Bildegalleri
4-mannsbustad Jensvika Skodje
Jensvika - Digerneset - Kjempefine leilegheiter med unik plassering - 1 LEDIG
Jensvika bustadfelt, 6260 SkodjePrisantydning
3 660 000 kr
Kort om prosjektet
Kjempefine leilegheiter med fantastisk utsikt og unik plassering. Jensvika bustadfelt ligg i hellinga ned mot sjøen like aust for Digerneset. Feltet ligg svært usjenert til nede ved sjøen, og har ei roleg og idyllisk plassering.
Prosjektets status
Planlegging
Ferdig planlagt
Salgsstart
Prosjektet ligg ute for salg
Byggestart
Nærmar seg ferdigstilling
Overtakelse
Desember -24 / Januar -25
Nøkkelinfo
- Boligtype
- Leilighet
- Soverom
- 2
- Bruksareal
- 77 m²
- Eieform
- Eier (Selveier)
- Energimerking
- B
Fasiliteter
Enhet i prosjektet
Enhet | Etasje | BRA | Soverom | Totalpris | |
---|---|---|---|---|---|
1 | 1 | 77 m² | 2 | 3 670 500 kr |
Visning
Ta kontakt for å avtale visning.Beskrivelse
Med fantastisk utsikt og unik plassering i hjartet av nye Ålesund kommune tilbyr Jensvika den perfekte balansen mellom landleg sjarm og moderne livsstil. Her kan du finne ro frå naturen samtidig som du bor like i nærleiken av regionen sitt største knutepunkt, Digerneset.
Her nærmar vi oss ferdigstilling av den første av i alt tre 4-mannsbustadar på ei flott tomt i øvre del av feltet. Bustadane har eit moderne uttrykk med ein stram arkitektur. Her er store homogene flater, og mange av kvalitetane har arkitekten valgt å framheve ved å bruke fargar og materialar. Skråtaket gir bustaden eit uttrykk som er både moderne og tidlaust på same tid.
Leilegheitene inneheld stue/kjøkken, to soverom, gang, bad, innvendig bod og utebod. Alle leilegheiter har utgang til balkong eller markterrasse, og kvar leilegheit vil få ein parkeringsplass i carport der ein kan plassere bilen i le for vèr og vind. Sportsbodene ligg på sida av bustaden tett opp mot inngangspartiet til leilegheitene slik ein har enkel tilgang. Veg og parkeringsareal vert asfaltert i samband med ferdigstilling av prosjektet.
Beskriving av leveransen
Den ledige leilegheita vert levert klar til innflytting.
Bygg 5 (ferdigstilling desember -24 / januar -25)
Leil. 1 - 1. etg. BRA 77,6m² P-rom 73,5m² kr 3 660 000
Leil. 2 - 1. etg. BRA 77,6m² P-rom 73,5m² - SOLGT
Leil. 3 - 2.etg. BRA 78,0m² P-rom 73,9m² - SOLGT
Leil. 4 - 2.etg. BRA 78,0m² P-rom 73,9m² - SOLGT
Følgjande er med i standardleveransen:
- Kjøkkeninnreiing frå Kvik
- Baderomsinnreiing frå Kvik
- Skyvedørsgarderobe med dører i klar speil i entrè
- Garderobeskap på soverom
- Varme i golv på bad og ytre del av entrè
- Balansert ventilasjon frå Villavent
- Luftventilert pipe
- Rør i rør system
- Asfaltert veg og parkeringsplass
- Biloppstillingsplass i carport
- Ytterdør type Hovdeby frå Bygg1
Fordelar ved kjøp av heilt ny leilegheit
Det er mange fordelar med å kjøpe ny leilegheit kontra det å kjøpe brukt, og tenk på den gode følelsen av å flytte inn i ei splitter ny leilegheit som ingen har budd i før.
- Alt er nytt, ikkje behov for oppussing på mange år
- Meir energieffektiv bustad, lave kostnader til oppvarming
- Lave kostnader til vedlikehald
- Moglegheit til å påverke utforming og innreiing
- Tidsriktig og praktisk bustad
- Eit sikrare kjøp, garantitid om feil oppstår
- Du slepp hektiske budrundar
- Du kan vurdere i fred og ro, og kjøpe til fast pris
- God tid til å førebu flytting
- Lave kjøpskostnadar, berre omkostningar til tinglysing av skøyte på kr 10 500,- kjem i tillegg.
Plassering
Det er gangavstand til Digerneset næringspark som dei siste åra har utvikla seg til å verte eit knutepunkt i vårt område. Her har vore ei formidabel utvikling med etablering av ulike butikkar, tilbod og arbeidsplassar.
Jensvika bustadfelt har ei svært sentral plassering med køyretid til Digerneset 3 minutt, til Moa 12 minutt og Ålesund sentrum 22 minutt. Feltet ligg på nordsida av E-39 ved Svorta. Når ein køyrer frå Digerneset i retning Valle tek ein av mot Svorta etter omlag ein kilometer. Vegen til feltet er godt merka med skilting.
Diverse
Byggearbeidet på bygg 5 er planlagt ferdigstilt i desember -24 / januar -25. Fiber vert lagt fram til bustadane, abonnement kan kjøpar bestille hos Tafjord Marked AS. Gebyr for tinglysing av skøyte kr 10 500,-. Elles ingen kjøpsomkostninger.
Bustadane vert bygd etter byggteknisk forskrift TEK17.
For meir informasjon ta kontakt med Jofrid Hatlehol, tlf. 970 12 140.
Beliggenhet
Systemhus - Møre Hus Bustad AS
Jofrid Hatlehol
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.