Bildegalleri

Fantastisk illustrasjon av leilegheit 3 oppe mot vest. Leilegheit 4 har samme løysning men med vindu mot aust ved kjøkkenbenk. Begge er solgt. BE OM PRIVAT VISING!

Smaleråsa - Nederst i Hogaåsen

Smaleråsa bustadfelt. 3 av 4 solgt i 1. byggesteg

Arkitektteikna leilegheiter og einebustadar i rekkje.

Kart med kartnålSmaleråsa, 6770 Nordfjordeid

Prisantydning fra

3 950 000 kr

Prisantydning til

5 400 000 kr

Totalpris fra

3 950 000 kr

Totalpris til

5 400 000 kr

Kort om prosjektet

NYHEIT ! God nyheit til deg som kunde og lånetaker ! På grunn av prosjektets høge kvalitet innanfor miljøvenlege løysningar har vi fått godkjent alle leilegheitene i husbanken. Les meir ned i annonsa kva dette betyr for deg. NB Ta kontakt for vising av den flotte utsiktstomta

  • Planlegging

    Prosjektet er salgsklart

  • Salgsstart

    Oktober

  • Byggestart

    Igangsatt leilegheit 1 til 4

  • Overtakelse

    Juli

Nøkkelinfo

Boligtype
Leilighet, Rekkehus
Soverom
2 - 4
Antall etasjer
2
Bruksareal
76 - 114 m²
Eieform
Eier (Selveier)

Les mer om bruksareal her

Fasiliteter

Gjesteparkering
Garasje/P-plass
Hage
Peis/ildsted
Balkong/terrasse
Turterreng
Bredbåndstilknytning
Utsikt
Sentralt
Balansert ventilasjon
Lademulighet

Utvalgte enheter

Bilde av utvalgt enhet

REKKJE - 5

Einebustad i rekkje leilegheit 5

Totalpris

5 400 000 kr

BRA

113 m²

2. etasje4 soverom

Bilde av utvalgt enhet

REKKJE - 6

Einebustad i rekkje leilegheit 6

Totalpris

5 300 000 kr

BRA

114 m²

2. etasje3 soverom

Bilde av utvalgt enhet

LEIL. 4

Firemannsbustad leilegheit 4 oppe med balkong og takhøgde

Totalpris

Solgt

BRA

78 m²

2. etasje3 soverom

Enheter i prosjektet

Sorter etter

Nedoverpil
EnhetEtasjeBRASoveromTotalpris
LEIL. 1176 m²23 950 000 kr
REKKJE - 52113 m²45 400 000 kr
REKKJE - 62114 m²35 300 000 kr
REKKJE - 72114 m²35 350 000 kr

Visning

Ta kontakt for å avtale visning.

Beskrivelse

Velkommen til Smaleråsa bustadfelt. Bu lettstelt og sentrumsnært i ein ny og moderne bustad.

Din Bustad skal byggje 11 lettstelte bustadar på ei solrik tomt med nydeleg utsikt utover Nordfjordeid. Her bur du roleg og sentrumsnært, utan gjennomgangstrafikk.

Din Bustad har igangsatt dei 4 fyrste leilegheitene med overlevering om lag Juli-25. Neste byggjetrinn er "einebustad i rekkje". Her planlegge vi oppstart tømmer våren-25

Nøkkelpunkt for område:

  • Gåavstand til sentrum
  • Gode parkeringsordningar
  • Blindgate
  • Solrikt
  • Tilkomst via Holten gjer at en unngår stigninga opp Myklebuståsen.
  • Gang og ridestien i umiddelbar nærheit som ledar deg til vårsætra, Fossane og mange andre turvegar.


Eit enklare liv i ny bustad.
Det er trygt og godt å kjøpe ein heilt ny bustad med oss. Du slepp å tenkje på større vedlikehaldsarbeid, oppussing og høge straumrekningar. I dei nye bustadene våre i Smaleråsa er alt enkelt, moderne og tilrettelagt. Dette er perfekte bustadar for deg som ynskjer å bu i eit roleg område med flott utsikt, samtidig som du får nærleiken til alle sentrumsfunksjonar som matbutikkar, legekontor, barnehagar, skular og servicetilbod.

Nøkkelpunkt i alle leilegheitene:

  • Gode planløysningar.
  • Eit moderne arkitektonisk uttrykk.
  • Store kjøkken frå kvalitetsbeviste Espe kjøkkenet.
  • Baderomsinnreiingar frå Espe.
  • Overbygde uteplassar.
  • Svart dempa farge på vindauger og ytterdører.
  • Balkongrekkverk i glass.
  • Eksteriør og interiørfargar valt i samråd med interørkonsulent og arkitekt.


I første trinn byggjer vi fire leilegheiter og i andre byggetrinn tre einebustader i rekkje. Alle bustadene får svært gode planløysingar med store kjøkken, og moderne vindaugsflater som strekkjer seg heilt frå golv til tak i stova. Gle deg til å sjå korleis den majestetiske utsikta utover Nordfjordeid blir som eit levande måleri i heimen din.

Her vil du flytte rett inn i eit heilt nytt og moderne hus i herlege omgjevnadar nær Nordfjordeid sentrum. Vi har valt bustadar som passar for alle, og du kan sjølv gjere innvendige tilpassingar for å sette ditt personlege preg på heimen din.
Ynskjer du eigne fargar, står Eid Malerservice klar til å hjelpe deg. Med Fargerike som leverandør av flisar og gulv, har du moglegheit å sjå utstilling av dei flotte produkta vi har valt til prosjektet.

Bustadene er plassert sørvendt i terrenget, på ei skrå tomt inst i ein blindveg. Her er det derfor ingen gjennomgangstrafikk. Bustadene framfor ligg lågare i terrenget, slik at ein ser godt over dei og kan nyte utsikta ned mot Nordfjordeid sentrum.

Bustadene varierer i storleik bruksareal frå 76 kvm. i firemannsbustad til 114 kvm. i einebustadane i rekkje. Areal til sportsbod og carport kjem i tillegg !

Bustadene har 2, 3 eller 4 soverom, eigen parkeringsplass og ei praktisk sportsbod for oppbevaring. Boda leveres med straum, stikk og lys.

Vi gjer dykk oppmerksam på at illustrasjonane ikkje er kontraktsdokument og innehalde element av oppgradering.

Meld deg som intressent og få tilsendt prospekt og komplett salsinformasjon eller ta kontakt med Vegard på 969 04 788.
Tomtevising etter avtale.

Nøkkelpunkt for type bustad

FIREMANNSBUSTAD LEILEGHEIT.

Nøkkelpunkt leilegheit 1 & 2:

  • Alt på ei flate med direkte tilkomst frå bakkeplanet.
  • Vassbåren varme
  • Overbygd uteplass tilknytt ferdig sådd plenområde.
  • Seperat bad og vask/bod
  • To romslege soverom.
  • Carport og sportsbod
  • Godkjent i husbanken (les eige avsnitt)


Nøkkelpunkt leilegheit 3 & 4: Begge solgt

  • Alt på ei flate
  • Særleg store kjøkken
  • Overbygd og romsleg balkong
  • 3 soverom
  • Særleg stor takhøgde i stova med panoramautsikt.
  • Carport og sportsbod
  • Godkjent i husbanken (les eige avsnitt)


EINEBUSTAD I REKKJE

Nøkkelpunkt bustad 5 & 7:

  • Endeleilegheiter over to plan.
  • Bad i begge etasjar med moglegheit til badekar nede.
  • Særleg store kjøkken
  • Store vaskerom
  • Overbygd og romsleg balkong
  • 3-4 soverom
  • Særleg stor takhøgde i stova med panoramautsikt.
  • Leilegheit 5 får vestvendt hageområde
  • Carport og sportsbod
  • Godkjent i husbanken


Nøkkelpunkt bustad 6:

  • 3 soverom + ekstra bod/trimrom/gjesterom til disponering etter behov.
  • Særleg stor og gjennomgåande takhøgde i stove/kjøkken med panoramautsikt.
  • Hovedbad i underetasjen med moglegheit til badekar og WC i 1. etasjen.
  • Særleg store kjøkken
  • Store vaskerom
  • Overbygd og romsleg balkong
  • Carport og sportsbod
  • Godkjent i husbanken

HUSBANK KVALITET-MILJØVENNLEGE LØYSNINGAR

Din Bustad er stolt av at prosjektets kvalitet og miljøfokus gjev oss godkjenning i husbanken. Dette er eit kvalitetstempel av prosjektet.

Dette gjev deg som kjøpar store økonomiske fordelar:

  • Flytande rente på 4,64 %
  • 5 års binda rente på 4,11%
  • 10 års binda rente på 3,99%
  • Inntil 8 års avdragsfrihet med spesielle vilkår
  • Inntil 30 års nedbetalingsperiode


*Rente er nominell og gjelder pr. 31.08.24. Effektiv rente vil vere 0,1-0,2 % høgare avhengig av lånets storleik og nedbetalingsvilkår.

Vegard eller Halfdan kan fortelje meir om dette om du melder di interesse

Beliggenhet

Kart med kartnålSmaleråsa, 6770 Nordfjordeid

Annonseinformasjon

FINN-kode322382919
Sist endret06. nov. 2024 19:34

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.