Bildegalleri
Einebustader i rekke Nihusbakken - Skodje
Moderne og innhaldsrike einebustader i rekke med panoramautsikt - BUSTAD B1H3 KLAR TIL INNFLYTTING
Nihusbakken, 6260 SkodjePrisantydning fra
4 990 000 kr
Prisantydning til
5 690 000 kr
Kort om prosjektet
Moderne og innhaldsrike einebustadar i rekke med ei sjeldan flott plassering i det nye bustadfeltet Nihusbakken. Bustadane har funkisstil med reine linjer, og har eit moderne uttrykk både i fasade og interiør. Lun og solrik plassering, og ei fantastisk utsikt mot fjord og fjell.
Prosjektets status
Planlegging
Nye bustader under oppføring
Salgsstart
Salget er i gang
Byggestart
Bustadene er under bygging
Overtakelse
Etter avtale med kjøper
Nøkkelinfo
- Boligtype
- Rekkehus
- Soverom
- 3
- Bruksareal
- 113 m²
- Eieform
- Eier (Selveier)
- Energimerking
- B
Fasiliteter
Enheter i prosjektet
Sorter etter
Visning
Ta kontakt for å avtale visning.Beskrivelse
Det nye bustadfeltet Nihusbakken ligg i hjartet av Skodje med kort veg til sentrumsfunksjonane. Dette er ein av dei lunaste og mest solrike plassane på Skodje, og kan i tillegg by på ei fantastisk utsikt mot både fjord og fjell. Området ligg under fjellfoten der stien til Nihusen startar, og her er vi no i full gang med ei etterlengta utbygging der vi ønsker å skape eit godt bumiljø for alle.
Bygginga av einebustadane i rekke er godt i gang. Bustadane i første bygget (bygg 3) er selde, men her er framleis ledige bustader i dei to neste bygga (bygg 1 og bygg 2).
Bustadane har tiltalande fasadar med moderne uttrykk, og er svært innhaldsrike med fokus på det praktiske. Her er carport/utebod mellom kvar bustad, og med denne løysinga får alle sin eigen private bustad utan å vere heilt vegg i vegg med naboen. Inngangspartiet ligg på nordsida i hovudetasjen, og ved sidan av inngangspartiet er det direkte innkøyring til carport. I bakkant av carport ligg ei sportsbod, og her er vidare gjennomgang til balkongen på sørsida av bustaden. Alle har sitt private hageareal på framsida, og privat parkeringsareal på baksida.
I hovudetasjen er det stor stue med kjøkkendel, eit stort soverom, hall/trapperom og WC. Utgang frå stue til sørvendt balkong. I underetasjen er her to soverom, bad, vaskerom, gang/trapperom og to innvendige boder. I tillegg kjem den store utvendige boda som ligg under carporten, og som har tilkomst både utanfrå og frå innvendig bod i u.etg. Her får du altså meir oppbevaringsplass enn vanleg ved denne type bustad. Bustaden har eit innvendig bruksareal på 113,3 m², og bruksareal inkl. carport og boder er 166,1 m².
Plassering
Sentral plassering i det nye bustadfeltet Nihusbakken bak Skodje omsorgssenter. Bustadane ligg sørvendt på solrike tomter med utsikt i retning Skodjevika. Feltet har ferdig opparbeida leikeplassar med leikeapparat, benkar og sandkasse. Gangavstand til alle sentrumsfasilitetar som butikkar, barnehage, barne- og ungdomsskule, idrettsanlegg, kulturhus, omsorgssenter, legekontor, treningssenter, busstopp m.m. Flott turterreng, skiløyper, idrettsanlegg, golfbane m.m. i nærområdet.
Nihusbakken bustadfelt ligg svært landleg til, samtidig som det er sentralt og kort veg til det meste. Digerneset næringspark er berre nokre minutt unna med bil, og her er mange aktørar etablert, og stadig fleire kjem til. Køyretid til Moa 15 minutt, og til Ålesund sentrum 25 minutt.
Beskriving av leveransen
Bustadane vert levert klar til følgjande eigeninnsats:
- Sparkling/maling/tapetsering av gipsveggar og evt. gipshimlingar
- Membran, flis og flislegging av våtrom
- Golv og golvlegging i våtrom
Bustadane kan leverast heilt eller delvis klar for innflytting mot avtalt tillegg. Ta kontakt for informasjon og prisar. Kjøpar vil sjølv kunne velje standard på veggar og golv, og om ønskjeleg velje anna kjøkken- og baderomsinnreiing frå Kvik enn den som er med i leveransen.
Bygg 1
Hus 1 - solgt
Hus 2 - solgt
Hus 3 - kr 5 690 000,- (klar til innflytting)
Bygg 2 (ferdigstilling etter avtale)
Hus 1 - kr 5 190 000,-
Hus 2 - kr 4 990 000,-
Hus 3 - kr 5 190 000,-
Følgjande er med i standardleveransen:
- Kjøkkeninnreiing frå Kvik
- Baderomsinnreiing frå Kvik
- Skyvedørsgarderobe på dei to største soveromma
- Garderobeskap på minste soverom
- Varmekablar i golv på bad, WC og hall i 1. etg.
- Veggmontert toalett både på WC og bad
- Innvendig trapp type Fjord frå Stryntrappa med trinn i ask
- Kvitmalte massive innerdører type Swedoor Unique
- Balansert ventilasjon frå Villavent
- Rør i rør system
- Frostsikker utekrane i begge etasjar
- Platt ved inngangsparti støypt i betong
- Betongdekke i carport
- Asfaltert veg og parkeringsareal
Fordelar ved kjøp av heilt ny bustad
Det er mange fordelar med å kjøpe heilt ny bustad kontra det å kjøpe brukt, og berre tenk på den gode følelsen av å flytte inn i ein splitter ny bustad som ingen har budd i før deg.
- Alt er nytt, ikkje behov for oppussing på mange år
- Meir energieffektiv bustad, lave kostnader til oppvarming
- Lave kostnader til vedlikehald
- Moglegheit til å påverke utforming og innreiing
- Tidsriktig og praktisk bustad
- Eit sikrare kjøp, garantitid om feil oppstår
- Du slepp hektiske budrundar
- Du kan vurdere i fred og ro, og kjøpe til fast pris
- God tid til å førebu flytting
- Lave kjøpskostnadar ved kjøp av ny bustad. Dokumentavgift vert rekna av tomteverdi, ikkje heile kjøpesummen. Kr 23 335,- i staden for ca. kr 130 000,- ved kjøp av bustad i same prisklasse.
Diverse
Bygg 1 er planlagt ferdigstilt i mai/juni -24, og bygg 2 er planlagt ferdigstilt i løpet av hausten -24. Fiber vert lagt fram til bustadane, abonnement kan kjøpar bestille hos Tafjord Marked AS. Gebyr for tinglysing av skøyte kr 23 335,-. Elles ingen kjøpsomkostningar.
Bustadane vert bygd etter byggteknisk forskrift TEK17.
For meir informasjon eller visning ta kontakt med Jofrid Hatlehol tlf. 970 12 140.
Beliggenhet
Systemhus - Møre Hus Bustad AS
Jofrid Hatlehol
Møre Hus Bustad AS
Utbygger
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.