Bildegalleri

Velkomen til Vestlio 2, byggetrinn 1 - eit nytt prosjekt frå Odd Hansen Prosjekt as på Vestlivegen | Presentert av Elisabeth Nonås Fylkesnes i Aktiv Eiendomsmegling Illustrert bilete, avvik vil forekomme

VESTLIO

Vestlio 2 - Brotåsen rekkehus

VESTLIO | 4 nye og lekre rekkehus på Vestlio under oppføring | 1 selt| 3-4 soverom

Kart med kartnålBrotåsen, 5414 Stord

Prisantydning fra

1 437 000 kr

Prisantydning til

1 482 000 kr

Totalpris fra

4 813 032 kr

Totalpris til

4 963 032 kr

  • Planlegging

    2. kvartal 2023

  • Salgsstart

    I gang

  • Byggestart

    Desember 2023

  • Overtakelse

    2.kvartal 2025

Nøkkelinfo

Boligtype
Rekkehus
Soverom
3
Eieform
Andel

Les mer om bruksareal her

Fasiliteter

Garasje/P-plass
Hage
Balkong/terrasse
Turterreng
Utsikt

Enheter i prosjektet

Sorter etter

Nedoverpil

Visning

Ta kontakt for å avtale visning.Visningspåmelding

Beskrivelse

Drøymer du om ein ny bustad?
Første salstrinn i Vestlio 2 vil bestå av 11 flotte bustadar med gode planløysingar, god standard og ikkje minst herleg utsikt.
- 5 rekkehus og 6 leilegheiter (eiga annonse)
Du og dine får kort veg til servicetilbod og turløyper, samstundes er du omringa av nydeleg natur. Jo tidlegare i byggjeprosessen ein kjøper bustad, jo fleire endringar og tilval kan ein gjera slik at den nye heimen din er tilpassa akkurat dine behov

Bustadane er i ulike storleikar, men har føljande fellestrekk:
- Entré med vassboren varme.
- Open stove- og kjøkkenløysing med utgang til altan og med vassboren varme i golvet.
- Bad med fliser på golv og vegg i dusjssone, vassboren varme.
- Rekkehusa får 3-4 soverom.
- Eigen utvendig sportsbu på ca 5 kvm.
- Carport/overbygget inngang
- Terrasse med utgang frå stova.

Felles for alle bustadane i prosjektet er gjennomgåande gode kvalitetar, moderne løysingar og smakfull innreiing

Store vindauge og open romløysing
Alle bustadane har ei open stove og kjøkenløysing. Det er store vindaugsflater i front av kvar bustad, som gir både flott utsikt og godt med lysinnslepp.

Miljøbesparande, rimeleg og effektiv oppvarming
Alle bustadane har balansert ventilasjon med varmegjenvinning og vassboren varme i entré, stove, kjøken, bad og vaskerom/bu. Det blir listefritt mellom tak og gipsvegg, og kvitmalte golvlister langs golvet.

Romslege bad
Alle bustadane har romslege bad. Det vert eit bad i 2.etasje og eit kombinert vaskerom/bad i 1.etasje. Sjå prisliste og prospekt for komplett oversikt over bustadane.

God søvn med låge bukostnadar
Rekkehusa vil få 3-4 soverom, samt ei eigen TV-stove i 2. etasje. Sjå prislista og planteikning for komplett oversikt


Terrasse, uteområde og fellesareal
Alle bustadane har kvar sin terrasse. Bygget er vinkla slik at terrassane vert så usjenert som mogleg. Terrassane er på ca 14 kvm. Kvar leilegheit får parkeringsplass. Rekkehusa får carport ved eigen bustad.
Uteområdet og fellesareala vil bli opparbeida iht. utomhusplanen. Det kan bl.a nemnast at det blir ferdigplen og beplanting på fellesområde.

VERDT Å MERKE SEG
- Storslått utsikt og gode solforhold
- God planløysing
- Rekkehusa får 3-4 soverom
- Sentral plassering
- Kvitevarer inkludert
- Fastpris og ingen stressande bodrunde
- Låge omkostnader
- Burettslag med fellesgjeld
- Vassboren varme i entré, stove, kjøken, bad og vaskerom/bod

Prosjektet er utvikla og blir selt av Odd Hansen Prosjekt AS.

Beliggenhet

Vestlio er eit nytt bustadområde på Tyse, med gangavstand til næraste daglegvarebutikk Spar Haga, Hystad barneskule og Nordbygdo ungdomsskule.
Området byr på mange fritidstilbod med mellom anna Prestegardskogen, Prestegardskogen idrettsanlegg, golfbane og flotte turmoglegheiter både i området, Hystadmarkjo og ved Ådlandsvatnet. Det er kort veg til ridesenteret, enten ein er interessert i ridetilboda eller ynskjer å sjå på hestane.
Leirvik sentrum er ca. 4 km frå bustaden. Servicetilbodet på Leirvik er stort, og det kan mellom anna nemnast Amfi-senteret med over 35 butikkar, senteret Bytunet, TRIO-bygget og alle dei frittliggande butikkane. Her er noko for ein kvar smak.
Stord kulturhus er samlingspunktet for kulturlivet på Stord med framsyningar, konsertar og kulturskulen. I tillegg er det tilbod som bibliotek, symjing, kino, petanque-bane mm.


Det er kort veg til:
- Skule og barnehage
- Idrettsanlegg
- Turområde
- Daglegvarebutikkar
- Kollektivtilbod
- Fritidsaktiviteter

Prisinformasjon

Sjå vedlagt prisliste

Prisregulering:
Fast pris. Seljar står fritt til å endra prisane på uselde leilegheiter utan forutgåande varsel, når seljar finn dette hensiktsmessig.

Omkostninger

Dokumentavgifta vert berekna av tomteverdi.
Det er verdien på tomta på tinglysingstids punktet som vert lagt til grunn for avgiftsberekninga. Opplyst dokumentavgift er berekna ut frå dagens antatte tomteverdi. Det kan komme justering av dokumentavgifta, og det er kjøpar som er ansvarleg for mellomverande. Det vert tatt atterhald om endringar i offentlege avgifter og gebyrer. Som ein del av det samla vederlaget skal kjøpar i tillegg til kjøpesummen betala følgjande omkostnadar:
Dokumentavgifta er estimert til kr. 15.000,- pr. leilegheit. som utgjer 2,5 % av tomta sin salsverdi på tinglysingstidspunktet for den enkelte seksjon. P.t. er tomteverdien anteke å vera kr. 600.000,- pr. andel. Det vert tatt atterhald om endring i gebyrer, tomteverdien og dokumentavgift på tinglysingstidspunktet.

-Dokumentavgift 15.000,-
-Andelskapital kr. 5.000,-
-Etableringskostnad Bate kr. 2.000,-
-Tinglysingsgebyr for skøyte kr. 430,-
-Tinglysingsgebyr og attestgebyr for kvart pantedokument kr. 430,-
-Gebyr for pantattest kr. 172,-
-Omkostnadar totalt kr. 23.032,

Ferdigstillelse

Forventa framdrift frå ein startar byggjetida er 18 mnd. Sjå atterhald for å setje i gang bygging. Bustaden, med unntak av utom husareala, er planlagt å vera ferdigstilt i løpet av 2. kvartal 2025. Det er planlagt oppstart i løpet av 4. kvartal 2023. Dette er føreløpige anslag og utbyggjar søker å ferdigstilla prosjektet så raskt som mogleg.

Vestlio er eit utbyggingsområde som skal utviklast over fleire byggetrinn.
Byggetrinn 1 - 5 rekkehus og 6 leilegheiter
Byggetrinn 2 - 6 leilegheiter
Byggetrinn 3 - 6 leilegheiter

Beskrivelse av tomt

Stor fellestomt på 2.250 m².

Tomta vert opparbeida i samsvar med vedlagte utomhusplan, med dei krav som framgår av reguleringsføresegnene i forhold til opparbeiding av eventuelle gangveger, leikeplassar og grøntareal.

Det framgår av leveranseskildringen at:
Alle trafikkerte område som vegar og parkeringsområder vil få fast dekke som kombinasjon av asfalt og betongheller, dette gjelder også områder ved
utvendig bod og fram til inngangsdørene. Området utenom vil bli planert, raket og isådd plenfrø og områdene nærmast bygget vert beplanta med
ferdigplen. Det er også beplantning i fellesområde.

Sjå elles vedlagt leveranseskildring frå utbyggjar.
Tomta vert disponert av andelseigarane iht. Burettslagsvedtektene. Det er ikkje konsesjon eller odel på eigedommen.

Fullstendig ferdigstilling av fellesareal og utearealer kan ikke påregnes ut ført samtidig med innflytting. Den einskilde kjøpar overtek sin leilegheit og bruksretten til fellesareal samstundes, og hans reklamasjonsperiode for denne totalleveransen vert rekna frå og med overtaking.

Felles synfaring av fellesareal/uteareal er gjennom ført mellom entreprenør og styret i burettslaget, (så snart anlegget er ferdigstilt.)
Tomta vert opparbeida i samsvar med vedlagte utomhusplan, med de krav som framgår av reguleringsføresegnene i forhold til opparbeidelse av eventuelle gangstiar, leikeplassar og grøntareal.

Oppvarming

Balansert ventilasjon med varmegjenvinning.
Vassboren golvvarme i entré, bad, vaskerom og opphaldsrom. Sjå leveranseskildring for meir detaljar.

Generell orientering

Prosjektet er utvikla og blir selt av Odd Hansen Prosjekt AS.

Utbyggjar Odd Hansen:
Godt handverk er vårt livsverk
Etter over 30 år i bransjen har me i Odd
Hansen bygd mange kvalitetsbustadar på
Haugalandet og i Sunnhordland. Kjøper
du en bustad frå Odd Hansen, vel du
tryggleik, pålitelegskap og kvalitet.

Odd Hansen har med bygginga av store bustadprosjekt som Hatlandsåsen,
Smedasundet 1, Innseilingen, Beverskaret og Åkrasanden Atrium til no
realisert nærare 800 leilegheiter. Med Vestlio 2 gler både me og våre mange
samarbeidspartnarar oss til å endå ein gong levera arbeid til toppkarakter og
bevisa vår pålitlege gjennomføringsevne. Bygger Odd Hansen din leilegheit,
er du og dine i trygge handverkarhender og kan flytta inn i ny bustad med
låge skuldre og høge forventningar

Garasje/parkering

Rekkehusa får carport i tilknytting til eigen bustad

Organisasjonsform

Burettslag ei fordelaktig buform Kva vil det sei å bu i et burettslag - og kva kan du eigentleg hente på å velja eit burettslag framfor eit sameige? Den fyrste fordelen er at det er låg dokumentavgift til staten. Ved kjøp av nyoppført burettslag er det berre dokumentavgift av tomteverdien, og ikkje kjøpesummen. Kjøper du ein brukt bustad, utgjer dokumentavgifta normalt 2,5 prosent av kjøpesummen. For ein bustad verdt 4 millioner, vil det sei heile 100 000 kroner. Her er det mykje å spare.

Burettslag

Med burettslag er det meint eit samvirkeføretak som har til føremål å gi andelseigarane bruksrett til eigen bustad i føretakets eigedom (burett). Som eigar av ein burettslagsleilegheit så vert dette omtala som andelseigar.

Fellesgjeld er eit langsiktig lån som er tatt av burettslaget, med pant i burettslaget sin eigedom. Som andelseigar i eit buettslag betalar ein ned sin del av fellesgjeld gjennom dei månadlege felleskostnadane.

Burettslag har strengare reglar mtp. utleige iht. burettslagsloven. Om livssituasjonen gjer at ein har behov for å leiga ut, så er dette mogleg, men det er ikkje tiltenkt for dei som kjøper. Hovudregelen vedr. utleige er at ein må ha budd i bustaden sjølv i minimum 1 år.

Kven bestemmer i eit burettslag?
Generalforsamlinga er det øverste bestemmande styresmakene i burettslaget. Generalforsamlinga skal haldast innan utgangen av juni kvart år. Her velger ein eit styre, som skal har ansvar for drifta og forvaltninga av eigedommen, og det som skjer i den daglege drifta. Dette skal vera i tråd med både burettslagslova, vedtektene og andre beslutningar som generalforsamlinga har bestemt. Burettslaget har også ein kontaktperson hos forretningsførar som støttar og hjelp styret.

Forretningsførar for burettslaget er eit eksternt selskap som driv med utelukkande forlavting og utbygging av eigedommar.
I Vestlio 2 er det BATE boligbyggelag som vert forretningsførar. Som andelseigar mottek du ein faktura kvar mnd. for felleskostnader. Om ein lurer på fellesgjeld etc. er det forretnignsførar som har kontroll på dette. Forretningsførar bistår også burettslaget i påminning om roller som styret har, og gir påminning på det som likningsdetaljar og regnskap

BATE
Bate har over 75 års erfaring med bygging og forvalting av burettslag. Bate styre med å ivareta god økonomi og drift, og er ein engasjert rådgivar i spørsmål om alt frå branntryggleik til vedlikehald. Som medlemsorganisasjon er Bate ikkje bare opptatt av å levera attraktive tenester, men og å skape gode nabolag og trivelege bumiljø.

Mindre «gjennomtrekk»
Burettslag er også eit bra val for deg som ønsker eit godt og stabilt bumiljø. I burettslagsloven er det lovregulerte restriksjonar for utleige, som avgrensar utleige til maks 3 år. Det gjer bustadane mindre attraktive for investorar som kjøper for å leige ut, og ein får dermed mindre «gjennomtrekk» av naboar.

Fellesutgiftene rommar mykje
Fellesutgiftene i et burettslag er ofte høgare enn i sameige, og det er det gode grunnar til. Fellesgjelda utgjer den største forskjellen: Burettslag blir nemleg delvis finansiert gjennom innskot frå kjøparane og delvis gjennom felles lån for alle andelseigarane. Din andel av lånet inngår i fellesutgiftene dine. I tillegg inkluderer felleskostnadane kommunale avgifter og eigedomskatt, i tillegg til løpande kostnadar for vedlikehald, eventuelle vaktmeistertenester, tv, internett og andre goder.

Attraktiv fellesgjeldordning
Attraktiv fellesgjeldsordning, der ein fordelar kjøpe summen mellom innskudd og fellesgjeld. Det kan for mange bety at ein treng eit mindre personleg lån, og med vidaresal så følger fellesgjelda leilegheita og ikkje privatpersonen. Mange førstegangskjøparar opplever det som lettare å tre inn i bustadmarknaden når dei ikkje behøver å ta opp eit like stort personleg lån. For kjøparar som sel ein bustad dei eig frå før, kan fellesgjeldordninga gi større fleksibilitet. La oss til dømes sei at ein vil flytta frå eit hus verdt seks millionar til ei leilegheit verdt sju millionar. I eit burettslag vil innskotet typisk vera ein del lågare enn seks millionar kroner, og ein får dermed frigjort kapital. I eit sameige vil ein sjølv måtte skaffe til veie den ekstra millionen som ein del av finansieringa.
Smidigare vedlikehald
På lang sikt kan det være behov for oppgradering eller vedlikehald av bygningsmassen. Som burettslag er det enklare å ta opp lån for dette, då ein kan ta sikkerheit i bygget.

Her får du
- Godt bumiljø - dei fleste kjøper for å bu.
- Gunstig finansiering med 10 års avdragsfritak
- Handlingsfriheit - du bestemmer sjølv om du vil ha, eller nedbetale heile eller deler av fellesgjelda. Garantiordning knytt til inndriving av felleskostnader - lågare risiko for den enkelte bebuer.
- Moglegheit for utleige i inntil 3 år frå overtakelse eller dersom kjøper har bebudd leilegheita i eit av de to siste åra.
- Ingen dokumentavgift ved resal.

Stipulerte felleskostnader

Felleskostnader vil avhenge av kva tenester burettslaget ønsker utført i felles regi, og fordeles iht. vedtektene. Felleskostnadene første driftsår er stipulert til kr. 30,- pr kvm + TV/Fiberpakke frå Altibox på ca kr 399 kr/mnd. Det vert tatt atterhald om endringer i stipulerte fellesutgifter, då dette er basert på erfaringstal. Utbyggjar betalar felleskostnadar for uselde leilegheiter ved ferdigstilling. Det vert teke atterhald om endringar i stipulerte fellesutgifter, då dette er basert på erfaringstall for utbyggjer. Felleskostnader vil avhenge av kva tenester burettslaget ønsker utført i felles regi, og fordeles iht. vedtektene

Felleskostnadene til drift av borettslaget blir fastsatt basert på den enkelte andelens BRA

Lånebetingelser fellesgjeld

Spesifikasjon av lån - Handelsbanken
Lån: kr 34 087 500,-
(føresett at det utgjer 75% av verdien)
Rente: 5,99%
Nedbetalingstid: 40 år (10 år avdragsfritt)
Etablering: kr 10 000,-

Midlertidig brukstilatelse og ferdigattest

Mellombels bruksløyve/ferdigattest skal leverast til kjøpar ved overtaking. Det er ulovleg å ta leilegheita i bruk utan ferdigattest eller mellombels bruksløyve. Kjøpar har ingen plikt til å overta eller innbetale sluttoppgjer før minst mellombels bruksløyve føreligg.
Dersom kjøpar likevel vel å overta, er det ulovleg å bu i bustaden/ta bustaden i bruk (ein kan flytte inn møblar, men ikkje overnatte). Å bu i ei leilegheit utan bruksløyve kan medføra krav om utflytting og eventuelle bøter frå kommunen. Ved å velje å overta stopper eventuelle krav om dagbøter.

Adgang til utleie

Burettslagslova inneberer at du bl.a kan leige ut bustaden ved midlertidig behov for å flytte, til dømes i forbindelse med jobb eller utdanning i ein anna by. Det er viktig at styret og forretningsførar er opplyst om kven som bur i bustaden din. Derfor skal styret i burettslaget godkjenne utleigeperioden og leigetakaren. Dersom de generelle vilkåra er oppfylt, kan styret berre avvise utleiesøknaden din ved sakleg grunn, som til dømes at leigetakaren er ein person som burettslaget tidigare har hatt problem med. Seljar ønsker å praktisere ein liberal utleigepraksis iden perioden seljar er representert i styret i burettslaget. Styret vil derfor i denne perioden også kunne gi samtykke til å leige ut leilegheita i inntil 3 år frå overtaking. Utover dette er utleigeregulert av vedtektene.

Forbehold fra utbygger

Seljar tar atterhald om følgande:
- Endelig offentlig godkjenning av prosjektet.
- At det selges 60% av leilighetene. * Tilfredsstillende entrepriser
Når endelig offentleg godkjenning føreligg kan seljar sjølv velge å fråfalle atterhald om antall solgte einigar innan ovennevnte frist

Tilvalg og endringer

Tilval (Berre for leilegheiter seld etter buofl.)
Kjøpar har moglegheit til å få utført endrings- og tilleggsarbeider etter særskilt avtale. Alle endrings- eller tilleggsarbeider skal avtales skriftlig mellom partane og i avtalen skal det redgjerast for pris og ev. fristforlenging som følgje av endringane. Kjøpar sin rett til å få utført endrings- eller tilleggsarbeid er begrensa til 15 % av kjøpesummen. Kjøpar kan ikkje krevje å få utført endringar eller tilleggsarbeidar som ikkje står i samanheng med seljar sin yting, eller som vil medføra ulemper for seljar som ikkje står i forhold til kjøpar sin interesse i å krevje endringa eller tilleggsarbeidet.
Kjøpar kan endra spesifikasjonar for sin leilegheit gjennom prosjektets fastaste tilvalsrutinar.
Det er ein føresetnad at endringane er i samsvar med krava som er i gjeldande teknisk forskrift.
Partane kan krevje justering av det avtalte vederlag i henhold til bustadoppføringslovas regler om endringar og tilleggsarbeid, jf. bustadoppførings lova. § 9 og § 42. Seljar kan krevja tilleggsvederlag for nødvendige kostnader som kommer av forhold på kjøpars side.
Betaling for ev. endrings- og/eller tilleggsarbeider bestilt gjennom seljar vert fakturert direkte frå seljar når vedkommande endrings- og/eller tilleggsarbeid er utført.

Betalingsbetingelser

Betalingsvilkår
Kjøpesum samt omkostnadar skal betalast inn i sin heilheit ved ferdigstilling/overtakingsdato.
Ved eventuell forsinka betaling gjeld Lov om Forsinkelsesrenter av 17.12.1976 nr. 100.

Oppgjer
Med mindre anna er avtalt vert det føresett det at kjøpesum inkludert omkostninger er innbetalt og disponibelt på meglerforetakets klientkonto innan overtaking.
Seljar kan velja å stille garanti etter bustad oppføringslova § 47 som sikkerhet for forskuddsinnbetaling. Dette innebærer at utbyggjar kan disponera forskuddsinnbetalinga frå kjøper frå det tidspunkt garantien føreligg. Eventuelle renter av forskuddsbeløpet tilfaller kjøper frem til garanti er stilt og til selger etter at garantien er stilt. Dersom seljar ikkje vel å stille garanti vil forskuddsbetalingen bero på meklars klientkonto inntil skøyte er tinglyst på kjøper.
Betaling for ev. endrings- og/eller tilleggsarbeider vert bestilt direkte hos underleverandører og blir fakturert direkte frå underleverandør når vedkommende endrings- og/eller tilleggsarbeid er utført. Dersom forfall på faktura er forut for overtakelse, må seljar stille garanti i henhold til bustadoppføringslova § 47.
Før noen del av kjøpesum blir utbetalt seljar må heimel til leilegheita være overført kjøper, jf. bustadoppføringslova §46

Budgivning

Budgivning i forbrukerforhold
Budgivere oppfordres til å legge inn bud elektronisk. Dette gjøres på eiendommens hjemmeside på aktiv.no, ved å bruke «Gi bud»-knappen. Ved elektronisk budgivning, samtykker budgiver til elektronisk kommunikasjon. Eiendomsmegler skal legge til rette for en forsvarlig avvikling av budrunden og kan ikke videreformidle bud med en kortere akseptfrist enn kl. 12.00 første virkedag etter siste annonserte visning. Etter klokken 11:30 anbefaler vi akseptfrist på minimum 30 minutter. Bud bør legges inn i god tid før konkurrerende buds akseptfrist utløper. For øvrig henvises til forbrukerinformasjon om budgivning i salgsoppgaven. Oppdragsgiver er oppfordret til å ikke ta imot bud direkte fra budgiver, men å henvise budgiver videre til megler. Som kjøper vil du få forelagt kopi av budjournal. Alle bud vil bli gjort kjent for kjøper og selger i handelen. Øvrige budgivere kan be om å få en kopi av budjournal i anonymisert form.

Budgivning utenfor forbrukerforhold
Budgivere oppfordres til å legge inn bud elektronisk. Dette gjøres på eiendommens hjemmeside på aktiv.no, ved å bruke «Gi bud»-knappen. Ved elektronisk budgivning, samtykker budgiver til elektronisk kommunikasjon. Det anbefales at hvert bud har en akseptfrist som muliggjør en forsvarlig avvikling av budrunden. Vi anbefaler minimum 30 minutter akseptfrist. Oppdragsgiver er oppfordret til å ikke ta imot bud direkte fra budgiver, men å henvise budgiver videre til megler.

Opplysningene i salgsoppgaven er godkjent av selger. Alle interessenter oppfordres imidlertid til grundig besiktigelse av eiendommen, gjerne sammen med fagmann før bud inngis.

Beliggenhet

Kart med kartnålBrotåsen, 5414 Stord

Annonseinformasjon

FINN-kode330760894
Sist endret25. okt. 2024 08:36
Referanse1504235036

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.