Bildegalleri
Leiligheitsbygg med parkeringskjellar og heis
VIKELVA PANORAMA - moderne bustadar med høg standard og husbankfinansiering
Vikegeila 30 og 32, 6150 ØrstaPrisantydning fra
3 745 000 kr
Prisantydning til
3 771 390 kr
Prosjektets status
Planlegging
Ferdig
Salgsstart
Haust 2020
Byggestart
Januar 2021
Overtakelse
Pågåande
Nøkkelinfo
- Boligtype
- Leilighet
- Soverom
- 2
- Antall etasjer
- 2
- Primærrom
- 70 m²
- Bruksareal
- 70 m²
- Eieform
- Eier (Selveier)
Fasiliteter
Enheter i prosjektet
Sorter etter
Enhet | Etasje | P-rom | Soverom | Totalpris | |
---|---|---|---|---|---|
02 | 1 | 70 m² | 2 | 3 778 772 kr | |
03 | 1 | 70 m² | 2 | 3 752 382 kr |
Visning
Ta kontakt for å avtale visning.Beskrivelse
Vikelva Panorama består av totalt 22 bustadar, fordelt på to leilegheitsbygg og ein 2-mannsbustad med takterrasse. Bustadane ligg flott plassert i Vikegeila, og har gåavstand til Ørsta sentrum.
Frå utgangsdøra har ein også fleire fine turmoglegheiter, som gapahuken i Skåla, Nivane, Vallahornet og Saudehornet.
I feltet vert det opparbeidd to leikeplassar med leikeapparat og benkar, og det er etablert gangbru over Vikelva. Det er lagt vekt på at dette skal vere eit attraktivt bustadområde for alle, og det er kort veg til både Vikemarka skule, Ørstaheimen, kollektivtransport og alle funksjonar i sentrum.
Bustadane
Dette er attraktive og moderne leilegheiter, med effektive og gode planløysingar. Leilegheitsbygga består av totalt 10 seksjonar på eitt plan, fordelt over to etasjar, med tillegg av eigen parkeringsplass i kjellar. Frå parkeringsplanet går det trapp og heis til overbygd svalgang, med direkte tilkomst til kvar seksjon.
Underetasjar har takhøgd 2,60m, medan overetasjar har open stove- og kjøkkenløysing med takhøgd 2,80m. God takhøgd saman med dei store takhøge vindauga, gir leilegheitene eit lyst og moderne preg. Leilegheitene er gjennomgåande og har livsløpsstandard. Det kan veljast mellom to storleikar på 70 og 86 m2 BRA, med to soverom, ev. eit tredje soverom i dei største leilegheitene. Kvar bustad har eigen overbygt og romsleg balkong med glasrekkverk.
Bustadane inneheld stove/kjøkken, to eller tre soverom, entré/gang, bad, bod/vaskerom, balkong, sportsbod og eigen parkeringsplass i kjellar. På området er det tilgang til gjesteparkering, friområde og flotte leikeplassar, med m.a. leikeapparat og benk.
Trykk på linken til den aktuelle seksjon ovanfor for meir utfyllande opplysningar.
Nøkkelferdig standard
Våre bustadar vert levert med nøkkelferdig standard. Det vil seie at alt av arbeid med legging av parkett, maling og flisarbeid vert utført og er inkludert i prisen for bustaden. Du får då ein innflyttingsklar bustad med ekstra høg standard der du flyttar rett inn i den ferdige bustaden. Vel du ein av våre eksklusive visningsbustadar, kan du i tillegg overta vår møbelpakke etter avtale med seljar.
Bustadane vert leverte med flott kjøkken- og baderomsinnreiing med speilskap og belysning, frå kvalitetsleverandøren Sigdal. Vidare vert det på bad levert vegghengt toalett og varmekablar med termostat. Det er også inkludert belysningspakke, skyvedørsgarderobar med speil på alle soverom, samt innvendig kvalitetstrapp frå Stryntrappa for bustadar over fleire etasjar.
I vår nøkkelferdige standard kan i tillegg nemnast særskilt:
- Eksklusiv kjøkkenløysing frå Sigdal, der frontar kan leverast i 15 valfrie fargevariantar. Kjøkkenet leverast med integrerte kvitevarer (kjøl/frys, induksjonstopp, steikeomn og oppvaskmaskin).
- Bad leverast ferdig flislagt med 60x60 cm flis frå Modena på veggar og golv. Det kan fritt veljast mellom 5 fargevariantar som inngår i flisserien. Dusjhjørne/-dør med profilar i krom og klart glas, mosaikkflis på golv.
- Sparkling for listefri utføring av tak og rundt vindauge for heile bustaden.
- Malte veggar og tak i valfrie fargar, der soverom og stove i tillegg kan leverast med kontrastvegg.
- 1-stavs eikeparkett av høg kvalitet levert på stove, kjøkken og soverom.
- Bustaden vert levert med utført byggvask før overtaking.
- Ingen byggelån, då betaling vert utført først ved overtaking og innflytting.
Om ønskeleg er det mogleg å påverke dei ulike vala og utføre personlege tilpassingar utover denne standard. For ferdigstilte bustadar vil dei ulike vala vere gjort og kan såleis ikkje endrast utan tillegg.
Fordelar med å kjøpe ny bustad
Det er mange fordelar med kjøp av ny bustad frå Norgeshus Din Bolig AS, i motsetning til kjøp av brukt bustad, og vi nemner spesielt:
- Fast pris (ingen budrunder som gir auke i prisen).
- Ingen byggelånsrenter (nøkkelferdig bustad vert betalt først ved overtaking av bustaden).
- Lav dokumentavgift (2,5 % av tomteverdi, og ikkje dokumentavgift av heile kjøpesummen som ved kjøp av brukt bustad).
- Ingen oppussing i nær framtid.
- Lave kostnadar til oppvarming (nye bustadar har strengare krav til isolasjon og varmegjenvinning).
- Fem års reklamasjonsrett på ny bustad.
- Eitt-årsbefaring (grundig gjennomgang av bustaden etter ca. 1 år, for å avdekke ev. feil/manglar).
- Eigne farge-/materialval (moglegheit til å sette sitt eige preg på bustaden).
Norgeshus Din Bolig AS er eit av regionen sine leiande selskap innan feltutbygging og sal av bustadar. Din Bolig AS representerer Norgeshus, og har selt bustadar til fornøgde kundar i over 25 år. Vi har i dag 2 salskontor; i Ørsta (hovudkontor) og på Eidsnes i Sula kommune. Dersom de ønskjer meir informasjon om våre løysingar eller prosjekt, ta kontakt med vår salsansvarleg.
Finansiering
Leilegheitene tilfredsstiller Husbanken sine krav for finansiering. Husbanken tilbyr lån til svært gunstige vilkår, og alle uansett alder kan søke om lån. Flytande rente er frå 01.09.23 på ca. 3,4 %. Husbanken tilbyr inntil 85 % finansiering med 30 års nedbetalingstid. Resterande 15 % må skaffast anten ved eigenkapital eller lån i annan bank.
Din Bolig AS kan bistå med utfylling og innsending av lånesøknad. Ta kontakt dersom du ønskjer å sjå på moglegheitene for å få finansiert din bustad.
Beliggenhet
Norgeshus Din Bolig AS
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.