Bildegalleri

Velkommen til byggjesteg III i Kinnvegen

Kinnvegen

Byggjesteg III - Heilt nye salsklare leilegheiter i Kinnvegen!

Kart med kartnålKinnvegen 55B, 6906 Florø

Prisantydning fra

3 450 000 kr

Prisantydning til

9 700 000 kr

Totalpris fra

3 453 350 kr

Totalpris til

9 707 000 kr

  • Planlegging

    Våren 2024

  • Salgsstart

    Sommer 2024

  • Byggestart

    2025

  • Overtakelse

    2026

Nøkkelinfo

Boligtype
Leilighet
Soverom
2 - 3
Internt bruksareal
157 m² (BRA-i)
Bruksareal
68 - 163 m²
Eksternt bruksareal
6 m² (BRA-e)
Balkong/Terrasse
13 m² (TBA)
Eieform
Eier (Selveier)

Les mer om bruksareal her

Visning

Ta kontakt for å avtale visning.Visningspåmelding

Beskrivelse

Kven ønsker vel ikkje å byggje nytt og ta sine egne val. No har du moglegheita! Byggetrinn III i Kinnvegen er salsklart. Byggjesteget består av 14 leilegheiter fordelt på 4 etasjar.
2 av leilegheitene er på heile 157 m2 + 2 store sørvestvendte balkongar på totalt 59 m2.
Her er det planlagt 2 parkeringsplassar til kvar av leilegheitene i u.etg.
Dei 12 andre leilegheitene er frå 62 - 73 m2. Alle har balkongar i ulike storleiker. 2 av desse leilegheitene har balkongar på 46 m2.
Alle leilegheitene har moglegheit for 1 parkeringsplass i u.etg.

Tilkomst til leilegheitene er via heis/trapp.

Tomta er sørvendt og solrik, med Storåsen som nærmaste nabo. Her er det rikt utval av turstiar, også med lys. Soldalen besøksgard ligg like ved. På garden er det moglegheit for gode opplevingar for liten og stor.

Det flotte friluftsområde og badestranda på Sørstrand ligg berre kort gangavstand unna. Det er barnehage i nærområde, og til sentrum er det ca. 1,5 km. Prosjektet er planlagt over 6 byggjesteg. Dette er tredje byggjesteg.

Det er satt av store uteopphaldsareal i prosjektet. Desse vert opparbeidd med m.a. ballbinge med kunstgras og leikeplass. Ballbinga vert opparbeidd ved 3. byggjesteg.

Innvendig er det romslege og funksjonelle løysingar med god standard. Det kan nemnast vassboren varme på kjøkken stove og gang. Varmekablar på bad.

Er du tidleg ute kan du sjølv vere med å velje ut dei innvendige kvalitetane som skal omgje deg når du flyttar inn.

Stadig fleire av oss ønskjer å bu enklere. Vi ønskjer å bruke mindre tid på maling, plenklipping og anna vedlikehald.

Storåsen Sør ønskjer deg velkommen til eit enklere liv der du i tillegg bur tett på naturen.

Det er fleire fordelar med å kjøpe nytt vi nemner blant anna:
- Låg dokumentavgift.ein betalar 2,5% dokumentavgift for tomteverdien, ikkje av heile kjøpesummen.
- Fast pris - ein unngår bodrundar noko som gir forutsigbar kjøpesum.
- Låge straumutgifter grunna høg byggteknisk standard (Tek-17).
- Du får vere med å sette ditt preg på di leilegheit i samråd med seljar. Tilpass leilegheita etter ditt behov
- Du unngår uforutsette utgifter på din eigedom i lengre tid
- Du kan nyte fritida utan og måtte tenke på vedlikehald
- Du set sjølv første stiften/skrua i veggen

Beliggenhet

Tilkomst til bustadane anten via heis eller innvendig trapp og svalgang

Garderobe-fasiliteter

Kvite skap leverast på soverom i hht. teikning. Skåp med slagdører, høgde 2100mm og 1m skåpbredde pr integrert soveplass. Det vert ikkje levert skåp i gang/entrè.

Generell orientering

Bustadblokka er på 4 etasjer med totalt 14 leilegheiter. Det blir 5 ulike leiligheiter. 1. og 2. etasje vert like. 3.etasje og 4.etasje vert like.

Garasje/parkering

1 parkeringsplass i garasjeanlegg pr leilegheit til kr 280.000. Det er satt av 2 parkeringsplassar til dei største leilegheitene, totalt kr 490.000,- pr leilegheit.
Eit begrensa ekstra antall plassar vert lagt ut for sal etter "første mann til mølla" prinsippet. Det vert avsatt plassar til handicapparkering i parkeringsanlegget.

Garasjeanlegget forutsettes å være kaldt.

Utvendig gjesteparkering skal ikkje nyttast som fast parkeringsplass.

Konstruksjon

Leveransebeskriving Kinnveien byggetrinn III:

Byggspesifikasjon
Denne spesifikasjonen er utarbeidd for å orientere om bygget sine viktigaste delemne og funksjonar. Det kan førekomme avvik mellom byggspesifikasjonane og planteikningane. I slike tilfelle er det byggspesifikasjonane som er retningsgivande. Enkelte illustrasjonar i teikningsmaterialet kan vise forhold som ikkje er i samsvar med leveranse, som møblering, kjøkken/badeinredningar, fargeval, dør-og vindaugsform, bygningsmessige detaljar, fellesareal, materialval, blomsterkassar, beplantning, fargesetting etc.

Vindaugsplassering i den enkelte leilegheit kan endrast som følgje av ma. den arkitektoniske utforminga av bygget. Det kan verte naudsynt med mindre innkassingar av tekniske installasjonar som ikkje går fram av planteikningane.

Leilegheitene vil bli oppretta som sjølveigarleiligheiter.

Prosjektet er byggjemeldt i samsvar med Plan og Bygningslova av 1985 med endring frå 2017.

Konstruksjon
Bygningane fundamenterast på undersprengt fjell/fylling. Gulv på grunn byggast med avretta armert betong på drenerande fukt-og varmeisolert underlag. Golv i parkeringskjellar asfalterast på drenerande masser.

Bygningen vert utført med bærekonstruksjon i betong og stål. Etasjeskilje utførast i betong/ holdekke. Eventuelle ståldragarar/ stålsøyler for understøttelse av etasjeskillere. Skiljeveggar mellom bueiningar er i betong i henhold til forskrifter. Enkelte andre veggar har overflate i betong, til dømes mot trapperom og heissjakt.

Røyrføringar vil bli skjult bak innkassingar og som heilt eller delvis nedfora platehimlingar, fortrinnsvis i entrè, bod, bad og over kjøkkenskap. Nemnde konstruksjonar vil bli overflatebehandla som ein del av overflata der konstruksjonen blir montert. Innkassingar er ikkje vist på prospektteikningar.

Innflytting/overtaking
Venta byggetid er ca 18 mnd etter oppstart av betongarbeid.
Overtakingsmånad vil bli varsla kjøpar innan oppstart betongarbeid. Kjøpar aksepterar at endeleg overtakingsdato vil bli varsla kjøpar seinast 10 veker før overlevering.
Kvar kjøpar vil innan 1 mnd etter overtaking få tildelt FDV-domumentasjon som syner material, produkt og i tillegg adresselister med oversikt over kontaktpersonar/firma som er ansvarlege for dei forskjellige arbeid og vedlikehald.

Avfallshåndtering
Det er eige avfallshus, som vist på teikning. På vestsiden av bygg nr. 5.

Atterhald
Alle opplysningar i denne spesifikasjonen er gitt med atterhald om rett til endringar som er hensiktsmessige og naudsynte, eller som følger av offentlige pålegg, utan at den generelle standarden vert forringa.

Bustaden vert levert i byggreingjort stand. Kjøpar må pårekne utvask etter innflytting.

Seljar leverer ikkje; innreiingar, lamper, andre lyskjelder/-utstyr, markiser/solavskjerming, tepper, møblar og anna tilhøyr, dersom dette ikkje går tydeleg fram av denne prosjektbeskrivinga.

Det vert gjort merksamt på at 3D og 2D-teikningar er illustrasjonar og at både uteareal og innvendig areal berre er illustrert og ikkje på nokon måte dannar grunnlaget for avtalen eller er bindande for seljar. Data som dannar grunnlaget for avtalen er leveransebeskriving datert 13.11.2023.

Balkonger/terrasser/uteplasser

Bærekonstruksjonen leverast som tre, betong eller stål. Søyler og dragere av limtre. Trebjelkelag med terassebord eller betongheller på terassegolv.
Balkongar er å sjå som utvendig konstruksjon, og mindre ansamlingar av vatn vil difor kunne oppstå på overflater og i renner etter regnver.


Innvendige veggar vert levert som bindingsverk med varierande tjukkleik og med stenderar i tre eller stål. Veggane vert levert med kostemåla overflate og synlege fuger, og alle innerveggar er isolert. Standard farge i alle rom er kvit.

Organisasjonsform

Sameige Kinnvegen Sør
Org. nr.: 827 256 862

Styreleiar: Kristine Nekkøy
Forretningsførar: Solvens AS

Prosjektet er planlagt med tilsaman 100 seksjonar, herav 99 bustadseksjonar og ei samleseksjon næring, fordelt på 6 bustadblokker. 27 seksjonar står ferdige. Dette er tredje byggesteg og er planlagt med 14 seksjoner.

Eigarseksjonane vil tilhøyre sameige.

Leilegheitene vert selde som sjølveigarleilegheiter og organisert som eigarseksjonssameige og følgjer lov om eigarseksjonar. Lova kan ein få ved å ta kontakt med meklar eller ved å gå inn på www.lovdata.no

Sameiget vert leia av eit styre som veljast mellom eigarane. Dette styret skal ivareta alle saker som er av felles interesse for sameigarane. Seljar vil på vegne av sameiget engasjere ein forretningsfører til å stå for drifta av sameiget innanfor dei rammane som sameiget vedtek. Ved kjøp av leilegheit i dette prosjektet vert kjøpar deleigar i dette sameiget.

Seljar vil syte for og dekkjer kostnadene ved reseksjonering. Kjøpar må samtykke i eventuell reseksjonering dersom det vert endringar i prosjektet.

Kjøpar får skøyte på sin seksjon som inneheld eksklusiv bruks- og disposisjonsrett til eigen bustad. Kvar seksjon vil få ein sameigebrøk tilsvarande sitt areal i forhold til samla areal.

Seljar tek atterhald om at reseksjoneringa vert godkjent av Kinn kommune. Kjøpar må godta samtykke til reseksjonering.

Ingen kan direkte eller indirekte erverve meir enn to bustadseksjonar i eit bustadsameige jf. eigarseksjonslova § 23. Dersom det har funne stad eit erverv som er i strid med reglane i eigarseksjonslova kan Kartverket nekte overskøyting. Dersom overskøyting blir nekta, er kjøpar likevel forplikta til å gjennomføre handelen med seljar og oppgjer til seljar vil finne stad trass i manglande overskøyting.

Sameige har legalpant for inntil 2G for dekking av ubetalte felleskostnader.

Betalingsbetingelser

10 % ved underteikning av kontrakt
90 % ved overtaking

Tomt

Uteoppholdsarealer vert opparbeidd og sådd. Den delen av utearealet som vert på toppen av parkeringskjeller vert belagt med membran og beleggningsstein/betongheller, og plen (Isolasjon påstøp). Interne gang- og kjøreveier opparbeidast med grus/ asfalt. Områder avsatt til felles leikeareal opparbeidas med grus/gras. Det vert ballbinge med kunstgras. Terrengmurar utførast i naturstein eller betong. Der det krevast sikringsgjerder monterast det flettverksgjerde eller gjerder i tre. Det vert grusa 0,5m ut frå grunnmur/ringmur rundt kvart hus.

Viser til situasjonsplan som syner utforming av terreng og beplantning. Utomhusplanen er meint å vere illustrativ og det kan difor bli enkelte justeringar som følgje av stedlige tilpassingar

Oppvarming

Varmekablar på bad. Vassboren golvvarme i stove, kjøkken, gang og bod. Det er montert NIBE 470 anlegg i alle leilegheiter som sørger for ventilasjon, varmtvatn og vassboren golvvarme

Energimerking

Oppvarmingskarakter Lys grønn - Energikarakter B

Sentrale lover

Bustadane vert selde i samsvar med lov om bustadoppføring av 13. juni 1997 nr. 43 (bustadoppføringslova). I tillegg gjeld lov om eigarseksjonar av 16. juni 2017 nr. 65 (eigarseksjonslova) for sameiga og drifta av dette.

Handelen vert regulert av og gjennomførast etter bustadoppføringslova. Kontraktar vil bli utforma i etter bustadoppføringslova og føresetnadene ved kjøpet. Det blir ikkje nytta NS/NBR kontrakt, men kontraktsmal utarbeidd av NEF. Med mindre anna er avtala før aksept, vert det forutsett at eigedomen skal overskøytast til kjøpar. Det vert opplyst om at dersom leilegheita er kjøpt med meining på å ikkje ta over og bebu denne, herunder som eit vidaresalsobjekt vil videresalet regulerast av bustadoppføringslova. Herunder vil seljar måtte oppfylle vilkår i bustadoppføringslova ved evt. videresal. Konferer meklar for ytterlegare informasjon. Dersom kjøpar ikke er forbrukar vert bustaden seld etter følgjande reglar: Bustadoppføringslova sine reglar kjem i utgangspunktet ikkje til anvending ved denne transaksjonen. Partane er likevel enige om at Lov om avtalar med forbrukar om oppføring av ny bustad m.m. av 13.6.1997 nr. 43 Bustadoppføringslova kjem til anvending på kontraktsforholdet med slike unntak som teke inn i dette punktet. Bestemmelsane i bustadoppføringslova som ikkje er gjeldande mellom partane og såleis ikkje kan påberopast: -§§ 8, 12, 16, 18, 24, 31, 47, 49, 51, 52, 53 og 54. -Dersom andre paragrafar i bustadoppføringslova inneheld bestemmelsar om at de ovennemnde paragrafar kan påberopast, vil også slike bestemmelsar ikkje være gjeldande mellom partene.

Vedtekter

Det er utarbeidd vedtekter for sameige, desse ligg vedlagt i salsoppgåva. Vedtektene vert gjeldande fram til sameigemøte evt. vedtek endring. For å endre vedtekter er det krav om 2/3 fleirtal.

Iflg, vedtektene skal overdraging og utleige av seksjon meldast styret for godkjenning. Godkjenning kan berre nektast når det ligg føre sakleg grunn til det.

Hvitvaskingsregelverk

Eigedomsmeklarar er underlagd lov om kvitvasking og pliktar å rapportere til Økokrim om mistenkelege transaksjonar. Lov om kvitvasking har og strenge reglar om kontroll av legitimasjon frå alle partar i handelen, med dette, seljar, kjøpar og fullmektigar for desse.

Diverse

Alle opplysningar i denne spesifikasjonen er gitt med atterhald om rett til endringar som er hensiktsmessige og naudsynte, eller som følger av offentlige pålegg, utan at den generelle standarden vert forringa.

Fremdriftsplan og ferdigstillelse

Forventa byggetid er ca 18 mnd etter oppstart betongarbeid.

Overtakingskvartal vil bli varsla kjøpar innan oppstart betongarbeid. Kjøpar aksepterer at endeleg overtakingsdato vil bli varsla kjøpar seinast 10 veker før overlevering.

Kjøpar er uansett plikta å overta 4 veker etter at seljar har varsla om dato for at bustadane er ferdigstilt, sjølv om dette er tidlegare enn stipulert ferdigstilling.

Ved overtaking skal det liggje føre ferdigattest. I særskilte tilfelle kan seljar krevje overtaking mot mellombels bruksløyve. Dette kan vere aktuelt dersom det ikkje let seg gjere å ferdigstille utomhus område grunna tele i bakken, at kommunen krev at alle bygg er ferdigstilt før ferdigattest vert gjeve og liknande. Kjøpar pliktar i så tilfelle å overta mot mellombels bruksløyve. I slike tilfelle har kjøpar krav på å halde attende ein forholdsmessig del av vederlaget til sikkerheit for at ferdigattest vert gjeve. Alternativt kan seljar stille §47 garanti som sikkerheit for dette høvet. Seljar tek atterhald om å kunne stille slik garanti. Overtaking mot mellombels bruksløyve medførar at ein har teke over eigedomen og ikkje har krav på dagmulkt etter overtaking.

Ved overtaking vil kjøpar få tildelt FDV-dokumentasjon som syner kva material, produkt og fargeval som er nytta, og i tillegg adresselister med oversikt over kontaktpersonar/firma som er ansvarleg for dei forskjellige arbeid og vedlikehald.

Ferdigstilling og overlevering av bustadene til bustadkjøparane vil kunne skje trinnvis. Delar av utomhusanlegget vil først bli ferdigstilt saman med dei bustadene som vert ferdigstilt sist. Med dette må interessentar rekne med at det vert byggje- og anleggsaktivitet innanfor det regulerte området med naturlege konsekvensar av dette i ei tid etter at ein har teke over bustaden.

Kjøkken

Kjøkkeninnreiing er teikna for kvar enkelt leilegheit og leverast av Sigdal eller tilsvarande. Alle skuffer og skap har demping. Overskap er teikna i høgde 1950 mm. Kvit MDF front i kvit "snø". Benkeplate laminat. Endeleg kjøkkenteikning vil bli teikna av leverandør og i denne prosessen kan det skje ei omfordeling av dei enkelte kjøkkenkomponentane. Eiga kjøkkenteikning for den enkelte leilegheit vert utarbeidd og overlevert på tilvalsmøtet med kvar einskild bustadkjøpar.

Bad

Bad leverast med flisar på golv. Som standard leverast flisar Rako Ekstra 30x30 cm. Grå fuger. Ferdigbehandla veggplate på vegg. Viser til leveransebeskrivelse frå Klima Experten AS.

Andre oppholdsrom

Standard innvendig behandling
Det vert vist til romskjema for generell behandling av innvendige overflater, samt standard produktbeskriving.

Veggane vert levert med kostemåla overflate og synlege fuger, og alle innerveggar er isolert. Standard farge i alle rom er kvit.

Listverk/foringer
Foringer og lister leverast kvitmåla. Synlege spikerhoder. Andre lister enn standard leverast mot pristillegg. Taklist mellom overgang tak/vegg. Golvlist 12x58 glatt, kvit trelist. Vindu/dørlist 12x58 glatt, kvit trelist. Vindusforingar i trevegg tilpassast, kvit.

Fasade

Fasaden består av kledning med glatte betongplater, pussa overflater, trekledning og cembrit plater eller tilsvarende.

Yttertak

Takkonstruksjon blir lettak eller betongdekke i henhold til teikning. Taket dimensjonerast i henhold til Norsk standard.

Takrenner/nedløp
Takrenner, bordtakbeslag og nedløp leveres i sort aluminium.

Ventilasjon

Det leveres balansert ventilasjon etter TEK 17, med varmegjenvinning i alle leilegheitar.

Ansvarlig megler

Greta Halvorsen

Beliggenhet

Kart med kartnålKinnvegen 55B, 6906 Florø

Annonseinformasjon

FINN-kode333326132
Sist endret04. nov. 2024 09:45
Referanse1000245001

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.