Bildegalleri

Velkommen til Steiatun! Moderne leilegheiter, rekkjehus, einebustader og tomannsbustader med svært høg standard, sentralt i Dale
Steiatun
Steiatun - Moderne prosjektbustader med solrik, sentral beliggenheit | 6 seld | Bygginga er i gang!
Jakob Sandes veg, 6963 Dale i SunnfjordPrisantydning fra
4 060 000 kr
Prisantydning til
7 350 000 kr
Prosjektets status
Planlegging
Planlegging
Salgsstart
Salgsstart
Byggestart
Byggestart er i gang
Overtakelse
Overtakelse
Nøkkelinfo
- Boligtype
- Rekkehus
- Soverom
- 2 - 4
- Primærrom
- 75 - 150 m²
- Bruksareal
- 70 - 154 m²
- Eieform
- Eier (Selveier)
Enheter i prosjektet
Sorter etter
Beskrivelse
Nytt, flott og vestvendt bustadtun sentralt i Dale sentrum med 26 nye bustader. Her kan ein velje mellom einebustader, bustader i rekke eller firemannsbustad.
Innvendig er det romslege og funksjonelle løysingar med god standard som blant anna slette veggflater og himlingar, kvalitetskjøkken der ein kan velje mellom 8 ulike fargar, spottar i himling m.m. Bygging er i gang og er ein tidleg ute kan ein sjølv få vere med å velje fargeval og innvendige løysingar.
På Steiatun bur ein enkelt og praktisk med korte avstandar til det meste!
Det er fleire fordelar med å kjøpe nytt, vi nemner mellom anna :
- Låg dokumentavgift.ein betalar 2,5% dokumentavgift for tomteverdien, ikkje av heile kjøpesummen.
- Fast pris - ein unngår bodrundar noko som gir forutsigbar kjøpesum.
- Låge straumutgifter grunna høg byggteknisk standard (Tek-17).
- Du får sjølv bestemme kva fargar du ynskjer på golv, veggar og kjøkken i samråd med profesjonell utbyggjar
- Du unngår uforutsette utgifter på eigedomen i lengre tid
- Vestvendt solrik beliggenheit
- Varmekablar i alle opphaldsrom og bad, samt vedomn i stove
Beliggenhet
Steiatunet ligg berre ein liten gåtur frå Dale sentrum. Dale er administrasjonsenteret for Fjaler kommune og ligg ved Dalsfjorden. Dale har vore utdanningssentrum for området i mange år og i dag har ein barne og ungdomsskule samt Dale vidaregåande skule . Det er eit blomstrande kulturliv her og ein ser ei aukande tilflytting av yngre folk. Nydeleg turterreng like ved og ein er køyrer til Bergen på ca 3 timar herfrå. Avstand til Førde ca 45 min, Askvoll når ein på ca 20 min.
Ein har god tilkomst frå Jakob Sandesveg og frå Nikka Vonens veg til bustadane. Tilkomst via trapp til andre etasje i firemannsbustadane elles inngang frå gateplan til bustadane.
Generell orientering
Einebustadane i rekke BK3 er på to plan og har i underetasjen 2 soverom, entre / gang og bad / vaskerom. I tillegg carport og sportsbod. Hovudetasjen har stove, kjøkken, eit soverom, wc og gang.
Firemannsbustadane BK1 og BK2 har to typar leilegheit på kvart plan. Ein kan velje mellom 2 eller 3 soverom her i tillegg til kjøkken og stove i open løysing, bad, gang og bod. Utvendig sportsbod.
Tomannsbustadane B3, B6 og B7 har i hovudetasjen stove og kjøkken i open løysing, eit soverom, bad og gang / trapperom. 2. etasje har loftsstove, 3 soverom, bad og gang / trapperom. Utgang til terrasse i hovudetasje og altan i andre etg. Frittståande carport og bod er inkludert.
Einebustadane B1 og B2 har i hovudetasjen kjøkken og stove i open løysing, eit soverom, bad og gang / trapperom. Underetasjen har tre soverom, bad, vaskerom, hall / trapperom, teknisk rom / bod og vindfang. I tillegg carport og utvendig sportsbod.
Einebustadane på eitt plan med felles garasje og sportsboder BK4 og BK5 har alt på eitt plan og inneheld: Stove og kjøkken i open løysing, tre soverom, bad, vaskerom, gang og vindfang. Carport og sportsbod følgjer med.
Det er fleire typar bustader i prosjektet. Gå inn på Finn annonsa til prosjektet, der vil ein finne teikningar utvendig og innvendig på kvar eining samt planteikning.
Garasje/parkering
Alle vert tildelt parkeringsplass, nokon ved bustaden og nokre i frittståande carport og på merka oppstillingsplass.
Konstruksjon
Bustadane blir sett opp med reisverk i tre. Kledning utvendig er ihht til teikning med royal impregnert kledning i grå farge. Det same gjeld alt listverk og underkledning utvendig på bustadane. Terrasse i front av bustaden er av same kvalitet. Det er ikkje rekkverk på terrasse der desse ligg på grunnplan.
Carport vert støypt med fall 1:100 mot avlaup. For eige tun bli det oppgrusa plass, dette og rundt bygget ca 1 meter utanfor ringmur. Det vil bli høve til å bestille ekstra asfalt på sin private gardsplass om nokon ønskjer dette til kr. 375,- pr m2 inkludert mva. Det er ikkje rekna med kantsteiner inne på kvart hus, men kan leverast for 980,- pr meter inkludert mva om det er ønskjelig.
Organisasjonsform
Bustadane vert tildelt seksjonsnummer. Eigarseksjonane vil tilhøyre eit sameige. Seksjonsnummer vert bestemt i samband med seksjonering.
Prosjektet er planlagt med til saman 26 seksjonar fordelt på 17 bygningar. Bustadane vert selt som sjølveigande bustader / leilegheiter og organisert som eigarseksjonssameige og følgjer lov om eigarseksjonar. Lova kan ein få ved å kontakte meklar eller gå inn på www. lovdata.no.
Sameige vert leia av eit styre som veljast mellom eigarane. Dette styret skal ivareta alle saker som er av felles interesse for sameigarane.
Seljar vil på vegne av sameiget engasjere forretningsførar til å stå for drifta av sameiget innanfor dei rammene som sameiget vedtek. Ved kjøp av bustad i dette prosjektet vert kjøpar deleigar i dette sameiget.
Seljar vil syte for og dekkjer kostnadane ved seksjonering. Endeleg seksjonsnummer vert til delt når seksjoneringa er gjennomført, seinast innan overtaking.
Kjøpar må samtykke i eventuell reseksjonering dersom det vert endringar i prosjektet.
Kjøpar får skøyte på sin seksjon som inneheld eksklusiv bruks- og disposisjonsrett til eigen bustad. Kvar seksjon vil få ein sameigebrøk tilsvarande sitt areal i forhold til samla areal.
Seljar tek atterhald om at seksjoneringa vert godkjent av Fjaler kommune
Ingen kan direkte eller indirekte erverve meir enn to bustadseksjonar i eit bustadsameige jf. eigarseksjonslova § 23. Kjøpar er ansvarleg for at kjøpet ikkje er i strid med eigarseksjonslova . Dersom det har funne stad eit erverv som er i strid med reglane i eigarseksjonslova kan Kartverket nekte overskøyting. Dersom overskøyting blir nekta, er kjøpar likevel forplikta til å gjennomføre handelen med seljar og oppgjer til seljar vil finne stad trass i manglande overskøyting. In-blanco skøyte vert ikkje akseptert.
Sameige har legalpant for inntil 2G for dekking av ubetalte felleskostnader.
Prisinformasjon
Pris står på nett og er vedlagt prospekt.
Betalingsbetingelser
25% ved underteikning av kontrakt
35 % halvvegs i byggjeperioden (evt. ved tett hus osb)
30 % ved klart til maling
Resterande 10 % ved overtaking
Oppgitte prisar gjeld ved ferdigstilling innan og signert kontrakt før
Tomt
Alle vegar og parkeringsplassar i feltet blir asfalterte, og plenar blir ferdig planert og sådde med grasfrø. For fellesareal (mellom B2 og B4 og mellom B5 og BK3 ) blir det etablert eit mindre leikeområde med sittegruppe, sandkasse og dissestativ.
Det er utebelysning på stolpar på alle vegar og parkeringsplasser.
Det er avsett fellesområde til trafostasjon og koblingsskap i feltet. Det er og avsett eigen plass til avfallsdunkar for henting av boss.
Det blir leikeplassutstyr ( frå Leikeplass-eksperten) og benkar (frå Vevang produksjon). Leikeapparat blir : Disse, sklie, sandkasse (med nett), vippedisse/ surfebrett.
Etter at feltet er ferdig opparbeidd vil ein søke om kommunal overtaking av vegar, plassar, VA anlegg og lysanlegg.
Ein gjer merksam på at pr.d.d er ikkje slik overtaking vedtatt i Fjaler kommune.
Det må såleis påreknast vanlege avgifter for vintervedlikehald av vegar. Utvendig fellesområde med plenar etc må lagast som eit sameige der kvar part har sine rettar og pliktar for vedlikehald, som t.d. slåing av gras, stelling av beplantning og anna som eigarane vil ha.
Oppvarming
På alle opphaldsrom og våtrom blir det elektriske varmekablar i golv med termostatar.
I stova er det montert vedovn og stålpipe som er svart. Vedovn er av typen Nordpeis Duo 5 med glasplate over laminat.
Energimerking
Seljar oppgjer at bygga vil ha energiklasse B
Sentrale lover
Bustadane vert selde i samsvar med lov om bustadoppføring av 13. juni 1997 nr. 43 (bustadoppføringslova). I tillegg gjeld lov om eigarseksjonar av 16. juni 2017 nr. 65 (eigarseksjonslova) for sameiga og drifta av dette.
Handelen vert regulert av og gjennomførast etter bustadoppføringslova. Kontraktar vil bli utforma i etter bustadoppføringslova og føresetnadene ved kjøpet. Det blir ikkje nytta NS/NBR kontrakt, men kontraktsmal utarbeidd av NEF. Med mindre anna er avtala før aksept, vert det forutsett at eigedomen skal overskøytast til kjøpar. Det vert opplyst om at dersom leilegheita er kjøpt med meining på å ikkje ta over og bebu denne, herunder som eit vidaresalsobjekt vil videresalet regulerast av bustadoppføringslova. Herunder vil seljar måtte oppfylle vilkår i bustadoppføringslova ved evt. videresal. Konferer meklar for ytterlegare informasjon. Dersom kjøpar ikke er forbrukar vert bustaden seld etter følgjande reglar: Bustadoppføringslova sine reglar kjem i utgangspunktet ikkje til anvending ved denne transaksjonen. Partane er likevel enige om at Lov om avtalar med forbrukar om oppføring av ny bustad m.m. av 13.6.1997 nr. 43 Bustadoppføringslova kjem til anvending på kontraktsforholdet med slike unntak som teke inn i dette punktet. Bestemmelsane i bustadoppføringslova som ikkje er gjeldande mellom partane og såleis ikkje kan påberopast: -§§ 8, 12, 16, 18, 24, 31, 47, 49, 51, 52, 53 og 54. -Dersom andre paragrafar i bustadoppføringslova inneheld bestemmelsar om at de ovennemnde paragrafar kan påberopast, vil også slike bestemmelsar ikkje være gjeldande mellom partene.
Vedtekter
Det er utarbeidd vedtekter for sameiga, desse ligg vedlagt i salsoppgåva. Vedtektene vert gjeldande fram til sameigemøte evt. vedtek endring. For å endre vedtekter er det krav om 2/3 fleirtal.
Iflg, vedtektene skal overdraging og utleige av seksjon meldast styret for godkjenning. Godkjenning kan berre nektast når det ligg føre sakleg grunn til det.
Adgang til utleie
Det er atgang til å leige ut sin seksjon jfr. vedtekter som ligg vedalgt i salsoppgåva.
Hvitvaskingsregelverk
Etter lov om kvitvasking og terrorfinansiering pliktar meklar å gjennomføre kundekontroll ved å stadfeste identiteten til kunden, eventuelt reelle rettigheitshavarar, på bakgrunn av gyldig legitimasjon. Dersom slike kundetiltak ikkje let seg gjennomføre kan meklar ikkje etablere kundeforholdet eller utføre transaksjonen. På same måte pliktar meklar å gjennomføre kundekontroll på kjøpar.
Meklarføretaket har plikt til å melde ifrå til Økokrim om eigedomstransaksjonar som framstår som mistenkjelege. Slik melding vert sendt utan at partane vert varsla. Meklar kan også i enkelte tilfelle ha plikt til å stoppe gjennomføringa av handelen.
Diverse
Overflater som er ferdig malt frå fabrikk kan vise monteringsmerker etter spiker o.l. Vi gjer merksam på at dette er vanlig og vi har ikkje med overmaling av dette. Slike merker kan vere merker etter spikerhull ved spikring av listverk, mindre striper/trykkmerker i overfalter etc.
Bustaden blir levert utvaska etter at alle fag er ferdig med sitt arbeid. Vindauga vil og bli vaska. Vi vil likevel gjere merksam på at ein siste eigen vask kan vere naudsynt frå huseigar før innflytting.
Det er høve til å gjere mindre endringar innvendig med romval, farger og kvalitet på leveransar. Slike endringar skal vere skriftlege og kostnader med dette skal vere avklart før arbeidet blir oppstarta.
Vi gjer merksam på at bileter av innreiing på bad og kjøkken er av illustrativ karakter for å illustrere type og er ikkje tileigna ein spesifikk type hus.
Likeins er interiørbileta i prospekt meint å vise
Fremdriftsplan og ferdigstillelse
Forventa byggetid er ca. 12 mnd etter oppstart grunnarbeid. Kjøpar aksepterer at endeleg overtakingsdato vert varsla seinast 6 veker før overlevering.
Kjøpar er uannsett plikta til å overta 4 veker etter at seljar har varsla om dato for at bustaden er ferdigstilt sjølv om dette er tidlegare enn stipulert ferdigstilling.
Kjøkken
Det vert kjøkken frå Aubo, dette er eit dansk kvalitetskjøkken (Tidlegare Drømmekjøkken). Utstillinga er å sjå i Ålesund og Bergen men dei har gode heimesider der ein kan sjå på alternativa slik at ein slepp å reise.
Innreiiga er av typen Sense der ein har 8 forskjellige fargar på frontar å velje imellom. Kjøkkenarmatur med høg tut og tilkopling av oppvaskmaskin.
Laminat benkeplate med underlimt vask, ventilator og overskåp. Teikning på kjøkken blir tillagt kvar type leilegheit.
Vi gjer merksam på at bileter av innreiing på bad og kjøkken er av illustrativ karakter for å illustrere type og er ikkje tileigna ein spesifikk type hus.
Kunde står fritt til å endre på frontar/farge på kjøkken, bad og garderobar mot tillegg i pris.
Bad
Baderomsinnreing frå Aubo i kvit modell med integrert benkeplate og vask i same seksjon. Skåp under vask. Overskåp/speilseksjon med lysarmatur. Kranar som er i forkrumma blank utføring. Det blir levert vegghengt toalett på bad. For dusjveggar blir det veggar som er hengsla inn mot vegg. Firkantslukar med rist for flislegging plassert ca 60 cm frå vegg. Dusjgarnityr med vanleg dusjstang.
Vi gjer merksam på at bileter av innreiing på bad og kjøkken er av illustrativ karakter for å illustrere type og er ikkje tileigna ein spesifikk type hus.
Kunde står fritt til å endre på frontar/farge på kjøkken, bad og garderobar mot tillegg i pris.
Andre oppholdsrom
Det vert vist til romskjema for generell behandling av innvendige overflater, samt standard produktbeskriving.
Veggar : Overflatene på veggar i stove, kjøkken, soverom og gangar er av malte gipsplater i lys kvit farge. Overflate på baderomsveggar er i Fibo baderomspanel med flismønster i valfri farge innanfor Fortissimo sin kolleksjon.
For boder blir det brukt ferdigmalte plater på veggar.
Himlingar (innvendig tak ): i stove, kjøkken, soverom og gangar er av gips som er malt i lys kvit farge, og ein vil då få ei listefri løysing i tak og rundt alle vindauge og altandører. Himling på bad får huntonitt basic ceiling 60x120 cm som er ferdig malt i lys kvit farge. Tak og vindauge vil få tradisjonelt listverk.
Golv:: Til golv blir det brukt Berry Alloc Grand Avenue Champs Elysèes eller Embassy Row. Her kan du sjølv få velje farge innanfor det utvalget som gjeld for å sette ditt personlige preg på bustaden. Listverk som er tilpassa golvet sin farge innen for standardsortement.
I yttergangar er det flisar i grå farge på 30x30 cm , og på våtrom bruker vi flis på 20x20 cm med sokkelflis. Andre storleikar på flis vil som regel medføre høgre kostnader for materialkjøp og arbeid.
Der det er vaskerom er det stålvask med armatur med høg tut, nedfelt i benkeplate av grå farge.
Det er med både utvendig og innvendig belysning, det er også med inntil 15 lysspottar i himling (tak). Opplegg til billader for dei husa som har carport. Om vi skal montere billader vil det medføre ein ekstrakostnad på kr. 15.700,- pr stk. ferdig montert.
Innvendige dører har 1 felt, kvitre kompaktdører med kvite karmer med pakning. Dørvridar i matt forkromma stål. Kvitmalt listverk rundt dører.
Fasade
Bustadane blir sett opp med reisverk i tre. Kledning utvendig er ihht til teikning med royal impregnert kledning i grå farge. Det same gjeld alt listverk og underkledning utvendig på bustadane. Terrasse i front av bustaden er av same kvalitet. Det er ikkje rekkverk på terrasse der desse ligg på grunnplan.
Vindauge og altadører er i treverk som er malt i farge RAL 7022 , som er ein mørk grå farge og som har aluminiumsbekledning på utsida for mindre vedlikehald. Denne fargen er og på innsida av vinduage / altandører. Ytterdører er frå Gilje type Andre med vertikalt vindauge med sprosser. Døra er kvitfarga innvendig og utvendig. Det er vanleg låsekasse med sylinderlås og nøkkel. Denne kan oppgarderast til kodelås med eit tillegg på kr. 4900,- for hovudytterdør.
Yttertak
Yttertak har takplater og på flate parti bli det nytta protakduk i svart farge. Stigetrinn for feiar etter gjeldande krav. For tak med takfall under 12 grader er det ikkje krav om snøfangarar.
Takrenner er av svart aluminium samt taknedlaup. Beslag over og under vindauge vil ha svart farge, det same vil beslag for overgang mellom mur og trekledning ha.
Ansvarlig megler
Daniel Einen
Nyttige lenker
Nærområdet
EiendomsMegler 1 Sogn og Fjordane
Annonseinformasjon
FINN-kode | 265257810 |
---|---|
Sist endret | 27. jan. 2025 13:58 |
Referanse | 2000245002 |
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.