Bildegalleri

Illustrasjonsbilde hustype

Leilegheitsbygg med parkeringskjellar og heis

RYSTENE PANORAMA - Moderne nøkkelferdige bustadar med høg standard, stor balkong og flott utsikt

Kart med kartnålLeitebakken 3, 6155 Ørsta

Prisantydning fra

3 839 000 kr

Prisantydning til

4 703 000 kr

Totalpris fra

3 843 300 kr

Totalpris til

4 707 300 kr

  • Planlegging

    Ferdig

  • Salgsstart

    August 2023

  • Byggestart

    September 2023

  • Overtakelse

    Frå 4. kvartal 2024

Nøkkelinfo

Boligtype
Leilighet
Soverom
2 - 3
Internt bruksareal
78 - 93 m² (BRA-i)
Bruksareal
85 - 100 m²
Eksternt bruksareal
7 m² (BRA-e)
Balkong/Terrasse
17 m² (TBA)
Eieform
Eier (Selveier)
Energimerking
B

Les mer om bruksareal her

Fasiliteter

Heis
Gjesteparkering
Garasje/P-plass
Balkong/terrasse
Kabel-TV
Turterreng
Bredbåndstilknytning
Utsikt
Balansert ventilasjon
Lademulighet

Enheter i prosjektet

Sorter etter

Nedoverpil
EnhetEtasjeBRA-iSoveromTotalpris
11193 m²34 299 300 kr
12178 m²23 843 300 kr
13293 m²34 707 300 kr
14278 m²24 254 300 kr
15178 m²23 843 300 kr
16193 m²34 299 300 kr
17278 m²24 254 300 kr
18293 m²34 707 300 kr

Visning

Ta kontakt for å avtale visning.

Beskrivelse

Rystene Panorama ligg flott plassert i eit allereie etablert byggefelt, og har fantastisk panoramautsikt mot fjord, fjell og Ørsta sentrum.

Bustadfeltet har ein kombinasjon av bygningar med 2 til 10 bueiningar i kvar, og for fleire av bustadane er det lagt til rette for livsløpsstandard og husbankfinansiering. Det er opparbeidd tre leikeplassar i feltet, med leikeapparat og benkar. Området har også fine turmoglegheiter, med populære turmål som Ossetra, Oshornet ("Pølsa"), Dinglavatnet og Melshornet like ved.

Det er lagt vekt på at dette skal vere eit attraktivt bustadområde for alle, og det er kort veg til både barnehage og kollektivtransport. Haldeplassane "Rystene" og "Leitevegen" er næraste busshaldeplassar, men det er også regulert inn framtidig busslomme like ovanfor bustadfeltet.

Bustadane

Dette er eit moderne leilegheitsbygg som inneheld bustadar med gode kvalitetar og høg standard. Leilegheitene er på ca. 78 – 93 m2, har 2-3 soverom og livsløpsstandard. Bustadane har ekstra takhøgde og store vindusflater, som gir eit lyst og moderne preg. Frå stova er det skyvedør ut til eigen stor overbygd balkong med glassrekkverk. Bustaden har eigen parkeringsplass og sportsbod i parkeringsplan under bustadane. Herifrå går det heis og trapp til overbygt svalgang. På området er det tilgang til gjesteparkering og flotte leikeplassar, med leikeapparat og benkar.

Trykk på linken til den aktuelle seksjonen ovanfor for meir utfyllande opplysningar.

Nøkkelferdig standard

Våre bustadar vert levert med nøkkelferdig standard. Det vil seie at alt av arbeid med legging av parkett, maling og flisarbeid vert utført og er inkludert i prisen for bustaden. Du får då ein innflyttingsklar bustad med ekstra høg standard der du flyttar rett inn i den ferdige bustaden. Vel du ein av våre eksklusive visningsbustadar, kan du i tillegg overta vår møbelpakke etter avtale med seljar.

Bustadane vert leverte med flott kjøkken- og baderomsinnreiing med speilskap og belysning, frå kvalitetsleverandøren Sigdal. Vidare vert det på bad levert vegghengt toalett og varmekablar med termostat. Det er også inkludert belysningspakke, skyvedørsgarderobar med speil på alle soverom, samt innvendig kvalitetstrapp frå Stryntrappa for bustadar over fleire etasjar.

I vår nøkkelferdige standard kan i tillegg nemnast særskilt:

  • Eksklusiv kjøkkenløysing frå Sigdal, der frontar kan leverast i 15 valfrie fargevariantar. Kjøkkenet leverast med integrerte kvitevarer (kjøl/frys, induksjonstopp, steikeomn og oppvaskmaskin).
  • Bad leverast ferdig flislagt med 60x60 cm flis frå Modena på veggar og golv. Det kan fritt veljast mellom 5 fargevariantar som inngår i flisserien. Dusjhjørne/-dør med profilar i krom og klart glas, mosaikkflis på golv.
  • Sparkling for listefri utføring av tak og rundt vindauge for heile bustaden.
  • Malte veggar og tak i valfrie fargar, der soverom og stove i tillegg kan leverast med kontrastvegg.
  • 1-stavs eikeparkett av høg kvalitet levert på stove, kjøkken og soverom.
  • Bustaden vert levert med utført byggvask før overtaking.
  • Ingen byggelån, då betaling vert utført først ved overtaking og innflytting.


Om ønskeleg er det mogleg å påverke dei ulike vala og utføre personlege tilpassingar utover denne standard.

Fordelar med å kjøpe ny bustad

Det er mange fordelar med kjøp av ny bustad frå Norgeshus Din Bolig AS, i motsetning til kjøp av brukt bustad, og vi nemner spesielt:

  • Fast pris (ingen budrunder som gir auke i prisen).
  • Ingen byggelånsrenter (nøkkelferdig bustad vert betalt først ved overtaking av bustaden).
  • Lav dokumentavgift (2,5 % av tomteverdi, og ikkje dokumentavgift av heile kjøpesummen som ved kjøp av brukt bustad).
  • Ingen oppussing i nær framtid.
  • Lave kostnadar til oppvarming (nye bustadar har strengare krav til isolasjon og varmegjenvinning).
  • Fem års reklamasjonsrett på ny bustad.
  • Eitt-årsbefaring (grundig gjennomgang av bustaden etter ca. 1 år, for å avdekke ev. feil/manglar).
  • Eigne farge-/materialval (moglegheit til å sette sitt eige preg på bustaden).


Norgeshus Din Bolig AS er eit av regionen sine leiande selskap innan feltutbygging og sal av bustadar. Din Bolig AS representerer Norgeshus, og har selt bustadar til fornøgde kundar i over 25 år. Vi har i dag 2 salskontor; i Ørsta (hovudkontor) og på Eidsnes i Sula kommune. Dersom de ønskjer meir informasjon om våre løysingar eller prosjekt, ta kontakt med vår salsansvarleg.

Beliggenhet

Kart med kartnålLeitebakken 3, 6155 Ørsta

Annonseinformasjon

FINN-kode313405060
Sist endret08. nov. 2024 12:36
Referanse102-02 til 102-04

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.