Bildegalleri
2-mannsbustad i kjede
RYSTENE PANORAMA - KUN 1 LEDIG - Innflyttingsklar, stor bustad med 3 soverom og gode solforhold. Carport og sportsbod.
Leitebakken 11, 6155 ØrstaPrisantydning
3 832 000 kr
Prosjektets status
Planlegging
Ferdig
Salgsstart
Haust 2019
Byggestart
Vår 2020
Overtakelse
Pågåande
Nøkkelinfo
- Boligtype
- Leilighet
- Soverom
- 3
- Antall etasjer
- 3
- Primærrom
- 94 m²
- Bruksareal
- 94 m²
- Eieform
- Eier (Selveier)
Fasiliteter
Enhet i prosjektet
Enhet | P-rom | Soverom | Totalpris | |
---|---|---|---|---|
45 | 94 m² | 3 | 3 836 300 kr |
Visning
Ta kontakt for å avtale visning.Beskrivelse
Rystene Panorama ligg flott plassert i eit allereie etablert byggefelt, og har fantastisk panoramautsikt mot fjord, fjell og Ørsta sentrum.
Bustadfeltet har ein kombinasjon av bygningar med 2 til 10 bueiningar i kvar, og for fleire av bustadane er det lagt til rette for livsløpsstandard og husbankfinansiering. Det vert opparbeidd tre leikeplassar i feltet, med leikeapparat og benkar. Området har også fine turmoglegheiter, med populære turmål som Ossetra, Oshornet ("Pølsa"), Dinglavatnet og Melshornet like ved.
Det er lagt vekt på at dette skal vere eit attraktivt bustadområde for alle, og det er kort veg til både barnehage og kollektivtransport. Haldeplassane "Rystene" og "Leitevegen" er næraste busshaldeplassar, men det er også regulert inn framtidig busslomme like ovanfor bustadfeltet.
Bustaden
Dette er ei attraktiv og flott leilegheit, med livsløpsstandard og god planløysing. Bygningen består av totalt fire leilegheiter, som er kjeda saman med carport. Leilegheita er på 94 m2 BRA, med tre soverom. Bustaden har eit lyst og moderne preg, med opa stove- og kjøkkenløysing. Bustadane i 1. etasje har uteplass på bakkeplan med moglegheit for hage og markterrasse. Kvar leilegheit har innvendig bod og eigen romsleg parkeringsplass i carport med sportsbod i bakkant.
Bustadane inneheld stove/kjøkken, 3 soverom, gang eller vindfang, bad, bod/vaskerom og eigen parkeringsplass i carport med sportsbod i bakkant. På området er det tilgang til gjesteparkering, friområde og flotte leikeplassar, med m.a. leikeapparat og benk.
Nøkkelferdig standard
Våre bustadar vert levert med nøkkelferdig standard. Det vil seie at alt av arbeid med legging av parkett, maling og flisarbeid vert utført og er inkludert i prisen for bustaden. Du får då ein innflyttingsklar bustad med ekstra høg standard der du flyttar rett inn i den ferdige bustaden. Vel du ein av våre eksklusive visningsbustadar, kan du i tillegg overta vår møbelpakke etter avtale med seljar.
Bustadane vert leverte med flott kjøkken- og baderomsinnreiing frå kvalitetsleverandøren Sigdal. Vidare vert det på bad levert vegghengt toalett og varmekablar med termostat. Det er også inkludert belysningspakke, skyvedørsgarderobar med speil på alle soverom, samt innvendig kvalitetstrapp frå Stryntrappa for bustadar over fleire etasjar.
I vår nøkkelferdige standard kan i tillegg nemnast særskilt:
- Eksklusiv kjøkkenløysing frå Sigdal, der frontar kan leverast i 15 valfrie fargevariantar. Kjøkkenet leverast med integrerte kvitevarer (kjøl/frys, induksjonstopp, steikeomn og oppvaskmaskin).
- Bad leverast ferdig flislagt med 60x60 cm flis frå Modena på veggar og golv. Det kan fritt veljast mellom 5 fargevariantar som inngår i flisserien. Dusjhjørne/-dør med profilar i krom og klart glas, mosaikkflis på golv.
- Sparkling for listefri utføring av tak og rundt vindauge for heile bustaden.
- Malte veggar og tak i valfrie fargar, der soverom og stove i tillegg kan leverast med kontrastvegg.
- 1-stavs eikeparkett av høg kvalitet levert på stove, kjøkken og soverom.
- Bustaden vert levert med utført byggvask før overtaking.
- Ingen byggelån, då betaling vert utført først ved overtaking og innflytting.
Om ønskeleg er det mogleg å påverke dei ulike vala og utføre personlege tilpassingar utover denne standard. For ferdigstilte bustadar vil dei ulike vala vere gjort og kan såleis ikkje endrast utan tillegg.
Fordelar med å kjøpe ny bustad
Det er mange fordelar med kjøp av ny bustad frå Norgeshus Din Bolig AS, i motsetning til kjøp av brukt bustad, og vi nemner spesielt:
- Fast pris (ingen budrunder som gir auke i prisen).
- Ingen byggelånsrenter (nøkkelferdig bustad vert betalt først ved overtaking av bustaden).
- Lav dokumentavgift (2,5 % av tomteverdi, og ikkje dokumentavgift av heile kjøpesummen som ved kjøp av brukt bustad).
- Ingen oppussing i nær framtid.
- Lave kostnadar til oppvarming (nye bustadar har strengare krav til isolasjon og varmegjenvinning).
- Fem års garanti på ny bustad.
- Eitt-årsbefaring (grundig gjennomgang av bustaden etter ca. 1 år, for å avdekke ev. feil/manglar).
- Eigne farge-/materialval (moglegheit til å sette sitt eige preg på bustaden).
Norgeshus Din Bolig AS er eit av regionen sine leiande selskap innan feltutbygging og sal av bustadar. Din Bolig AS representerer Norgeshus, og har selt bustadar til fornøgde kundar i over 25 år. Vi har i dag 2 salskontor; i Ørsta (hovudkontor) og på Eidsnes i Sula kommune. Dersom de ønskjer meir informasjon om våre løysingar eller prosjekt, ta kontakt med vår salsansvarleg.
Beliggenhet
Norgeshus Din Bolig AS
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.