Bildegalleri
Skudeløken
SKUDELØKEN - Den nye bydelen på Førde sentrum si solside! Her har alle leilegheitene energimerke B , dette betyr betre l
Skudeløken, 6800 FørdePrisantydning fra
1 850 000 kr
Prisantydning til
11 800 000 kr
Prosjektets status
Planlegging
Planlegging
Salgsstart
Salgsstart
Byggestart
Byggestart
Overtakelse
Overtakelse
Nøkkelinfo
- Boligtype
- Leilighet
- Soverom
- 0 - 4
- Primærrom
- 21 - 182 m²
- Bruksareal
- 21 - 194 m²
- Eieform
- Eier (Selveier)
Enheter i prosjektet
Sorter etter
Beskrivelse
Arbeidet på bygg A og AH er no i gang!
Skudeløken ligg sentralt i Førde sentrum, like ved løken, med solrik plassering og kort gang- og sykkelveg til alt det sentrum har å by på!
Du har framleis moglegheit til å sikre deg ei av dei flotte leilegheitene våre. Vi har noko for einkvar livsstil og smak, og du kan velgje frå dei tre bygga våre; A, AH og B.
Her får du alt du treng for å leve eit godt og "sytalaust" liv i Førde sentrum.
Alle leilegheitene i A-blokka og dei fleste i B-blokka har veranda både mot aust og mot vest. Verandaen som vender mot vest i A-blokka er innglassa, og kan fungere som ei forlenging av stova på sommarhalvåret. Her har du fritt utsyn mot vest, og kan nyte ettermiddagssola til langt på kveld.
Mot aust kjem du til å nyte godt av utsikta mot vår stoltheit i prosjektet; eit byrom som ingen i Førde har, eller har hatt make til.
Her vert ingenting overlete til tilfeldigheitene. På plassen blir det brusteinstorg, tuntre, renner og vassbed, leikeplass og gode uterom for avslapping eller sosialt samvær.
Med gode næringsareal i 1.etasje vil her kanskje etterkvart kome "nysteikt brød på hjørnet".
I umiddelbar nærleik er Førdes nye bypark som er blitt særs attraktiv på kort tid.
Med den nye gang- og sykkeltunnelen mot Hornnes, båthamna, ny gangveg langs Løken og mellom Skudeløken og den nye vidaregåande skulen i Førde, har du dei flottaste turmoglegeheitene rett utanfor døra, uanset kva retning du vel!
Til barnehage, skular, butikkar, kafear, busstasjonen og alle andre viktige sentrumsfunksjonar er det ein kort rusletur langs Løken, på flate fine gangvegar.
Vi veit at det kan vere krevande å gå frå einebustad til leilegheit, med alt av ting som samlar seg gjennom eit heilt liv. Difor har du som kjøpar i Skudeløken moglegeheit for å tilpasse bodareal etter ditt behov.
Fleire bilar? Fortvil ikkje. Vi får Førdes største garasjekjellar, og kan derfor tilby fleire garasjeplassar.
Om du får besøk og plassen vert trong, er det tilgang til kortidsleige av gjesterom og små leilegheiter.
Gå til www.skudeloken.no, eller ta direkte kontakt med meklar for meir informasjon.
Beliggenhet
Meanderkvartalet er det første byggetrinnet på Skudeløken. Namnet kjem frå Løken, som for lenge sidan var ein av Jølstra sine meandersvingar.
På Skudeløken ligg Løken og naturen inn til tunet. Vi har laga plass til grøntareal med tuntre, vassbed og renner for naturleg vekkleiing av overflatevatn, og vi har også fått på plass det urbane med brusteinstorg framfor eit serveringslokale som vil bli eit sosialt møtepunkt. Her kan du bu både grønt og sentrumsnært.
Garderobe-fasiliteter
Salsteikningane viser kvar det er mogleg å plassere garderobe.
Garderobe blir som standard levert med kombiskap (100 cm per sengeplass). Skyvedører og andre garderobeløysingar kan bli levert av XL Bygg som tilval.
Generell orientering
Gode møtepunkt og fellesareal er viktig. Like viktig er det å ha plass for seg sjølv. Vi har derfor jobba hardt for å skape gode solrike og lyse private uterom til alle leilegheitene.
På indre Øyrane skal det vekse fram ein ny bydel dei neste åra. Vi har stor tru på at området vil bli eitt av dei mest populære bustadområda i Førde. Her har du alt! Området er solrikt, sentrumsnært og omgitt av fine turvegar med båthamna og fjorden like ved.
Skudeløken blir ein stor del av den nye bydelen og vi vil ta ansvar for å skape ein plass der det er godt å leve. Arkitektur, standard og utemiljø skal derfor ha god kvalitet. Vi er også med på å bygge ein folkepark midt på indre Øyrane. Parken skal vere eit samanhengande aktivitetsområde som skal fungere som leike-, møte- og opphaldsplass for alle aldergrupper. Ballspel, idrett, og leik for både større og mindre born er stikkord i planarbeidet. Heile parken vert knytt saman med stiar og trakk.
Vi trur bumiljø fungerer best om det finst ei god blanding av menneske som blir buande over tid. Derfor har vi lagt vekt på gode planløysingar, og leilegheiter som kan passe for alle livsfasar. På Skudeløken skal du kunne bu heile livet, enten du bur åleine, har små barn, eller vil nyte livet utan ansvar for ein stor einebustad.
Garasje/parkering
Parkeringsanlegget vil vere eit samanhengande anlegg med innkøyring under bygg B.
Alle leilegheitene har mogelegheit til å kjøpe parkeringsplassar, og her vil ein ha mogelegheit til å kunne velgje seg parkeringsplass i kort avstand frå leilegheita ein vel å kjøpe. Sjå eiga prisliste i salsoppgåve.
Om du ikkje vil - eller har moglegheit til å kjøpe deg ein fast parkeringsplass på same tidspunktet som kjøp av leilegheit, kan du leige denne plassen i inntil fem år (pris for leige er ikkje endeleg avgjort p.t.) Du vil då ha fortrinnsrett til å kjøpe denne plassen for tilsvarande pris som den låg ute for, på det tidspunktet du starta leigeperioden.
I første byggetrinn blir det 116 parkeringsplassar som er til sals eller leige for bebuarar, gjestar, næringsliv og kundar. Det blir jobba med å lage digitale løysingar for å handtere betaling for gjeste- og kundeparkering. Ni parkeringsplassar blir HC-plassar.
Alle parkeringsplassane blir laga slik at det er mogleg å etablere ladekontakt for lading av elbil.
Garasjeanlegget blir stengt med port i tidsrom styrt av sameiget sine vedtekter. Alle bebuarar vil få tilgang til å opne porten manuelt eller med fjernstyring (telefon, kode, brikke).
Konstruksjon
Bygningane blir utført med beresystem i betong og stål, parkeringskjellar i betong.
Balkongar blir utført med dekke av betong og beresystem med søyler og bjelkar av stål.
Fasadeveggane blir i hovudsak utført med isolert bindingsverk. Enkelte fasadeveggar i første etasje blir utført i betong som er isolert inn- og/eller utvendig. Fasadekledning er ei blanding av treverk, fasadeplater og ev. andre vedlikehaldsvenlege materiale.
Innvendige veggar er av gips og/eller betong. Det vil normalt oppstå små riss ved materialovergangar mellom tak og vegg eller vegg og vegg på grunn av akklimatisering av material. Sprekker på over 0,2 mm blir utbetra på eittårssynfaring.
Balkonger/terrasser/uteplasser
Balkongar og terrassar blir levert med golv av impregnert treverk.
Markterrassar er utan rekkverk, men får plantefelt for hekk eller tilsvarande framfor seg.
Balkongar og terrassar har trinnfri tilkomst, sett bort frå takterrasse over underliggande leilegheiter. Der blir det eitt trinn opp. Alle leilegheiter har minst éin balkong eller terrasse med trinnfri tilkomst.
Balkongar og takterrassar blir levert med rekkverk i vedlikehaldsvenleg materiale. På enkelte balkongar vil det bli etablert skilje/skjerming, til dømes med spileveggar.
Balkongar mot vest på bygg A og B blir heilt eller delvis innglasa, med opningsfelt.
Alle balkongar og terrassar vil ha utelampe og 15 A straumuttak.
Dei fleste balkongar og terrassar vil vere heilt eller delvis overbygde, enten av balkongen ovanfor eller med takutstikk. Dette er likevel utandørskontruksjonar der ein må rekne med at det kjem vatn på overflatene i regnvêr.
Organisasjonsform
Prosjektet blir bygd som eitt felles eigarseksjonssameige med fellesareal.
Første byggetrinn består av 72 bustadseksjonar og 5 næringsseksjonar som er fordelt på fem bygningar. Ein av næringsseksjonane er eit leilegheitshotell, og ein er avsatt til matservering/bakeri el.
Bustadsameiget skal vere uavhengig av næringsseksjonane, som skal eigast av eigne eigedomsselskap.
Bygg A: 13 bustadseksjonar, næringsseksjonar og leilegheitshotell.
Bygg B: 18 bustadseksjonar og ein næringsseksjon.
Bygg AH: 15 bustadseksjonar og næringsseksjonar.
Det blir likevel teke atterhald om evt. omprosjekteringar som kan medføre endring i antal bueiningar som vil inngå i sameiget.
Garasjeanlegget i underetasjen blir ein eigen anleggseigedom, som blir seksjonert i næringsseksjonar.
Betalingsbetingelser
10 % av kjøpesummen ved oppstart bygg over garasje.
30 % av kjøpesummen ved tett bygg.
60 %, i tillegg til omkostningar og eventuelle avtalte tilval/tilleggstingingar ved overtaking (sluttinnbetaling).
Tomt
Eigedomen skal delast frå gbnr. 21/44. Det skal totalt delast frå fire gbnr. frå denne eigedomen.
Tre av dei blir separate bustadsameige, og éin vert underliggande anleggseigedom som i all hovudsak vil bestå av biloppstillingsplassar, heisrom, boder, tekniske rom og køyrebaner. Denne anleggseigedomen blir eit felles garasjeanlegg for alle dei tre sameiga, som bygga skal etablerast oppå.
Herifrå er det første byggetrinn, Meanderkvartalet med tomt, som blir omtala:
Gjeldande eigedom sitt grunnareal etter frådeling blir om lag 7784 m2. Det gjerast oppmerksom på at oppgitt tomteareal er omtrentleg, og at tomta både kan bli større og mindre enn oppgitt etter frådeling.
Det er laga landskapsplan som syner korleis utearealet er tenkt disponert.
Alle tomtene skal opparbeidast etter dei krav som framgår av reguleringsbestemmelsane. Tomta disponerast av seksjonseigarane ihh. til seksjonsbegjæring/sameigevedtekter.
Oppvarming
Alle leilegheitene vil få lun og behageleg vassboren golvvarme i stove, kjøkken, gang og våtrom. Det er mogeleg å få vassboren varme i soverom som tilval.
Varmtvatn og oppvarming vert levert med fjernvarme frå BKK Varme (tidelegare Førdefjorden Energi).
Det vert montert målarar for kvar leilegheit for energimåling av varmtvatn og oppvarming.
Det vert levert balansert ventilasjon med varmegjenvinning, og med eige aggregat for alle leilegheitene.
Energimerking
Leilegheitene vil i all hovedsak liggje på energiklasse grønn B.
Det blir bygd etter TEK17 med fjernvarme. Energimerking av blokkene blir levert ved sluttdokumentasjon.
Sentrale lover
Bustadane vert selde i samsvar med lov om bustadoppføring av 13. juni 1997 nr. 43 (bustadoppføringslova). I tillegg gjeld lov om eigarseksjonar av 16. juni 2017 nr. 65 (eigarseksjonslova) for sameiga og drifta av dette.
Vedtekter
Det er fastsett vedtekter
Adgang til utleie
Korttidsutleige av heile bustadseksjonen i meir enn 90 døgn er ikkje tillate. Med korttidsutleige meiner ein utleige i inntil 30 døgn samanhengande. Grensa på 90 døgn kan fråvikast i vedtektene og kan i så fall settast til mellom 60 og 120 døgn med to tredjedels fleirtalsvedtak på eit årsmøte
Hvitvaskingsregelverk
Etter lov om kvitvasking og terrorfinansiering pliktar meklar å gjennomføre kundekontroll ved å stadfeste identiteten til kunden, eventuelt reelle rettigheitshavarar, på bakgrunn av gyldig legitimasjon. Dersom slike kundetiltak ikkje let seg gjennomføre kan meklar ikkje etablere kundeforholdet eller utføre transaksjonen. På same måte pliktar meklar å gjennomføre kundekontroll på kjøpar.
Meklarføretaket har plikt til å melde ifrå til Økokrim om eigedomstransaksjonar som framstår som mistenkjelege. Slik melding vert sendt utan at partane vert varsla. Meklar kan også i enkelte tilfelle ha plikt til å stoppe gjennomføringa av handelen.
Fremdriftsplan og ferdigstillelse
Bygg A ( A og AH ) er forventa ferdigstilt andre kvartal 2025. Bygg B er forventa ferdigstilt årskifte 25/26 .
Forventa ferdigstilling er 18-20 måneder etter oppstart byggearbeider på aktuell blokk, men dette tidspunktet er førebels og ikke bindande, og utløyser ikkje dagmulkt.
Seljar skal skriftleg varsle kjøpar om når overtakelsesperioden begynner og slutter. Seinast 10 veker før ferdigstillelse av bustaden skal seljar gje kjøpar skriftleg melding om endeleg overtakelsesdato. Den endelege datoen er bindande og dagmulktsutløysende, og skal ligge innanfor overtakelsesperioden.
Seljar kan krevje overtaking inntil fire månader før den avtala fristen til å ha bustaden klar til overtaking. Seljar skal skriftleg varsle om dette minimum to månader før den nye overtakingstidspunktet. Det eksakte overtakingstidspunktet skal gjevast med minst 14 dagars skriftleg varsel. Det bereknast dagmulkt ut frå det nye overtakingstidspunktet.
Ved overtaking skal det ligge føre ferdigattest. I særskilte tilfelle kan seljar krevje overtaking mot mellombels bruksløyve. Dette kan vere aktuelt dersom det ikkje let seg gjere å ferdigstille utomhusareal grunna tele i bakken, at kommunen krev at alle bygg er ferdigstilt før ferdigattest blir gjeve og liknande.
Kjøpar pliktar i så tilfelle å overta på mellombels bruksløyve. I slike tilfelle har kjøpar krav på å halde attende ein forholdsmessig del av vederlaget til sikkerheit for at ferdigattest blir gjeve. Alternativt kan seljar stille §47 garanti som sikkerheit for dette høvet.
Seljar tek atterhald om å kunne stille slik garanti. Overtaking mot mellombels bruksløyve medfører at ein har teke over eigedomen og ikkje har krav på dagmulkt etter overtaking.
Ved overtaking vil kjøpar få tildelt FDV-dokumentasjon som syner kva material, produkt og fargeval som er nytta, og i tillegg adresselister med oversikt over kontaktpersonar/firma som er ansvarleg for dei forskjellige arbeid og vedlikehald.
Kjøkken
Kjøkkenet vert levert frå XL- Bygg AS på Halbrendsøyra. Kjøkkenet er frå Sigdal og standardmodellen i leveransen er Vidde som har slette frontar. Standardleveransen er Melamin der ein kan velje mellom 4 fargar, Kvit Snø, Korn (S2005-G20R), Lys grå (S-2500) og Granitt grå (S-7500).
Standard benkeplate er av laminat med avruda forkant. Benkeplata blir levert med nedfelt toppmontert stålkum og eittgreps blandebatteri.
Det blir levert følgjande integrerte kvitevarer frå Siemens: Oppvaskemaskin, komfyrtopp 60 cm, omn, kjøleskåp/frysar samt avtrekkeshette frå Røros .
Detaljerte kjøkkenteikningar får ein ved å kontakte meklar. Det blir tatt atterhald om eventuelle endringar etter detaljprosjektering av leilegheitene.
Kjøkken får fem innfelte LED-spottar i himlinga.
Leilegheiter med benevninga AH vil få ei anna kvitevareløysing tilpassa mindre leilegheiter.
Bad
Bad blir levert med servantskap på minimum 60 cm og spegel. Opptil 120 cm servantskap der plassen tillet det. Merke og modell blir avgjort i anbodsprosess med røyrleggar, men vil vere frå kjende leverandørar som til dømes Svedbergs eller Foss.
Dusjarmatur vert montert på vegg. Opplegg for vaskemaskin og tørketrommel vert som vist på salsteikningar. Alt sanitærutstyr, som servantbatteri, kjøkkenkran, dusjgarnityr, dusjhovud blir levert i god kvalitet.
Merke blir avgjort i anbodsprosess med røyrleggar, døme kan vere leverandørar som FM Mattsson eller Hansgrohe.
Fasade
Fasadeveggane blir i hovudsak utført med isolert bindingsverk. Enkelte fasadeveggar i første etasje blir utført i betong som er isolert inn- og/eller utvendig. Fasadekledning er ei blanding av treverk, fasadeplater og ev. andre vedlikehaldsvenlege materiale.
Ventilasjon
Det blir levert balansert ventilasjon med varmegjenvinning, og med eige aggregat for alle leilegheiter. Leilegheiter med nemninga AH kan få felles ventilasjon.
Dette blir bestemt i detaljprosjekteringa.
Ansvarlig megler
Tordis Russøy
Nyttige lenker
Beliggenhet
EiendomsMegler 1 Sogn og Fjordane
Annonseinformasjon
FINN-kode | 296882214 |
---|---|
Sist endret | 02. des. 2024 08:26 |
Referanse | 2000245001 |
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.