Bildegalleri
4-mannsbustad Haugen Eidsvika
Haugen Eidsvika - lekre og moderne leilegheiter med alt på ei flate - 2 LEDIG
6264 TennfjordPrisantydning fra
3 945 000 kr
Prisantydning til
4 285 000 kr
Kort om prosjektet
På ei lun og solrik tomt på Haugen i Eidsvika nærmar vi oss no ferdigstilling av denne flotte 4-mannsbustaden. Her har vi for sal to kjempefine, praktiske leilegheiter med alt på eit plan, og panoramautsikt mot fjord og fjell.
Prosjektets status
Planlegging
Ferdig planlagt
Salgsstart
Prosjektet ligg ute for salg
Byggestart
Bygget nærmar seg ferdigstilling
Overtakelse
Overtaking etter avtale med kjøpar
Nøkkelinfo
- Boligtype
- Leilighet
- Soverom
- 2
- Bruksareal
- 86 - 88 m²
- Eieform
- Eier (Selveier)
- Energimerking
- B
Fasiliteter
Enheter i prosjektet
Sorter etter
Enhet | BRA | Soverom | Totalpris |
---|---|---|---|
2 | 86 m² | 2 | 3 959 500 kr |
4 | 88 m² | 2 | 4 299 500 kr |
Visning
Ta kontakt for å avtale visning.Beskrivelse
Mellom blå fjord og grøne markar skal det byggast fire ny bustader med til saman 16 leilegheiter. Det nye bustadområdet Haugen ligg i tilknyting til eit allereie etablert bustadområde, og har flott utsikt mot nærområdet, fjella og Grytafjorden. Her er det solrikt og landleg, samtidig som det er kort avstand til det meste.
Byggearbeidet er snart ferdig på første bustaden, og her har vi for salg to kjempefine og praktiske leilegheiter med alt på eit plan. Leilegheitene inneheld stue/kjøkken, to soverom, entre/gang, bod og bad/vaskerom. Kvar leilegheit har ein parkeringsplass i carport, og separat sportsbod i carport.
Leilegheitene har utgang frå stue til balkong/terrasse. Balkongane til leilegheitene i 1. etasje vert bygd med tredekke og rekkverk. Terrassedekket er tett slik at leilegheitene i underetasjen får overbygg/tak over sin terrassedel.
Plassering
Bustadane har ei sentral plassering samtidig som dei ligg i eit fredeleg og veletablert bustadområde.
Med kort køyretid både til Digerneset (10 min.), Moa (20 min.), Ålesund sentrum via Ellingsøya (25 min.) og Brattvåg (13 min.) er Eidsvika sentralt for dei fleste. Gangavstand til barnehage, barneskule, ungdomsskule, butikkar, idrettsanlegg, Eidet kulturhall, omsorgssenter, legekontor, busstopp m.m. gjer Eidsvika til ein attraktiv stad å bu for svært mange.
Området er dei seinare åra utbygd med einebustader, småhus og lavblokker, og er ein del av eit lite lokalsamfunn med bustader for folk i alle livsfasar.
Naturen i området er eit eldorado for alle som er glade i å vere ute, her er mellom anna ei badestrand innerst i fjorden, flotte turstiar i nærområdet og sjøen som næraste nabo.
Beskriving av leveransen
- Leilegheitene vert levert klar til innflytting med god standard. Ta kontakt for nærare informasjon.
Følgjande er med i standardleveransen:
- Kjøkkeninnreiing
- Baderomsinnreiing
- Varme i golv på bad og ytre del av entrè
- Skyvedørsgarderobe med dører i klart speil i entrè
- Garderobeskap på soverom
- Balansert ventilasjon frå Villavent
- Luftventilert pipe
- Rør i rør system
- Frostsikker utekrane
- Ytterdør type Hovdeby frå Bygg1
- Platt ved inngangsparti støypt i betong
- Biloppstillingsplass i carport
- Sportsbod i bakkant av biloppsplass i carport
- Asfaltert veg og parkeringsareal
Fordelar ved kjøp av heilt ny leilegheit
Det er mange fordelar med å kjøpe ny leilegheit kontra det å kjøpe brukt, og tenk på den gode følelsen av å flytte inn i ei splitter ny leilegheit som ingen har budd i før.
- Alt er nytt, ikkje behov for oppussing på mange år
- Meir energieffektiv bustad, lave kostnader til oppvarming
- Lave kostnader til vedlikehald
- Moglegheit til å påverke utforming og innreiing
- Tidsriktig og praktisk bustad
- Eit sikrare kjøp, garantitid om feil oppstår
- Du slepp hektiske budrundar
- Du kan vurdere i fred og ro, og kjøpe til fast pris
- God tid til å førebu flytting
- Lave kjøpskostnadar, berre omkostningar til tinglysing av skøyte på kr 14 500,- kjem i tillegg
Diverse
Bygg 1 vert ferdigstilt i desember -24 / januar -25. Trearbeid på bygg 2 er no i gang, og interessa/salet vil så avgjere oppstarten på den vidare bygginga. Ved reservasjonar/sal vil vi prioritere å kome i gang så snart vi har kapasitet.
Fiber vert lagt fram til bustadane, abonnement kan kjøpar bestille hos Tafjord Marked AS. Gebyr for tinglysing av skøyte kjem i tillegg med kr 14 585, elles ingen kostnadar i samband med kjøpet.
Bustadane vert bygd etter byggteknisk forskrift (TEK 17).
For meir informasjon ta kontakt med Jofrid Hatlehol, tlf. 970 12 140.
Beliggenhet
Systemhus - Møre Hus Bustad AS
Jofrid Hatlehol
Møre Hus Bustad AS
Utbygger
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.