 3 1. etg. BRA 88,1m² SOLGT
Leil. 4 1. etg. BRA 88,1m² SOLGT

Bygg 8
Leil. 1 u. etg. BRA 85,9m² 3 480 000,- (klar til eigeninnsats)
Leil. 2 u. etg. BRA 85,9m² 3 480 000,- (klar til eigeninnsats)
Leil. 3 1. etg. BRA 88,1m² SOLGT
Leil. 4 1. etg. BRA 88,1m² SOLGT

Følgjande er med i standardleveransen:

  • Kjøkkeninnreiing frå Kvik
  • Baderomsinnreiing frå Kvik
  • Varme i golv på bad og ytre del av entrè
  • Skyvedørsgarderobe med dører i klart speil i entrè
  • Garderobeskap på soverom
  • Balansert ventilasjon frå Villavent
  • Luftventilert pipe
  • Rør i rør system
  • Frostsikker utekrane
  • Innerdører type Swedoor Unique
  • Ytterdør type Hovdeby frå Bygg1
  • Platt ved inngangsparti støypt i betong
  • Asfaltert veg og parkeringsareal
  • Biloppstillingsplass og sportsbod i carport

Fordelar ved kjøp av heilt ny leilegheit

Det er mange fordelar med å kjøpe ny leilegheit kontra det å kjøpe brukt, og tenk på den gode følelsen av å flytte inn i ei splitter ny leilegheit som ingen har budd i før.

  • Alt er nytt, ikkje behov for oppussing på mange år
  • Meir energieffektiv bustad, lave kostnader til oppvarming
  • Lave kostnader til vedlikehald
  • Moglegheit til å påverke utforming og innreiing
  • Tidsriktig og praktisk bustad
  • Eit sikrare kjøp, garantitid om feil oppstår
  • Du slepp hektiske budrundar
  • Du kan vurdere i fred og ro, og kjøpe til fast pris
  • God tid til å førebu flytting
  • Lave kjøpskostnadar, berre omkostningar til tinglysing av skøyte på kr 11 335,- kjem i tillegg

Diverse

Fiber vert lagt fram til bustadane, abonnement kan kjøpar bestille hos Tafjord Marked AS. Gebyr for tinglysing av skøyte kr 11 250,-. Elles ingen kjøpsomkostningar.

Bustadane er bygd etter byggteknisk forskrift TEK 17.

For meir informasjon ta kontakt med Jofrid Hatlehol, tlf. 970 12 140

Beliggenhet

Kart med kartnålNihusbakken, 6260 Skodje

Annonseinformasjon

FINN-kode239634517
Sist endret31. okt. 2024 11:06

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.