Bildegalleri
Berrvellene Trinn 2 - Nøkkelferdige, moderne leilegheiter | Mykje sol | Livsl...
Berrvellene Trinn 2 - Nøkkelferdige, moderne leilegheiter | Mykje sol | Livsløpsstandard | Sentralt | 2 seld!
Berrvellene 58, 6817 NaustdalPrisantydning fra
2 690 000 kr
Prisantydning til
5 460 000 kr
Prosjektets status
Planlegging
-
Salgsstart
-
Byggestart
-
Overtakelse
-
Nøkkelinfo
- Boligtype
- Leilighet
- Soverom
- 1 - 2
- Primærrom
- 36 - 81 m²
- Bruksareal
- 36 - 84 m²
- Eieform
- Eier (Selveier)
Fasiliteter
Enheter i prosjektet
Sorter etter
Beskrivelse
Staden
Bervelltunet har fokus på moderne leilegheiter, med god planløysingar og store vindaugsflater, som gir deg ein enklare kvardag.
Bu sentralt - i Bervelltunet har ein det meste innafor gangavstand. Både barnehage, helsetunet og skulen ligg rett ved. Det er kort veg til fotballbane/idrettsanlegg, matbutikk og alt anna i Naustdal. På fine sommardagar ruslar du bort til Sanden på under fem minutt, der du kan nyte sommaren slik den bør nytast: Med sand mellom tærne, sol i andletet og bølgjeskvulp i øyra. Eller du kan nyte den på din eigen terrasse, eller i fellesområda i tunet.
Drøymer ein om båtliv, er det kort vege til hamna i Naustdal. Om ein kjøper båtplass der er det ca 5 minutt å gå før ein er klar for fjorden.
Sjølv om du bur tett på sentrum, så må dei fleste av oss nytte bilen i blant. Den parkerer du i parkeringskjellaren, der alle bebuarane har sin plass. Det frigjev plass rundt tuna, slik at ein her har bilfrie, sosiale område der born og vaksne kan opphalde seg.
Tilkomst
Enkel tilkomst frå kommunal veg.
Innhald
Berrvelltunet vil ferdig utbygd bestå av totalt tre tun med samla 34 leilegheiter, med felles parkeringskjellar.
Kvart tun vil bestå av to bygg, eit på to etasjar og eit på tre. Dette er andre byggetrinn, og Tun B vil bestå av totalt 12 leilegheiter.
Standard
Leilegheitene vil ha kjøkken med eit tidlaust design, med kvite slette overflater og med demping på skuffer og skap. Laminert benkeplate. Kjøkkenet blir av kvalitetsmerka Aubo, Sigdal, HTH eller tilsvarande og blir levert med integrerte kvitevarer som steikeomn, platetopp, kjøl/frys, ventilator og oppvaskmaskin.
Bad med standard kvit baderomsinnredning med kvitt 80 cm servantskap med to skuffer, heildekkande vask, speilskap og ettgreps blandebatteri.
Badet vil bli levert med kvite baderomsplater på vegg frå fibo, i eit flismønster som etterliknar flis. Golv med gråe keramiske flisar i 20 x 20.
Leilegheitene har ekstra takhøgde i stove/kjøkken, noko som gir ei god romfølelse. Innvendige veggar blir levert med gips, og veggar og tak blir levert i fargen eggekvit, med unntak av bod kor det blir grunna kvit.
I stove/kjøkken, soverom, gang og bod blir det laminatgolv frå pergo laminatgolv L0323 Moderne grå eik plank ein stavs med 2 meter lange bord med trestruktur.
Kvar leilegheit vil få eigne terrassar/balkongar mellom 7,5 og 15 kvm. Platting/terrasse på mark vendt ut mot fellesareal vil ikkje ha rekkverk.
Det vert elles vist til leveranseskildring for ytterlegare detaljar.
Oppvarming
Vassboren golvvarme i stove/kjøkken og gang. Varmekablar på badet.
Balansert ventilasjon med varmegjennvinning.
Parkering/bod
Kvar leilegheit får tildelt parkering i felles garasjekjellar med unntak av B5 og B8 som får utvendig parkering. Det er tilrettelagt for ettermonterting av el-bil ladar i garasjeanlegget. Det er i tillegg utvendige gjesteparkeringar tilhøyrande sameiget.
Vidare får kvar leilegheit tildelt sportsbod i fellesarealet.
Byggjemåte
Viser til leveransebeskrivelse og romskjema som ligg vedlagt i prospektet.
Ved avvik mellom leveransebeskrivelse og prospekt gjeld leveransebeskrivinga.
Tomt
Tomt blir opparbeidd med asfalterte gang- og køyreareal og grøntareal med sådd plen.
Veg, vatn, kloakk
Offentleg vatn og avlaup via sameiget sine private stikkleidningar. Enkel tilkomst frå kommunal veg.
Eigarform tomt og areal
Eierform: Fellestomt
Eigarform bustad
Sjølveigarleilegheiter.
Areal opplysningar
Viser til prisliste og planteikningar når det gjeld arealopplysingar for kvar leilegheit.
Areal oppgitt i prospektet er gitt i bruksareal (BRA) som er leilegheita sine mål innvendig, medrekna innvendige boder og veggar, men er ikkje medrekna yttervegg.
I tillegg vert oppgitt P-rom som er leilegheita sitt BRA-areal fråtrekt innvendige boder og veggane til desse.
Då prosjektet ikkje er oppført, er oppgjevne areal vere basert på arkitekten sine arealutrekningar. Avvik kan førekomme. Sjå vedlagde planteikningar for meir opplysingar om areal i leilegheitene.
Det er tidleg i prosjektet og kjøpar må akseptere eit mindre vesentleg avvik i areal for bustaden. Dette gjeld også plassering av bygget i høve koordinat og høgde samt at det kan bli gjort endringar som følgje av pålegg i samband med byggjeløyve, optimalisering av sjakter, kanalar og fellesanlegg og liknande. Kjøpar kan ikkje krevje prisavslag/erstatning dersom det vert avvik i høve til det som er nemnd framfor her, men likevel slik at dette ikkje reduserer verdien på bustaden.
Sameige
Ingen kan direkte eller indirekte erverve meir enn to bustadseksjonar i eit bustadsameige jf. eigarseksjonslova § 23. Kjøpar er ansvarleg for at kjøpet ikkje er i strid med eigarseksjonslova . Dersom det har funne stad eit erverv som er i strid med reglane i eigarseksjonslova kan Kartverket nekte overskøyting. Dersom overskøyting blir nekta, er kjøpar likevel forplikta til å gjennomføre handelen med seljar og oppgjer til seljar vil finne stad trass i manglande overskøyting. In-blanco skøyte vert ikkje akseptert.
Sameige har legalpant for inntil 2G for dekking av ubetalte felleskostnader.
Seksjonering
Eigarseksjonane vil tilhøyre eit sameige. Seksjonsnummer vert bestemt i samband med seksjonering. Det er total 34 seksjonar i sameiga fordelt på 34 bustadseksjonar.
Kjøpar får skøyte på sin seksjon som inneheld eksklusiv bruks- og disposisjonsrett til eigen bustad. Kvar seksjon vil få ein sameigebrøk tilsvarande sitt areal i forhold til samla areal.
Vedtekter
Det er utarbeidd vedtekter for sameige, desse ligg vedlagt i salsoppgåva. Vedtektene vert gjeldande fram til sameigemøte evt. vedtek endring. For å endre vedtekter er det krav om 2/3 fleirtal.
Iflg, vedtektene skal overdraging og utleige av seksjon meldast styret for godkjenning. Godkjenning kan berre nektast når det ligg føre sakleg grunn til det.
Forretningsførar
Sameiget er allereie etablert og det er vald styre og forretningsførar for dei leilegheitene som allereie er ferdig.
Felleskostnader
Storleiken på felleskostnadene er ikkje fastsett, men stipulerte felleskostnader skal dekkje sameige sine ordinære driftskostnader. Kjøparane må rekne med å delta i felleskostander ut frå sameigebrøken. Kor store kostnadene blir, vil avhenge av kor mange ytingar sameiga rekvirerer. Felleskostnadane vil normalt dekkje forsikring på bygget og drift av fellesareal. Desse er stipulert til kr. 2.000,- til 2.500,- pr. mnd. Kommunale avgifter og eigedomskatt vert i tillegg fakturert direkte frå kommunen til den einskilde sameigar/seksjon. Endeleg fastsetting av første års driftsbudsjett og felleskostnader vert vedteke på sameige sitt konstituerande sameigemøte.
I trinn 1 dekker felleskostnadane tappevatn/golvvarme, garasje, internett/tv, felles byggforsikring, snømåking, drift- og vedlikehald.
Sameiget er ikkje til knytt sikringsordning for tap av felleskostnader. Sameigarane heftar for felleskostnader etter sameigebrøken sin. Herav heftar ein ikkje for andre sameigarar sine ubetalte fellesutgifter, men ein kan likviditetsmessig måtte legge ut for naudsynte kostnader som sameiget dreg på seg for å oppretthalde forsvarleg drift. Slike utlegg vil i så fall være sikra ved 1. prioritetspant i slik seksjon som tilhøyrer den som ikkje har betalt sin andel av fellesutgiftene.
Kommunale avgifter
Kommunale avgifter inngår ikkje som del av fellesutgifter og vert fakturert kvar enkelt seksjon.
Årleg abbonentsgebyr for 2022:
Vatn: Kr. 1.690,-
Avlaup: Kr. 1.963,-
Prisane er inkl. mva.
Seljar tar atterhald om eventuelle endringar på kommunale gebyr som tilknytingsavgift på vatn- og avlaup, samt byggesakgsgebyr hos kommunen. Per 2023 er tilknytingsagvifta kr. 7.500,- for vatn og kr. 7.500,- for avlaup. Byggesakgsgebyr ligg mellom kr. 870,- til kr. 3.480,-. Ved eventuell auke av desse gebyra kan seljar ta avgjerde om å fakturere heile eller delar av eventuell auke til kjøpar.
Eigedomsskatt
Nyoppførte bustader er friteke frå eigedomsskatt fram til 01.01, året etter overtaking.
Formueverdi
Formueverdien er førebels ikkje fastsett. Denne vert fastsett av Skatteetaten etter overtaking, og vil normalt vere 25-30% av første gangs kjøpesum. Ny eigar må pårekne ny formuesverdi med grunnlag i kjøpesum.
Ferdigstilling
Forventa ferdigstilling er 15 månader frå oppstart av betongarbeid. Kjøpar er uansett plikta å overta 4 veker etter at seljar har varsla om dato for at bustadane er ferdigstilt, sjølv om dette er tidlegare enn stipulert ferdigstilling. Ved overtaking skal det liggje føre ferdigattest. I særskilte tilfelle kan seljar krevje overtaking mot mellombels bruksløyve. Dette kan vere aktuelt dersom det ikkje let seg gjere å ferdigstille utomhus område grunna tele i bakken, at kommunen krev at alle bygg er ferdigstilt før ferdigattest vert gjeve og liknande. Kjøpar pliktar i så tilfelle å overta mot mellombels bruksløyve. I slike tilfelle har kjøpar krav på å halde attende ein forholdsmessig del av vederlaget til sikkerheit for at ferdigattest vert gjeve. Alternativt kan seljar stille §47 garanti som sikkerheit for dette høvet. Seljar tek
atterhald om å kunne stille slik garanti. Overtaking mot mellombels bruksløyve medfører at ein har teke over eigedomen og ikkje har krav på dagmulkt etter overtaking.
Ein gjer merksam på at eventuelle Covid-19 restriksjonar kan føre til forseinkingar. Slike forseinkingar vil ikkje gje grunnlag for prisavslag, erstatning eller liknande.
Ved overtaking vil kjøpar få tildelt FDV-dokumentasjon som syner kva material, produkt og fargeval som er nytta, og i tillegg adresselister med oversikt over kontaktpersonar/firma
som er ansvarleg for dei forskjellige arbeid og vedlikehald. Når seljar har oppheva atterhald teke i prospektet skal seljar fastetje ein overtakingsperiode som ikkje skal vere lenger enn 3 månader. Seljar skal skriftleg varsle kjøpar om når overtakingsperioden startar og sluttar. Seinast 10 veker før ferdigstilling av bustaden skal seljar gje kjøpar skriftleg melding om endeleg overtakingsdato. Den endelege datoen er bindande og
dagmulktutløysande, og skal ligge innanfor overtakingsperioden.
Ferdigstilling og overlevering av bustadene til bustadkjøparane vil kunne skje trinnvis. Delar av utomhusanlegget vil først bli ferdigstilt saman med dei bustadene som vert ferdigstilt sist. Med dette må interessentar rekne med at det vert byggje- og anleggsaktivitet innanfor det regulerte området med naturlege konsekvensar av dette i ei tid etter
at ein har teke over bustaden.
Ferdigattest / mellombels bruksløyve
Eigedomane skal overleverast mot ferdigattest. Dersom eigedomen vert overteken mot mellombels bruksløyve, pliktar seljar å framskaffe ferdigattest innan rimeleg tid og seinast før mellombels bruksløyve er gått ut på tid. Ved slik overtaking pliktar eigedomsmeklar å gjere kjøpar merksam på at det bør etablerast tilstrekkeleg sikkerheit for kjøpar sitt krav. Eigedomsmeklar skal deretter bistå partane med å etablere tilfredsstillande sikkerheit som ivaretar interesene til kjøpar.
Betalingsplan
10% ved underteikning av kontrakt
20% ved oppstart grunnarbeid
20% ved start av betongarbeid
40% ved tett hus
10 % ved overtaking
Endringsarbeid
Ved tilval og endringsarbeid gjer ein merksam på at kjøpar vil bli kalla inn til endringsmøte av utbyggjar/entreprenør, der kjøpar og entreprenør går gjennom leveransebeskrivinga. For endring av standard leveranse vert det skriven ein endringsavtale direkte mellom entreprenør og kjøpar.
Endringsarbeid er ei endring i bustaden som medfører endringar i teikningar eller teknisk underlag. Alle prosjektendringar må godkjennast av seljar. I tillegg må teikningar og teknisk underlag oppdaterast. Som ei følgje av dette kjem det til ein prosjekteringskostnad i tillegg til dei tinga endringane.
Kjøpar kan ikkje krevje endringar eller tilleggsarbeid som vil endre vederlaget med 15% eller meir, jamfør bustadoppføringslova §9. Vederlag for endringsavtalar vert krevd inn saman med sluttvederlaget.
Avbestillingskostnader:
Dersom kjøpar avbestiller heile eller deler av seljars yting, har seljar krav på erstatning for sitt økonomiske tap som følgje av avbestillinga, jfr. buofl. § 53. Dette vil blant anna omfatte meirkostnader som følgje av seljars meirarbeid i samband med avbestillinga og nytt sal, eventuelt tap på forteneste ved nytt sal, og anna tap/meirkostnader som følgje av utsett overtaking av bustaden. Vidaresal er ikkje å sjå på som avbestilling.
Lovverk
Handelen vert regulert av og gjennomførast etter bustadoppføringslova. Kontraktar vil bli utforma i etter bustadoppføringslova og føresetnadene ved kjøpet. Det blir ikkje nytta NS/NBR kontrakt, men kontraktsmal utarbeidd av NEF. Med mindre anna er avtala før aksept, vert det forutsett at eigedomen skal overskøytast til kjøpar. Det vert opplyst om at dersom leilegheita er kjøpt med meining på å ikkje ta over og bebu denne, herunder som eit vidaresalsobjekt vil videresalet regulerast av bustadoppføringslova. Herunder vil seljar måtte oppfylle vilkår i bustadoppføringslova ved evt. videresal. Konferer meklar for ytterlegare informasjon. Dersom kjøpar ikke er forbrukar vert bustaden seld etter følgjande reglar: Bustadoppføringslova sine reglar kjem i utgangspunktet ikkje til anvending ved denne transaksjonen. Partane er likevel enige om at Lov om avtalar med forbrukar om oppføring av ny bustad m.m. av 13.6.1997 nr. 43 Bustadoppføringslova kjem til anvending på kontraktsforholdet med slike unntak som teke inn i dette punktet. Bestemmelsane i bustadoppføringslova som ikkje er gjeldande mellom partane og såleis ikkje kan påberopast: -§§ 8, 12, 16, 18, 24, 31, 47, 49, 51, 52, 53 og 54. -Dersom andre paragrafar i bustadoppføringslova inneheld bestemmelsar om at de ovennemnde paragrafar kan påberopast, vil også slike bestemmelsar ikkje være gjeldande mellom partene.
Partane er einige om at kommunikasjon kan skje via e-post og at dette vert rekna som skriftleg kommunikasjon, jf. bufl § 6 a.
Kvitvasking
Etter lov om kvitvasking og terrorfinansiering pliktar meklar å gjennomføre kundekontroll ved å stadfeste identiteten til kunden, eventuelt reelle rettigheitshavarar, på bakgrunn av gyldig legitimasjon. Dersom slike kundetiltak ikkje let seg gjennomføre kan meklar ikkje etablere kundeforholdet eller utføre transaksjonen. På same måte pliktar meklar å gjennomføre kundekontroll på kjøpar.
Meklarføretaket har plikt til å melde ifrå til Økokrim om eigedomstransaksjonar som framstår som mistenkjelege. Slik melding vert sendt utan at partane vert varsla. Meklar kan også i enkelte tilfelle ha plikt til å stoppe gjennomføringa av handelen.
Garantiar
Seljar pliktar å stille bankgaranti til kjøpar i samsvar med Bustadoppføringslova §12. Denne garantien skal stillast umiddelbart etter bodaksept og skal tilsvare 3% av kontraktsummen i perioden fram til overtaking, og 5% av kontraktsummen i 5 år etter overtaking. Det skal ikkje betalast inn noko del av kjøpesummen før denne garantien er stilt.
Ved innbetaling av forskot stiller også utbyggar forskotsgaranti etter §47 tilsvarande dei til ei kvar tid innbetalte forskot fram til overtaking. Overføring av innbetalt forskot til meklar til seljar er avhengig av at seljar har stilt garanti i samsvar med bustadoppføringslova §47.
Finansiering
Meklar kan formidle kontakt med Sparebanken Sogn og Fjordane for rask avklaring av finansiering ved kjøp i prosjektet. Meklar mottek ikkje godtgjerdsle for dette.
Servituttar/rettar
Legalpant for inntil 2G for ubetalte utgifter. Etter lov om Eigarseksjonssameige, er sameigarane ansvarlege ovanfor sameiget sine kreditorar i forhold til sameigebrøken sin. Ved manglande betaling av fellesutgifter har sameiget lovbestemt pantesikkerheit i den enkelte eigarseksjon inntil 1 gang folketrygda sitt grunnbelaup. Det vil bli tinglyst seksjoneringsbegjæring.
Bustaden vert seld med tinglyste rettar og plikter. I tillegg kan seljar tinglyse bestemmelsar vedrørande sameige, naboforhold eller forhold pålagt av myndigheitene, herunder hefte som gjeld veg, vatn og avlaup samt legging og vedlikehold av ledninger til straum, kommunikasjon og liknande. Det må påreknast at enkelte erklæringar som er naudsynt for utbygginga, naboforhold m.m. kan bli tinglyst som pengehefte og at kjøpar sin bank kan få prioritet etter dette.
Regulering
Regulert til bustadføremål. Reguleringskart og reguleringsføresegner ligg vedlagt i salsoppgåva.
Overdraging / resal
Sal av kontraktsposisjon er berre tillate etter godkjenning frå seljar. Seljar kan utan nærmare grunngjeving nekte ei slik godkjenning. Ervervet vil etter slik godkjenning kunne tinglysast direkte til tredjemann, men seljar vil i høve til oppgjer og kontraktsvilkår elles berre halde seg til kjøpar. Ved eventuell transport/vidaresal av kjøpekontrakt før overtakinga vert det krevd eit gebyr stort kr. 35 000,- inkludert mva. Ny kjøpar vil vere bunden av eventuelle tingingar av tilval som er gjort av kjøpar. Transport av garantiar til ny kjøpar krev samtykkje frå garantist. Eventuelle gebyr for slik transport skal dekkjast av kjøpar.
Atterhald
Seljar tek atterhald om følgjande høve for gjennomføring av avtalen;
naudsynt offentleg godkjenning, tilstrekkeleg antal selde bustader og styrande organ hjå seljar har teke avgjerd om byggjestart. Så snart desse høva er avklara vil kjøpar motta skriftleg melding om utbyggingsarbeida vert igangsett. Ved igangsetjing av byggjearbeida
vil melding til kjøpar også innehalde opplysningar om planlagt tidspunkt/periode for overtaking.
Utbyggjar tek atterhald om minst 60 % av total salgsumfør utbyggjar skal kunne begynne på bygget. Søknad om igangsetjingsløyve vert ikkje fremja
før slikt tilstrekkeleg sal er oppnådd. Det vert vidare sett som føresetnad at det vert gjeve offentlege godkjenningar. Forskyvingar i forhold til opplysningar om anteke byggjestart/ferdigstilling og liknande som følgje av manglande avklaringar av atterhalda som er nemnde her, gir ikkje grunnlag for å gjere seljar ansvarleg for dagmulkt eller andre krav. Utbyggjar vil varsle kjøpar når bygginga vert igangsett (byggjestart). Arbeid med og på
eigedomen som vert gjort før slikt varsel ligg føre er ikkje å rekne som byggjestart i forhold til kontrakten.
Dersom ikkje vedtak om byggjestart er gjort innan 15 månadar frå skriftleg bodaksept mellom kjøpar og seljar, kan begge partar etter denne dato ved skriftleg varsel til den andre parten, gå frå avtala utan at det fører til noko form for kompensasjon for nokon av partane. Delinnbetaling/forskot vert betalt tilbake til kjøpar med tillegg av opptente renter. Etter faktisk igangsetjing kan ein ikkje gå frå avtala. Utbyggjar har likevel moglegheit til å starte byggjearbeida sjølv om kravet til førehandssal ikkje er innfridd. I slike tilfelle vil kjøpar motta ei skriftleg melding om at byggjearbeida er sett i gang.
Det vert teke atterhald om at det vert gjeve ramme- og igangsetjingsløyve for gjennomføringa av prosjektet.
Seljar tek atterhald om retten til å akseptere eller forkaste eitkvart bod/kjøpetilbod på fritt grunnlag. Eventuelle bod må gjevast inn på
meklar sitt standard bodskjema som vil bli nytta ved alle sal. Sjå bodskjema.
Det vert teke atterhald om endringar i prislista. Utbyggjar kan utan varsel justere prisar og vilkår i den vedlagde prislista, på uselde einingar. Utbyggjar har rett til å tildele parkeringsplassar og boder.
Bustaden vert levert i byggreingjort stand. Kjøpar må pårekne utvask etter innflytting.
I nye bygg vil det normalt oppstå svinnriss, sprekkar i tapet, maling og så vidare ved skøyter og samanføyingar, dels på grunn av uttørking av materialer. Det vert påkeika spesielt at sprekkar i materialovergangar og mellom tak og vegg og i hjørner ikkje kan bli forlanga utbetra, så lenge desse ikkje inneber avvik frå god handverksmessig standard. Med dagens tette bustader og miljøvennlege målingstypar kan det vere fare for heksesot inne i
bustadene. Alle bustader bør difor ventilerast godt den første vinteren/året, og ein bør vere forsiktig med gassbruk og levande lys innvendig.
Kjøpar er kjend med at utomhusarbeid, avhengig av årstid, vil kunne bli ferdigstilt og
overtakingsforretning for desse halde etter at forbrukaren har teke over bustaden.
Sal av kontraktsposisjon er berre tillate etter godkjenning frå seljar. Seljar kan utan nærmare grunngjeving nekte ei slik godkjenning. Ervervet vil etter slik godkjenning kunne tinglysast direkte til tredjemann, men seljar vil i høve til oppgjer og kontraktsvilkår elles berre halde seg til kjøpar. Ved eventuell transport/vidaresal av kjøpekontrakt før overtakinga vert det krevd eit gebyr stort kr. 35000,- inkludert mva. Ny kjøpar vil vere bunden av eventuelle tingingar av tilval som er gjort av kjøpar. Transport av garantiar til ny kjøpar
krev samtykkje frå garantist. Eventuelle gebyr for slik transport skal dekkjast av kjøpar.
Prosjektet er på eit tidleg stadie og kjøpar må akseptere eit mindre vesentleg avvik i areal for bustaden. Dette gjeld også plassering av bygget, høgde samt at det kan bli gjort endringar som følgje av pålegg i samband med byggjeløyvet, optimalisering av sjakter, kanalar og fellesanlegg og liknande. Kjøpar kan ikkje krevje prisavslag/erstatning dersom det skulle kome avvik i høve det framfornemde så sant dette ikkje forringar bustaden sin verdi.
Seljar kan gjere naudsynte og/eller hensiktsmessige endringar i spesifikasjonane, til dømes som følgje av offentlegrettslege krav, manglande tilgjengelegheit eller prisendringar, så lenge dette ikkje reduserer føresett standard på bustaden. Dette gjeld også for endringar/tilval. Slike endringar utgjer ikkje ein mangel, og gir ikkje
kjøpar rett til prisavslag eller andre sanksjonar.
Teikningar og illustrasjonar i prosjektet og teikningsmaterialet er kun av illustrativ karakter. Ved eventuelt avvik gjeld leveransebeskrivinga framfor prospektet og teikningar.
Innkassing av tekniske installasjonar som ikkje går fram av kontraktsteikningane kan førekome.
Seljar informerer om at det kan forekome, og kjøpar må akseptere, mindre endringar i forhold til arkitektteikningar og byggjebeskrivingar. Kjøpar pliktar likevel ikkje å akseptere endringar som reduserer verdien av bustaden.
Det er eit vilkår for oppgjer at eigedomen er seksjonert, at det ligg føre § 12 garanti, det ligg føre mellombels bruksløyve og at bustaden er skjøtt over samt at andre kontraktsforhold er avklara.
Den einskilde seksjonseigar disponerer og vedlikeheld utomhusarealet som naturleg ligg til sin seksjon.
Ved kjøp av eigarseksjon vert overtaking av fellesareal gjort med styret i sameiget.
Seljar leverer ikkje; innreiingar, lamper, andre lyskjelder/-utstyr, markiser/solavskjerming, tepper, møblar og anna tilhøyr, dersom dette ikkje går tydeleg fram av denne prosjektbeskrivinga.
Seljar tek atterhald om å heve kontrakten dersom kjøpar er i vesentleg misleghald, sjølv om kjøpar har fått overteke bruken av bustaden og/eller skøytet er tinglyst før kjøpar har oppfylt sine plikter etter kjøpekontrakten.
Ved besøk på byggjeplass før overtaking skal kundar alltid vere i følgje med ein representant for seljar.
All anna ferdsel på byggjeplassen i anleggsperioden er
med høg grad av risiko og er forbudt.
Kjøpar er kjend med at det vil føregå byggjeaktivitet over lenger tid. Dette kan i periodar medføre noko støy og endringar.
Bustaden kan nyttast til visingsbustad inntil overlevering.
Partane er einige om at kommunikasjon kan skje via e-post og at dette vert rekna som
skriftleg kommunikasjon, jf. bufl § 6 a.
Det vert gjort merksamt på at 3D og 2D-teikningar er illustrasjonar og at både uteareal og innvendig areal berre er illustrert og ikkje på nokon måte dannar grunnlaget for avtalen eller er bindande for seljar. Data som dannar grunnlaget for avtalen er leveransebeskriving som ligg vedlagt i salsoppgåva.
Eigedom
Berrvellene 58
6817 Naustdal
Nyttige lenker
Beliggenhet
EiendomsMegler 1 Sogn og Fjordane
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.